Her finn du ei liste frå arrangement vi har hatt i Nynorskens hus (henta frå førre heimeside)

Liggekonsert med Slagr

Liggekonsertar, den beste gåva til deg sjølv og andre.

Å ligge uforstyrra under eit mjukt teppe ein stad mellom søvn og vaken tilstand medan langsam, skjør musikk faldar seg ut, kan du oppleve to onsdagar i haust: 14. oktober og 25. november. Hald av datoane for ei unik oppleving!

Musikken til Slagr – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – rører seg stille avstad i grenseland mellom fleire sjangrar. Vi kallar det akustisk ambient, eller meditativ kammerfolkemusikk. Å ligge ned og lytte til musikk kan gi djup avspenning, ein slags meditasjon musikken leier merksemda. Det kan også vere som ein heilt vanleg konsert, berre meir behageleg. Eller du kan tillate deg å flyte inn og ut av søvnen medan skiljet mellom draum og verkelegheit vert viska ut.

Slagr har lang erfaring med å spele liggekonsertar. På heimesidene våre kan du blant anna sjå oss spele i sengeavdelinga på Ikea! Alle som kjem på liggekonsertane får utdelt pledd og liggeunderlag.

Konsertane varer omtrent ein time.

Sjå meir om Slagr.

Rosenkrantz´ gate 8, 0159 Oslo, Noreg:

Miss Marple: Eit annonsert mord av Agatha Christie

Teaterlaget i Bondeungdomslaget I Oslo presenterer «Eit annonsert mord» av Agatha Christie med sjølvaste Frøken Marple på rollelista. Det meldast med dette om eit mord som skal finne stad!

Tilrettelagt for scene av Leslie Darbon
Omsett til nynorsk av Runa Kvalsund
Regi: Fredrik Elfstrand.

Vi spelar denne våren med to sett.

Sett 1:
Kjell Åsmund Sunde
Margrethe Frydendal Kollerud
Henri Aasen
Aila Eckhoff Sinober
Vivian Brattsti Sørensen
Terje Svindseth
Stine Fanny Berg
Endre Isachsen Flatmo
Heidrun Sølna Øverby
Silje Dahl
Hanne Marte Nymoen

Sett 2:
Håvard Thorsby
Anne Cathrine Johansen
Henning Værnes
Heidi Gunhildsberget Einarsrud
Annelén T Aspestrand Stenbakken
Per Magnus Finnanger Sandsmark
Lena Reksnes Sanne
Benjamin Aarseth
Torill Lund Born
Marie Nicolaisen
Mari Elise Haugen

Les om Agatha Christie
Wikipedia om Agatha Christie

Miss Marple: Eit annonsert mord av Agatha Christie med Teaterlaget i BUL

Klimafestivalen § 112

Kor mange forfattarar skal til for å redde verda?
Bli med på skrivedugnad 4. januar!

Som ein del av Klimafestivalen § 112 inviterer vi ungdom til ein skriveverkstad 4. januar. Ti profesjonelle forfattarar og opptil 30 ungommar skal sitje saman i seks timar og skrive. Vi ønskjer å ta § 112 i Grunnlova på alvor og finne eit språk der kunnskap og kjensler møtest og fører til handling.

Alle deltakarane skal produsere tekstar – poesi, prosa, artiklar, lesarinnlett, etc. I tillegg skal dei etablerte forfattarane fungere som mentorar for dei unge, og gi råd og rettleiing i løpet av dagen. Kva som skjer med tekstane etterpå er frivillig, men det vil det vere råd å publisere tekstane på ulike nettforum og kanskje også i tradisjonelle nyheitskanalar.

Følgjande forfattarar vil delta:
– Ragnar Hovland
– Mette Karlsvik
– Eirik Ingebrigtsen
– Gunstein Bakke
– Hilde Hagerup
– Lars Mæhle
– Bård Lahn
– Torgeir Rebolledo Pedersen
– Ruth Lillegraven
– Ingeborg Arvola

Dette er forfattarar med brei erfaring både frå skjønn- og faglitteratur, for både barn, ungdom og vaksne.

Er du mellom 15 og 30 år og har lyst til å delta?
Det kostar ingenting å vere med.

Påmelding: Send ein e-post til fridaispire@gmail.com innan 29. desember 2014

Vi byr på gratis lunsj!

kl. 11.00-17.00

Trost i taklampa av Alf Prøysen

Trost i taklampa er Alf Prøysen sin einaste roman og vakte stor oppsikt når den kom ut i 1950.
Sentralt i handlinga står husmannsjenta Gunvor Smikkstugun og hennar kamp mot storbøndar og åndsmenneske si makt over husmenn og tenerar og deira  romantisering av landsbygda.

