Her finn du ei liste frå arrangement vi har hatt i Nynorskens hus (henta frå førre heimeside)

Norske songskattar

Songkveld med Terje Aarset, Ingerid Louise Birkeland og Vegar Sandholt.

Aarset kåserer, Birkeland syng og Sandholt spelar piano.

Terje Aarset er forfattar av boka «Den nynorske songskatten»

Tilskipar: Målnemnda i Bondeungdomslaget i Oslo og fylkesmållaget Vikværingen.

Sjå facebook

 

Julegraut

Velkommen til ein liten fest med mat, kunstnarleg innslag og dans

100 år på 100 minutt

Teaterlaget, tidligare Spellaget, ønskjer velkommen til hundreårsjubileumsframsyning 100 år på 100 minutt.

Litt over 101 år har gått sidan Spellaget vart stifta i november 1914, og litt over 100 år sidan vi hadde den fyrste framsyning vår, i januar 1915.

Det har vore produktive 100 år – med 177 spelstykke med tilsaman 468 skodespelarar på scenen i og utanfor Teatersalen i rosenkrantz` gate 8.

Med denne framsyninga prøver vi å gå igjennom 100 år med teaterhistorie med å gjera det Teaterlaget gjer best – ha det moro på scenen og vi håpar de får 100 festlege minutt med nye og gamle kjenningar.

Les meir på nettsidene til  Teaterlaget i BUL.

 

Ein dag i Nynorskens hus

8 barn og 4 instruktørar har denne hausten møttest 2-3 gonger i veka for å lære, undersøkje og skape ulike sceneiske uttrykk. Utgangspunktet har vore tankar om å uttrykke seg, om språk og kommunikasjon. 5. og 6. november inviterer vi til ei visning av små scener frå prosjektet og ei vandring i Nynorskens hus

Med Hafeeza, Hermine, Vetle, Manan, Emine, Anna, Bethine, Zana
Instruktørar Anders Nordhammer, Morten Olaussen, Sarah Camille, Morten Espeland

Samarbeid mellom Den mangfaldige scenen og Nynorskens hus

Framsying
5. november kl 1730
6. november kl 1700 og 1900
Det er ca 25 publikumsplassar på kvar framsyning

For tinging av billettar
kontakt@nynorskenshus.no

Kompetanse for mangfald

Seminar 9. november 2015 i regi av forskingsgruppa UTSNIDT

Khio, HiOA, UiS og TekstLab v/Artxchange

9. november inviterer forskningsgruppa UTSNIDT til seminaret Kompetanse for mangfald i Teatersalen i Nynorskens hus. UTSNIDT er eit samarbeidsprosjekt mellom tilsette i KhiO, HiOA, UiS og Artxchange v/ Tekstlab. Seminaret har som mål å løfte mangfaldsperspektivet fram i drama og teaterutdanninga. Blant bidragsytarane er Eugenio Barba og Julia Varley frå Odin Teatret; Heidi Haraldsen, prosjektleiar for Kunsthøgskolen i Oslos PPU-program, og mange fleire.

0845 Registrering og kaffe.

0900 Velkommen

0910 Presentasjon med workshop av Anna S. Songe-Møller og Karin B. Bjerkestrand

SOLIDARITETSFORUMTEATER – Dei undertryktes teater og interkulturell kommunikasjon.

0950 Påfyll på kaffe.

1000 Foredrag av Eugenio Barba med demonstrasjoner av Julia Varley om det interkulturelle aspektet i deira arbeid med Odin Teatret (på engelsk): TRANSFORMING CONCEPTS INTO ACTIONS.

1200 Lunsj

1250 Kunstnerisk innslag frå TekstLab Unge Stemmer

1300 Shanti Brahmachari presenterer TekstLab som metode for utvikling av nye tekstar og nye sceneuttrykk.

1330 Heidi Haraldsen og Siri Ingul presenterer det utviklingspsykologiske fenomenet NARRATIV IDENTITET i eit interkulturelt perspektiv.

1400 Kaffe

1420 Liv Hege Skagestad presenterer Den mangfaldige scenen og Nynorskens hus.

1430 Diskusjon og oppsummering:

Kva utfordringar og moglegheiter møter scenekunsten relatert til interkulturalitet?

1530 Middagspause (alle ordner seg sjølv)

1700 Arbeidsdemonstrasjon med Julia Varley frå ODIN TEATRET: THE FLYING CARPET (på engelsk). Varegheit: ca. 1 time (NB på Dramatikkens hus og eiga påmelding)

PÅMELDING Skuespillersenteret

Seminaret, inkludert lunsj og kaffe er gratis. Påmelding innan 2. november.

