Her finn du ei liste frå arrangement vi har hatt i Nynorskens hus (henta frå førre heimeside)

Dagsnytt Ørten

Dagsnytt Ørten er satirisk nyheitsteater, og denne månaden gjestar den Nynorskens hus !  Med sketsjar og songar frå nyheitssaker skal det bli underhalding og overraskingar, og som ekstra bonus byr Dagsnytt Ørten og Nynorskens hus  opp til after-dans med ein særeigen blanding av folkemusikk og afrobeats! Morosamt for aldersgruppa 12 til 100, men absolutt alle er velkomen!

Gratis inngang og servering.

Dagsnytt Ørten er eit samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og Nordic Black Theatre.

Satire, felespill og afrobeats!

Introduserar:DJ Fethawit Hakin og Felespiller Torfinn Hofstad 

Ensemble: Ali Djabbary, Emir Mulaosmanovic, Anna Kompelien, Hanne T. Asheim

Konsept: Ranveig Thon Bjørnestad og Oda Radoor

The Banisher of Thought: Filmvisning og trippelkonsert

Dokumentarfilm, samtidsmusikk og fortidsmusikk i ein einaste klingande kveld. Fire sterke og høgst ulike kunstnarar gjev deg døme på arbeid som byggjer på overtonane.
Med Andreas Daugstad Leonardsen, Torgeir Vassvik, Sheriffs of Nothingness og Kenneth Lien.

Høyr; kva er det som lét så underleg kjend og underleg framand, så søtt og så skrekkeleg?

Store Norske Leksikon, definisjon:
«Overtoner, aliquottoner, de individuelle sinustoner som klinger med ved naturlig frembringelse av en enkelt tone ved hjelp av stemme eller instrument. I stedet for grunntone og overtoner kan man tale om partialtoner eller deltoner med grunntonen regnet som første partialtone (deltone).»

Men meir enn dette: I alt vi kan høyre. I all slags sus og dåm. I fossebrus. I tusen knastrande bildekk sine møte med asfalten. I plystrande strømstrenger, i fallande snø, og i stemma som er di og mi.
Overtonar: Kom til fossen. Sett deg, lytt! Så mange songar, alle på ein gong. Finst vel ikkje betre læremeister enn fossegrimen?

«The Banisher of Thought» er Andreas Daugstad Leonardsen sin eksperimentelle dokumentarkortfilm om ei gløymd arv. Gjennom ei meditativ reise frå isolerte norske dalar til Indias Tar-ørken, utforskar han ein tidlaus og løynd vev av munnharpemusikk som gjev menneske frå heile verda eit slektskap. Ein film om å sjå på det vi overser, til det vert omskapa og opnar seg. Ei løynd verkelegheit síg ut. Filmen inngår mellom anna i programmet til Kortfilmfestivalen i Grimstad, og Hong Kong Arthouse Film Festival.

Torgeir Vassvik om seg sjølv: « I am a Coastal Sámi artist and my soundscapes mirror this landscape, I have an innovative music project where the unique Sámi Joik is the foundation of the unfolding experience. Undoubtedly, Joik comes from ritual practice. Animism is the core in Sámi culture. My music is a fortunate combination of elements from East and West.»

Med ei seig og groovy tolkning av gamle slåttar vann Kenneth Lien klassa for munnharpe under Landskappleiken i 2015. Han er multi-instrumentalist og biletkunstnar, og er sermerkt ved ei insistering på å utforske det tidlause, det stadlause og det suggererande i spelet sitt. I kveld speler han langeleik og munnharpe.

Sheriffs of Nothingness er ein strykarduo som består av Kari Rønnekleiv og Ole Henrik Moe, som saman og kvar for seg lenge har gjort seg bemerka innafor nymusikken. Saman vann dei Spelemannsprisen for beste samtidsmusikkalbum i 2007. På fiolin og bratsj byggjer dei ein tett og intrikat vev av klanglege teksturar, og med eit bein i leiken og det andre i djupet der all musikk kjem frå, står dei støtt planta som nokre av landets fremste utøvarar av samtidsmusikk.

Vel møtt!
Programmet byrjar presis.