Handlinga går føre seg eit par veker på sommaren når Gunvor kjem heim på ferie. På same tog kjem også bygdas store son- den kjente diktaren Lundjordet, tidligare husmannsgut. Lundjordet er invitert for å tale om ”flukten fra landsbygden” – som Gunvor er ein del av, og kjempar for at fleire frå bygda også skal bli.

Trost i taklampa vart dramatisert av Prøysen og skodespelar Asbjørn Thoms i 1952, filmatisert 1955  og gjort til musikal av Prøysen, Toms og Finn Ludt i 1963.

Teaterlaget tek utgangspunkt i den dramatiserte versjonen, men har også med fleire av songane frå musikalen.  Blant anna kjente og kjære songar som ”Blåklokkevikua”, ”Bare vent” og ”Snekkersvekara”.

Instruktør er Fredrik Elfstand, som tiligare har jobba med Teaterlaget i samband med framsyninga Panikk i kulissene. På piano, og ansvarleg for musikalske arrangement er Kjell Inge Kamsvåg.

«Takka vere norsk ull»

Temadag med norsk ull og tekstil i sentrum

Heile dagen: 10% rabatt* på Heimen Rosenkrantz’ gate, Husfliden GlasMagasinet og i Kaffistova, mot framvising av billett til URD-framsyninga («Soga om Seselja»).
*Tilbodet gjeld alle varer, bortsett frå bunader og bøker.

14.30: Omvising i Systova, Heimen husflid, v/Cecilie Eskild.
Oppmøte ved inngangen til Heimen. Syerskene har laurdagsfri, men kommunikasjonssjef og bunadsskreddar Cecilie Eskild fortel levande om drifta på systova før og no.

15.00: Føredrag og verkstad i Kjellarstova på Kaffistova.
Det vil bli lagt fram strikkepinnar, garn, nåler, stoff og papir som deltakarane kan arbeide med under og etter verkstaden.
Enkel servering.
Førehandspåmelding/billett gjennom våre nettsider.

15.00-ca.15.30: Føredraget ”Fra lille lam til Pers nye klær”, ei forteljing om ull og garn, med to stemmer – for både born og vaksne + garnkurs v/Ingun Klepp og Tone Tobiasson, forfattarane av boka ”Ren ull”

ca. 15.45-16.15: Verkstad med spinnekurs og demonstrasjon v/biletkunstnar Anne Karin Jortveit. Deltakarane vil få kunnskap om og sjølv få prøve seg på ulike steg i prosessen frå ull til ferdig, farga garn, ved hjelp av mellom anna moderne rokk, handkarar og handtein.
– Og ulla vi brukar, er sjølvsagt norsk.

ca. 16.15: pause, mogelegheit for å kjøpe mat i Kaffistova

17.00-17.45: ”Soga om Seselja – eit portrett i ord og tonar”, Teatersalen

 

Songlaget i BUL 100 år

Jubileumskonsert i Universitetets aula

Songlaget vert 100 år i 2014. Koret vart oppretta i 1914 og har gjennom alle år hatt som si viktigste målsetjing å ta vare på norske sang – og musikktradisjonar.
Jubileumsåret vart innvigd med julekonsert i Akershus slottskirke 8. desember 2013. I mars 2014 hadde Songlaget konsert og samling med tidlegare songarar og dirigentar, i mai vart det feiring av 17. mai, med konsert i Teatersalen, og tradisjonelt Brusteinsball på Universitetsplassen. I juli var Songlaget ein del av kulturfestivalen «Olsok-dagane» på Stiklestad.

Den 6. desember – på sjølvaste 100-årsdagen til Songlaget vert det halde ein storstilt konsert i Universitetets aula. Konserten har navnet «Lideli galen» etter ei strofe i Jentelokken, ein mazurka Songlaget har sunge i mange år. Konserten vil bestå av eit repertoar sett saman av folketonar, norske og internasjonale korsongar og julesongar. Med oss har vi baryton Njål Sparbo som solist på Griegs fire salmer og O helga natt, spelemann Vegar Vårdal og pianist Marcus Berg. Dirigent for Songlaget er Vegar Sandholt.

Songlaget har mange og lange tradisjoner, og det er tid for å minnast. Marius Moaritz Ulfrstad vart innsett som dirigent i 1918, og skriv følgjande: » I 1918 tok mitt arbeid til i Bondeungdomslaget. Eg måtte samle gode songrøystar. Der bygdeungdom song gjekk eg på talentspeiding. Dei med gode røyster fekk eg med tida med i Songlaget. Eg ville ha bunaden inn som stasklede for koret når det gav konsert. Også Songlaget ville det, og vi gav, som første kor i landet, konsert med alle, både gutar og jenter kledd i bunader.» Dette har koret fortsatt med fram til i dag, og vi er stolte av bunadene våre.

