Her har vi lista opp alle tidlegare arrangement vi har hatt i Nynorskens hus

Det går i familien

Det blir høg puls i Teatersalen i  Nynorskens hus frå 8. desember. Få med deg denne herlege, artige og underhaldande komedien!

Desember 2018 set Teaterlaget opp farsen  Det går i familien av Ray Cooney. Komedien utspelar seg på Ullevål sjukehus nokre dagar før jul der Dr. Movik førbur seg på den svært viktige Ponsenby-forelesinga. Men alt går ikkje heilt etter planen då han plutseleg får ei uventa nyheit, noko som resulterer i eit samansurium av løgner og forviklingar.

Framsyninga blir spelt av to ulike sett. Under finn du ei oversikt over kven og kva for eit sett som spelar på dei ulike framsyningane.

Regi: Fredrik Elfstrand.

Velkommen!

Billettprisar:

Vaksne: 180 kroner
Barn/student/honnør: 100 kroner
BUL- medlem: 100 kroner

Sett 1:

Dr. David Movik – Kjell Åsmund Sunde
Dr. Hubert Brun – Endre Isachsen Flatmo
Dr. Mikkel Kolstad – Henri Aasen
Rose Movik – Heidi Gunhildberget Einarsrud
Oversøster – Anne Cathrine Johansen
Magnhild Gyldenkrantz – Mia Maria Norum Robsahm
Hannah Teisen – Silje Dahl
Sjukepleiaren – Anita Topnesvåg Wergeland-Jenssen
Leslie – Rikke Skipsfjord
Politikonstabelen – Vivian Brattsti Sørensen
Bernt Lesley – Emil Bech Stenstad
Mor til Hubert – Kari Aniksdal

Sett 2:

Dr. David Movik – Kjell Åsmund Sunde
Dr. Hubert Brun – Håvard Thorsby
Dr. Mari Kolstad – Maria Ellingsen Austbø
Rose Movik – Heidi Gunhildberget Einarsrud
Oversøster – Mari Elise Haugen
Magnhild Gyldenkrantz – Lena Reksnes Sanne
Hannah Teisen – Silje Dahl
Sjukepleiaren – Henri Aasen
Leslie – Ailia Eckhoff Sinober
Politikonstabelen – Vivian Brattsti Sørensen
Bernt Lesley – Emil Bech Stenstad
Far  til Hubert – Terje Svindseth

Framsyningar:

Laurdag 8 desember:
15:00 – Sett 1
19:00 – Sett 2

Sundag 9 desember
19:00 – Sett 1

Måndag 10 desember
19:00 – Sett 2

Onsdag 12 desember
19:00 – Sett 1

Fredag 14 desember
19:00 – Sett 2

Laurdag 15 desember
19:00 – Sett 1

Sundag 16 desember
19:00 – Sett 2

Krantz // Duo TÖ + Koppen

Velkommen til haustens siste KRANTZ-konsert!

Denne kvelden presenterer Duo TÖ, Anna Christensson (klaver) og Torun Sæter Stavseng (cello) eit variert program av solo- og duostykke. Delar av kvelden i samspel med videokunst av Henrik Koppen.

Clara Schumanns «Drei Romanzen» for soloklaver (1853) er eit av dei få verka ho har skrive i moden alder, og dei blei til i ei turbulent tid av livet hennar. Det same gjeld «Malinconia» (1900) som Jean Sibelius skreiv etter ei tragisk livshending i midten av trettiåra.
Det blir Oslopremiere av «Vuggesang» for solocello (2016) skrive for Torun av amerikanske Tyler Futrell og siste del av konserten bli via to britiske komponistar: urframføring av «Clean-cut, Doe-Eyed» av Gregor Riddell, og blir avslutta med Benjamin Brittens episke og komplekse Sonate i C (1961)

// Program //

Jean Sibelius Malinconia Op. 20
Tyler Futrell Vuggesang for solocello
Clara Schumann Drei Romanzen for klaver Op. 21
Gregor Riddell Clean-cut, Doe-eyed (urframføring)
Benjamin Britten Sonate i C Op. 65

 

Meir informasjon kan du finne her:

Krantz si heimeside

Facebook

Krantz – Lights out

«Excellent musicians.. a phenomenal performance.» SUDWEST PRESSE

«Bright performance, all in the dark» PORTLAND PRESS HERALD

Lights out inviterer til ein konsert i absolutt mørke. Trioen har dei siste åra turnert Europa og USA med fulle hus og strålande kritikkar. Denne gongen kjem dei med eit splitter nytt program som brukar det mørklagte konsertlokalet på ein kreativ måte for å skape ei sterk tredimensjonal lyttaroppleving.

Denne heilt spesielle konserten gir lyttaren ei ny oppleving av levande musikk og eigen høyrsel. I totalt mørke får lyden ein utruleg intimitet og avstanden mellom lyttar og publikum forsvinn. Som ein del av konseptet får ikkje publikum vite programmet før etter konserten er ferdig. Dette er for å lage ei så open, forundringsfull og fordomslaus oppleving som mogleg. Men vi kan røpe at kveldens musikk er skrive av ein gruppe unge rebelske komponistar som sprenger grensene for kva klassisk musikk er og kan vere. Inspirert av m.a. minimalisme, dronar, ambient og pop har dei skapt sitt eige uttrykk som er ytst stemningsfullt, rikt på nye teksturar og fullt av overraskingar.