Inngang: 100 kr
Student/honnør: 50 kr

Bergmannen med 6 unge og Bjørn Sundquist på NRK

Bethine, Hafeeza, Manan, Emine, Hermine og Vetle frå Den mangfaldige scenen framførte 11. og 16. februar Bergmannen av Henrik Ibsen, for første gong omsatt til nynorsk. Regi ved Bjørn Sundquist.

Sjå oppslag som blei sendt på NRK super

» En fryd å jobbe med barn! Teater og lek hører sammen, og leken er en forutsetning for dem. De er naturlige – som også betyr at de nekter å skape seg.  Ærlige i uttrykket. Og de forstår den uutgrunnelige Ibsen umiddelbart: livet er sånn, bare. Han som leter etter svarene på det store mysteriet, det er det vi alle holder på med! Og vi må bare fortsette. Lete etter edelsteinene inne i det mørke fjellet.»  Bjørn Sundquist etter arbeidet med barna i Den mangfaldige scenen

Bergmannen blei første gong framført i eit program saman med Beethoven opus 18 nr 1 (siste sats) saman med  Alegrarkvartetten  Programmet var ein del av Oslo Quartet Series  Ibsen møter Beethoven med Sundquist og Engegårdkvartetten  Terje Vigen og Opus 132

Prosjektet er eit samarbeid med Oslo Quartet Series og Bjørn Sundquist og Engegårdkvartetten

Det norske jentekor

Med Studiokoret og Rekruttgruppa

Dirigent: Anne Karin Sundal-Asl

Piano: Jan Fredrik Heyerdahl

Schumann på 1 2 3 Ein minifestival – Engegårdkvartetten med venner

Schumann på 1 2 3 blir ei langhelg vigd Schumann på Nynorskens hus. Engegårdkvartetten delar sin kjærleik for Schumann med Isa Katharina Gericke, Håvard Gimse, Nils Anders Mortensen og dykk. Schumann er ein spanande komponist frå den romantiske epoken. Musikken hans var ikkje så kjend medan han levde, men han er i dag blitt ein av den tyske romantikkens absolutte frontfigurar. I tillegg til å vere komponist var han også ein gåverik skribent som grunnla sitt eige musikktidsskrift; Neue Zeitschrift für Musik.

Med Schumann på 1 2 3 lanserer Engegårdkvartetten eit nytt kulturtilbod i Oslo; skreddarsydd for eit publikum som ønskjer å utvide horisonten sin og bli ekstra godt kjende med éin komponist. Her presenterer vi blant anna Schumanns tre strykekvartettar, hans klaverkvartett og klaverkvintett, songsyklusen «Frauen Lieben und Leben» og «Kinderscenen.» I tillegg freistar uformelle kafékonsertane våre med lettare repertoar nye publikummarar. På Schumann på 1 2 3 får vi også oppleve eit musikarpanel der utøvarane fortell om Schumann, diktaren som inspirerte han og om tilhøvet mellom kunst og vitskap. Vi vil i tillegg få oppleve ei unik gjendikting av Goethes Faust.

Engegårdkvartetten har valt å presentere Schumann på 1 2 3 på Nynorskens hus på grunn av ypparlege akustikk, gode stemning og ideelle storleik for kammermusikk. Med perfekt plassering midt i byen, med både kafear og barar  opne under heile festivalen, ligg alt til rette for mange musikalske gledestunder.

Hjarteleg velkommen!

Les meir om artistane

Program

Opplev heile festivalen med festivalpass for berre 600 kroner. For A-kort/scenekort 500 kroner

Barn, unge og studentar kjem gratis inn om det er ledig plass

 

Fredag 14. oktober 2016 

Kl.18.00: Opning av Schumann på 1 2 3

Opningstale

Byråd for kultur, idrett og frivillighet Rina Mariann Hansen

Introduksjon til Schumann på 123

Musikarpanelet: Isa Katharina Gericke, Håvard Gimse og Juliet Jopling

Träumerei

Schumanns Råd til unge musikarar

Nordberg strykeorkester barnekvartett: Torje Gunvaldsen Råbu, Milla Jopling Engegård, Eira Engen Scheinert og Owen Sørbye Davis

Den mangfaldige scenen: Deniz Kaya og Adanne Lin-ji

Tileigning frå Goethes Faust

Oversetjing: Halldis Moren Vesaas

Gjertrud Jynge

Gratis inngang

Kl. 19.30: Kveldskonsert «Schumann 1»