Vi ønsker dykk med dette velkomne til feiring i Universitetets aula.

Klara Semb-kveld

Hjarteleg velkomne til Klara Semb-kveld onsdag 22. oktober kl 19.30 i storsalen, Nordahl Brunsgate 22.

Program:
Innleiing
Tor Stallvik talar
Allsong (Fjell-Noreg)
Vising av TV-program (Leikarringen i BUL dansar Bendik og Figaro)
Kaffepause
Sal av turdansboka og songdansboka til halv pris. Stor takk til Det norske samlaget!

Frå 21.30 – 22.30 songdans og musikkdans leia av Vebjørn og Inger Frøydis Bakken. Spelefolk er Solvor og Terje.

Plakatstand med meir.

VElKOMEN TIL EIN MINNERIK KVELD

/Erik Haugros
Leiar Symra

Kulturkveld

Ivar Aasen og Symra

I 2013 gav Terje Aarset ved Høgskulen i Volda ut ei glimrande bok om den viktige og vene diktsamlinga til Ivar Aasen, Symra.

Onsdag 5. november kl. 19.00 kjem han til Teatersalen i Rosenkrantz´gate 8 og kåserer om Aasen og Symra.

Det er fri inngang. Me syng kjende og kjære Aasensongar (allsong), og får tonefylgje frå Vegar Sandholt. I tillegg får me høyra sopranen Ingerid Louise Birkeland syngja

Det vert høve til å kjøpa boki, ta med kontantar.

Alle er velkomne!

Sjå også Facebook 

Taheli e djimmi

Gruppa Deoran presenterer konserten «Taheli e djimmi», der målgruppa er born mellom tre og sju år. Tittelen på framsyninga tyder ”Forteljing og musikk” på fulani, eit vestafrikansk nomadespråk.

Adama Barry er musikar, forteljar, dansar mv., opphavleg fra Burkina Faso i Vestafrika. Han er eit oppkomme av forteljingar, ein eminent musikar og har ei heilt eiga kontakt med publikum.

Anneke Bjørgum, den andre utøvaren, er forfattar, omsetjar, musikar mv., opphavleg frå Bergen. Saman utgjer dei gruppa Deoran, som tyder ”gjensidig forståing” på fulani, Adama Barry sitt morsmål.

Gjennom framsyninga ynskjer Deoran å fremje forståing på tvers av vande grenser, og auka forståing og kontakt både mellom Adama og Anneke, mellom Deoran og publikum og imellom borna.

Framsyninga inneheld fire ulike språk – ingen forstår alt, men alle forstår noko. Her får borna mellom anna oppleve ulike musikalske uttrykk; fløyter frå fleire land, 1- og 3-strengs gitarar, song, tromming og dans. Dei får delta i dans og song akkompagnert av Adama si tromme, lære nye ord og bli kjende med både afrikanske og norske instrument. Anneke fortel både morosame og alvorlege forteljingar, mellom anna om bia og frosken og deira venskap, og om dyra sin dansekonkurranse. Truleg dukkar det også opp kjende og kjære barnesongar, og kanskje kjem det ei overrasking eller to?

Soga om Seselja – eit portrett i ord og tonar

Gjennom ord, song og tonar får vi møte den einslege syerska Seselja, som lever og arbeider på første halvdel av 1900-livet. Soga om Seselja byggjer på dikt frå Lillegraven si bok Urd, som vann Brageprisen 2013 for beste skjønnlitterære bok. Musikken til soga er ein kombinasjon av nyskriven musikk og tradisjonell folkemusikk.

Medverkande
Tekst:
Ruth Lillegraven (f.1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte som forfattar med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut romanen Mellom oss, tre bøker for små barn og diktsamlinga Urd, som ho fekk Brageprisen 2013 for.

Musikk:
Tuva Syvertsen (f.1983) kjem frå Brønnøya i Asker, og bur no i Oslo. Syvertsen er kjend som vokalist, hardingfelespelar, komponist og tekstforfattar i gruppa Valkyrien Allstars. Ho medverkar også på ulike cd-prosjekt og konsertar med andre artistar, og er ein av dei mest aktive og allsidige utøvarane innan norsk musikkliv.

Rannveig Djønne (f.1974) kjem frå Ullensvang i Hardanger, og bur no i Oslo. Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Debututgjevinga, Spelferd heim hausta strålande meldingar, mellom anna terningskast 5 i Aftenposten.

Kunstnarleg rådgjevar:
Gard Skagestad (f.1972) er skodespelar, utdanna frå statens teaterhøgskole. Han har tidlegare vore tilsett mellom anna ved Den Nationale Scene i Bergen, men er no engasjert ved Det Norske Teatret, der han for tida spelar Laertes i «Hamlet».