Vidare program 9. november i samarbeid med TekstLab

1900 Offisiell åpning av TekstLab Scratch Festival med Eugenio Barba, kunstnerisk leiar av ODIN TEATRET: Theatre as a cultural catalyst: foredrag, film og diskusjon (på engelsk)

For meir informasjon om TekstLab Scratch Festival 6.-16. november, sjå fullt festivalprogram: www.tekstlab.com/festival/

Velkommen!

Med støtte frå og eller i samarbeid med: Utdanningsdirektoratet, Khio, Hioa, UiS, TekstLab, Skuespillersenteret, Nynorskens hus, Den mangfaldige scenen og Dramatikkens hus

Frå litteratur til film – Språklege val og refleksjonar

Regissør Anders T. Andersen viser utdrag av den nye filmen FUGLANE av Tarjei Vesaas i nynorsk språkdrakt.

Regissør Yngvild Flikke presenterer og viser utdrag av filmen «Kvinner i for store herreskjorter».
Filmen har dialekt/nynorsk språkdrakt.

Samtale om språkutviklinga i norsk film.
I panelet: Ola E. Bø, Guri Kulås, Nina Refseth, Yngvild Flikke og Anders T. Andersen.

Teksting av norsk film
Prinsipp om språkleg jamstelling og praksis

 

Omvising – Ein målar kjem heim

Omvising i permanent utstilling av verk av Aksel Waldemar Johannessen.

Aksel Waldemar Johannessen var ein gløymt målar. I over 20 år har Haakon Mehren arbeidd for at den unike nasjonale kunst- og kulturskatten skulle få ein verdig plass. Verka har fått internasjonal åtgaum og reist ein vesentleg debatt nasjonalt. Men 6. mai 2015, 93 år etter kunstnaren gjekk bort, har bileta funne sin heim – i Teatersalen og Heimen, der Johannessen hadde sitt virke. Johannessen er den nasjonale rørsla og arbeidarrørsla sin målar. Velkomen til omvising!

  • Frå kl. 18.30 Enkel servering frå Kaffistova
  • Kl. 18.50 Velkommen ved Terje Svindseth, leiar i BUL.
  • Ein flamme som brenn. Utdrag inspirert av «Der Vergessene Maler» av Alexander Kratzer og Hulda Garborg sine dagbøker. Ved Anders Nordhammer og Mari Elise Haugen, Teaterlaget BUL.
  • Norskdomsrørsla og arbeidarørsla sin målar, ved Haakon Mehren.
  • Målaren og grafikaren Aksel Waldemar Johannessen – ei omvising, ved Øyvind Storm Bjerke.
  • Sal av bøker.

Innramming og oppheng: Galleri Tonne.

Programmet varer til 20.00.

oivindbj
Øyvind Storm Bjerke

haakonmehren
Haakon Mehren

Små Grå Kim Hiorthøy: Kjemi

“Kva er det vi driv med? Mykje er bygd rundt ein idé om årsak og verknad, men det er framleis vanskeleg å få  skikkeleg oversikt. Også møter du dei folka. Og så står de der, mens augene verkar som dei skal og alle grunnstoffa driv med sitt. Eller? Du får klippe og lime.”

KJEMI er eit samarbeid mellom Små Grå og Kim Hiorthøy. Små Grå er Nina Mortvedt, Benedikte Kruse, Ingebjørg Loe Bjørnstad og Mai Elise Solberg. Dei fire songarane gjer vokalimprovisasjon til noko som ikkje lenger er ein konvensjonell konsert, men som liknar meir på teater, dans eller scenekunst. Kim Hiorthøy er biletkunstnar og musikar, men har dei siste åra byrja å jobbe med koreografi. KJEMI er ei forestilling, eller ein konsert, som ”ganske forsiktig kjem til å setje alt ut av spel”.

Sjå meir om Ultimafestivalen.

GRUMS med Siri og Snelle

GRUMS trekker mot fornuftens yttergrenser og assosierer i retning av skrekkfilm og det dyriske, samtidig som den transformeres til middelklassekvinnen i midtlivskrise, hun som retningsløst forsøker å finne mening i livet.
Samtidig handler forestillingen om motstand og tålmodighet, om å vente på at ting legger seg. GRUMS er bunnfallet, det som har tyngde, det som har sunket nedover og avleiret seg i bånn.
Forestillingen søker mot en rå og ufiltrert tilnærming, tilsvarende en rask og nesten brutal skisse, som kan utfordre både utøvernes og publikums persepsjon.

Forestillingen er intim og etablerer et direkte forhold mellom utøvere og publikum.

Konsept/utøvere: Siri Jøntvedt og Snelle Hall

Lysdesign: Evelina Dembacke

Produsert av Siri&Snelle produksjoner

Foto/Screencap: Vibeke Heide

www.siriogsnelle.no