Strykekvartett opus 41 nr. 1 i a-moll med Engegårdkvartetten

Songsyklus «Frauen lieben und leben» opus 42 med Isa Katharina Gericke og Håvard Gimse

Fiolinsonata nr. 2 i d-moll opus 121 med Arvid Engegård og Nils Anders Mortensen

Billettar: 250 kroner (studentar og barn gratis)

 

Laurdag 15. oktober 2016

Kl. 12.00: Kafekonsert

Soldiers March, Träumerei og Knecht Ruprecht Frå Suite arr. Jack Jarrett frå Album for dei unge, Op. 68 og Scener frå barndom, Op. 15

Schumanns Råd til unge musikarar

Nordberg Strykeorkester ”Barneorkester”, dirigent Arvid Engegård og Den mangfaldige scenen, regi Kai Johnsen

Märchenbilete opus 113 med Juliet Jopling og Nils Anders Mortensen

Fantasistykke opus 73 med Jan Clemens Carlsen og Håvard Gimse

Songar med Isa Katharina Gericke og Nils Anders Mortensen

Billettar: 150 kroner (studentar og barn gratis)

 

Kl. 13.30: Musikarpanelet Juliet, Isa og Håvard om ”Florestan og Eusebius”, Schumanns alteregoar

Utdrag frå Davidsbündlertänze opus 6

Utdrag av Zeitschrift for Neue Musikk ved Gjertrud Jynge

Billettar: 50 kroner (studentar og barn gratis)

 

Kl. 15.00: Ettermiddagskonsert «Schumann 2»

Strykekvartett opus 41 nr. 2 i F-dur med Engegårdkvartetten

Faschingsschwank aus Wien opus 26 med Nils Anders Mortensen

PAUSE

Klaverkvintett opus 44 i Es-dur med Engegårdkvartetten og Håvard Gimse

Billettar: 250 kroner (studentar og barn gratis)

 

Søndag 16. oktober 2016

Kl. 16.30: Ettermiddagskaffe

Little Song og Wild Horseman

Frå Suite arr. Jack Jarrett frå Album for de unge, Op. 68 og Scener fra Barndom, Op. 15 Dikt av J. W. Göethe og H. Heine

Nordberg Strykeorkester «Ungdomsorkester», dirigent Arvid Engegård  og Den mangfaldige scenen, regi Kai Johnsen

Schumann Fiolin sonata nr. 1 i a-moll opus 105 med Alex Robson og Håvard Gimse

Klaverkvartett i Es-dur opus 47 med Arvid Engegård, Juliet Jopling, Jan Clemens Carlsen og Nils Anders Mortensen

Billettar: 150 kroner (studentar og barn gratis)

 

Kl. 18.00: ”Englane snakkar i musikk, åndane i poesi”

Utdrag frå Faust, gjendikta av Jon Fosse.

Med Gjertrud Jynge, Nils Anders Mortensen, Engegårdkvartetten og Den mangfaldige scenen, regi Gjertrud Jynge/Kai Johnsen

Billettar: 150 kroner (studentar og barn gratis)

 

Kl. 19.30 Kveldskonsert «Schumann 3»

Kinderszenen opus 15 med Håvard Gimse

Eit utvalg av lieder med Isa Katharina Gericke og Nils Anders Mortensen

PAUSE

Strykekvartett opus 41 nr. 3 i A-dur med Engegårdkvartetten

Billettar: 250 kroner (studentar og barn gratis)

 

Frå pressekonferansen 15.2 Nils Gaup med ny film om Aksel Waldemar Johannessen

Frå pressekonferansen

Tre dagar etter premieren på filmen “Birkebeinerne” presenterte regissør Nils Gaup det neste filmprosjektet sitt; forteljinga om Aksel Waldemar Johannessen

Øvrige deltakarar  Morten Krogvold, Haakon Mehren, Tor Obrestad, Øyvind Storm Bjerke presentert  dramaet frå norsk kulturhistorie som dannar bakteppet for Nils Gaup sitt neste filmprosjekt.

Høyr NRK P2 Kulturhuset frå pressekonferansen

Sjå God morgon Norge

Les omtale i

Dagbladet

Klassekampen

Dagsavisen

Les Haakon Mehren sitt innlegg

Om Aksel Waldemar Johannessen

Sjå opptak av heile pressekonferansen

Den mangfaldige scenen og Pavlovs tispe ei gåve til dansk børne- og ungdomsteater

Formanden for Projekstøtteudvalget for scenekunst i Danmark Ditte Maria Bjerg udtaler: 

«Projektstøtteudvalget for scenekunst i Danmark har som eet af sine fokusområder at fremme mangfoldighed.

Udvalget har derfor besluttet at give en gave til dansk børneteater.

Gaven er inspiration fra Norge, nemlig dels ungdoms forestillingen Pavlovs Tæve, der handler om hvordan vi ser hinanden, om sprog og magt, og om hvordan hverdagen former vores identitet. Og dels en efterfølgende talk med Camara Joof og Liv Hege Skagestad fra Den mangfaldiga scenen i Oslo på Aprilfestivalen på Frederiksberg. Udvalget er overbevist om at Den mangfaldiga scenens erfaringer og arbejdsmetoder i forhold til børn og unge med minoritetsbaggrund kan befrugte og inspirere dansk børneteater.http://www.kunst.dk/fileadmin/_kunst2011/user_upload/Billeder/Logoer/Kunstfonden_LOGO_small_JPG.jpg

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som handlar om hendingar i Camaras eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt. Ei morsom å seriøs framsyning om utanforskapets konsekvensar. Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via Oslo ut i verda og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva for blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt og om korleis verda formar identiteten vår. Korleis navigerer ei ung, farga, biseksuell norsk kvinne seg i dagens samfunn?

Joof skal denne våren vise Pavlovs tispe mellom anna i Møre og Romsdal, Vestfold, Akershus, Buskerud, Aust-Agder og Öresund i Sverige. I tida framover skal Pavlovs tispe spelast for elevar i i 13 fylker, inkludert Oslo.

les omtale frå Showbox

les omtale Scenekunst.no

 

 

Poesiar etter Henrik Wergeland av Jon Fosse – ei lansering

Det Norske Samlaget og Nynorskens hus har gleda av å invitere til ein presentasjon av dikta.

Med Morten Espeland, Ola E. Bø, Anders Nordhammer, Camara Joof og barn frå Den mangfaldige scenen.

Musikk – KRANTZ ved Magnus Boye Hansen fiolin, Ulrikke Henninen cello, Mathias Susaas Halvorsen piano. Song Ingrid Dissen

Opplegg ved Morten Espeland, Kai Johnsen, Cecilie Seiness og Liv Hege Skagestad i samarbeid med Jon Fosse.

Boksal og kaffi

«Då eg tok over Grotten byrja eg for alvor å lesa dikta til Henrik Wergeland. Og eg skreiv ned eitt og hitt frå dikta i margen. Så skreiv eg av desse notata, og så vart det til at eg skreiv meg igjennom dei, på mitt vis, strauk, bytte ut ord, flytte om, skreiv til. Det vart til desse dikta, som er skrift over skrift, samskrift, palimpsest. Kor mykje som er Wergeland, kor mykje som er eg, det kan eg ikkje seia. Men det har vorte til eigne dikt, rett nok med mangt frå Wergelands dikt, for ikkje ein einaste engel, ikkje ei einaste stjerne, ikkje ei einaste tåre, er lagde til av meg. Det må seiast. »

Presentasjonen er ei startskotet for ein større Fosse satsing ved Nynorskens hus

 

Les omtale av Poesiar etter Henrik Wergeland

NRK,  VG, Dagsavisen,

Aftenposten

KRANTZ- konsertserie// KVARTETT TIL TIDAS ENDE //

Kjære musikkvenner!

Hjarteleg velkommen til sesongavslutning hjå KRANTZ.

I kveld får du oppleve Berios Sequenza IV for solo klaver og Messiaens mektige Kvartett til tidas ende.

 

For 75 år sidan, ein kald januarkveld i 1941 i ein krigsfangeleir i Görlitz, var fleire hundre fangar og tyske offiserar samla til konsert i brakke 27. Dei tilhøyrte alle samfunnsklassar; frå bønder og arbeidarar til legar og prestar. Skadde var blitt frakta frå sjukestova og låg på bårer lengst framme. Nokon høyrte kammermusikk for første gong og ingen hadde nokon gong høyrt noko liknande det som vart spela den kvelden. Det var nemleg urframføringa av ”Kvartett til tidas ende” av Olivier Messiaen.

 

Messiaen vart tatt til fange etter Tysklands okkupasjon av Frankrike i 1940 og komponerte det meste av kvartetten i fangenskap til seg sjølv og tre medfangar. Ved hjelp av ein tysk offiser fekk Messiaen notepapir, blyant og viskelær, og det vart sørga for at han fekk vere i fred og komponere.

 

Den djupt religiøse Messiaen var inspirert av følgande tekst frå Johannes Openberring:

”Og eg såg ein annan mektig engel stige ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky, og hadde regnbogen om hovudet. Ansiktet var som sola og føtene som ildsøyler …. Engelen sette sin høgre fot på havet og den venstre på jorda .… Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, løfta si høgre hand mot himmelen og sverga ved han som lever i all æve …. : ’Tida er ute. Men når den sjuande engelen lar sin basun lyde, i dei dagar skal Guds mysterium vere fullført.’ ”

 

Han skreiv dette enorme, kjensleladde verket i åtte satsar; dei første for skapingas sju dagar, og den åttande for æva som kjem etterpå. Tonespråket er eterisk og andeleg, og dei spesielle rytmane som er lausrivne frå vanleg konvensjonell takt, understrekar opphøyret av fortid og framtid, og tar oss med ut i det uendelege.

Sjølv om Messiaen avviste at det apokalyptiske stykkets tittel var knytt fangenskapen hans, kan ein vanskeleg unngå å høyre verket utan å ha hendingane under 2. verdskrig i bakhovudet. For dei som var til stades under urframføringa, var konserten eit avbrekk frå krigens brutalitet – tida stod stille i ein liten time.

Eit slikt musikalsk avbrekk kan vere sårt tiltrengt også i vår kvardag, og verket er like overveldande og aktuelt no som den kvelden for 75 år sidan.

 

Ein annan av 1900-talets viktigaste komponistar er den italienske komponisten Luciano Berio. Hans serie med solostykke for ulike instrument, kalla Sequenza, er alle virtuose verk som utforskar instrumentas moglegheiter på uvanlege måtar. Vi startar kvelden med Sequenza IV for solo klaver spela av Anna Christensson.

 

Anders Nilsson

Som ein av Noregs fremste unge fiolinistar, har Anders allereie etablert ein solid karriere som solist, konsertmeister og ensembleleiar. Han har vore solist med alle profesjonelle orkester i Noreg. I fjor gav han saman med Sveinung Bjelland og 2L ut ei kritikarrost plate med musikk av Debussy og Ravel.

Anna Christensson er ein av Sveriges fremste pianistar i sin generasjon. Hylla i svensk og internasjonal presse for sine mange soloutgjevingar, har ho etablert seg som ein av dei mest spennande og markante pianistane med eit enormt sjangerspenn og integritet i si utøvande verksemd.

Torun Sæter Stavseng er ein cellist med brei musikalsk tilnærming og er ein av initiativtakarane bak KRANTZ. Ho er grunnleggar og medlem av fleire kammerensemble; TrioTaus, Cikada, Tre Voci og Duo TÖ. Sidan 2016 er Torun  solocellist i eit av Englands mest dynamiske kammerorkester; Aurora Orchestra London.

Pierre Xhonneux har sidan studier i Belgia og Frankrike etablert seg som ein av Europas leiande unge klarinettistar og har mottatt ei rekke internasjonale prisar og utmerkingar for sitt spel. Pierre har ei brei musikalsk tilnærming og spelar i fleire kammerensemble; ClariNord, I Solisti del Vento og Oslo Kammerakademi. Sidan 2015 er Pierre tilsett som klarinettist i Oslo Filharmoniske Orkester.

 

Som vanleg er KRANTZ ei nær og unik konsertoppleving i Oslos beste kammermusikksal; Teatersalen i Nynorskens Hus.

Du er hjarteleg velkommen!

 

  Les om KRANTZ

Torun Stavseng og Mathias Halvorsen er kunstnariske leiarar for serien.

sjå omtale av KRANTZ i magasinet Klassisk side40 side41