LightsOut er Magnus Boye Hansen på fiolin, Steven Walter på cello og Mathias Susaas Halvorsen på klaver.

Gullfebla – Den mangfaldige scenen

I «Gullfebla» møter vi to gamle karar som samlar på eventyr. Dei reiser land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Boka er etter kvart blitt stappfull av eventyr og forteljingar, og dei to karane er slitne av å vandre land og strand rundt, (dei er tross alt over åtti år, minst) og tenkjer at dei no snart har samla samen nok, at dei no er klare for å gi ut boka. Det skal bli ei fantastisk eventyrbok, stappfull av eventyr, ein nasjonalskatt rett og slett! 

Ettersom dei to gamle karane har vandra og reist så mykje i sitt vaksne liv, har dei ofra mykje av familielivet. Koner og barn har dei ikkje sett så mykje til. Eit praktverk av ei eventyrbok som bevarer folkeeventyra for all framtid er kanskje ei god unnskyldning for at dei har vore så mykje borte. Så dei samlar ikkje berre samen eventyr for nasjonen sin del, (eller sin egen del), nei, dei samlar også saman eventyr for dei der heime, sånn at koner og barn får noko dei kan vere stolte av!

Når framsyninga byrjar er dei to karane, som forresten heiter Asbjørnsen og Moe, på veg til ei gamal kjerring som bur langt oppi Krokskogen. Kjerringa heiter Berthe Tuppenhaug. Asbjørnsen og Moe håpar at Berthe skal fortelje dei eit ordentlig godt eventyr, eit eventyr som er så spanande og flott at det kan fungere som den perfekte avslutninga på eventyrsamlinga deira, krona på verket rett og slett!

Framsyninga «Gullfebla» er ei skrøne, om eventyrsamlarar og gamle kjerringer, om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt. Samstundes handlar det om at ting ikkje alltid blir slik ein hadde håpa på. Framsyninga er ein komedie. Men i botnen tar ho tak i spørsmål som er relevante for oss å reflektere over: har det vi tenkjer på som typisk norsk, eigentleg noko med «det norske» å gjere? Eller lagar vi stadig nye versjonar av kva som er typisk norsk, basert på korleis vi ønskjer at «det norske» eigentleg skal vere?

Skodespelarar

Aksel Ørnes
Melina Karantonis
Jonathan Antonio Thrane Storsve
Keira LaHart
Jasmin Mellembakken
Alba Regine Arnesen
Sebastian Sørlie
Johannes Sandvik
Christiane Torp
Bergljot Heyerdahl Skagestad
Hedda Marie Bøe Svensholt
Helena Martens

Produksjon
Regi/koreografi: Erlend Samnøen
Instruktør: Morten Espeland
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Jørann Normann
Kostyme: Line Jeanette Antonsen
Mask: Live Becker Knudsen

Marcus Paus & Trygve Madsen

Saturday Classics og Norsk Musikforlag presenterer komponisten Marcus Paus i si fulle breidde, med ein heilaftan i Nynorskens hus.

Marcus har i tillegg tatt med seg to komponistar som står hjartet hans nært. Den eine har halde på i ein mannsalder og er eit velkjent namn i både inn- og utland. Den andre er ung og i starten av karrieren sin, men som i følgje Marcus skriv godt og utmerkar seg som eit stort talent.

Det er med andre ord duka for eit spanande møte mellom komponistane Marcus Paus , Trygve Madsen og Amund Vaage!

Program:

Marcus Paus: Marble Songs

Trygve Madsen: Preludie over namnet BACH

Paus & Madsen: Romansar til tekstar av André Bjerke

Marcus Paus: Momento Mori

Trygve Madsen: Sonate for bratsj og piano

Amund Vaage: Klaverstykke

Marcus Paus: Sonate for cello og piano

  • Epilogue
  • Scherzo

 

Utøvarar:

Jan Bertelsen, obo

Julie Kleive, song

Joachim Kwetzinsky, piano

Johannes Martens, cello

Bendik Foss, bratsj

Magne Fossum Løvdal, piano

Marcus Paus, i samtalar

 

Konserten blir gjort i samarbeid med Norsk Musikforlag og Musikk-Husets Forlag.

https://musikkforlagene.no/

 

For meir info om Saturday Classics:

http://www.saturdayclassics.no/

I KVERVLANE ETTER HULDA OG ARNE GARBORG

Ei samling om Garborg-paret – og kulturrørsla deira som held fram i vår eiga tid

LAURDAG 22. OG SØNDAG 23. SEPTEMBER, kl. 11-16

Arrangør: Musikar Nora Taksdal, i samarbeid med Nynorskens hus v/ Liv Hege Skagestad

 

Jan Inge Sørbø: Morgonmenneske og modernistar. Om den nynorske danningsvegen.

Arnhild Skre: Hulda Garborgs liv, virke og forfattarskap.

Atle Ove Martinussen: Hulda med og utan bunad! Om folkedraktene, og om Garborgenes samarbeid med lyrikaren Olav Nygard.

Camara Joof: Hulda no! Om merkelappar og identitet.

Nora Taksdal: Homér, hav og heimland: om renninga i ekteparet Garborgs samfunnsvev.

 

Lett lunsj og levande kammermusikk inkludert

 

DET BLIR FESTMIDDAG I HULDAS AND PÅ KAFFISTOVA LAURDAG 22. SEPTEMBER KL 16:30

Med kåseri, tekstar og levande musikk.

Open for alle. Kuvertpris: 325.- Separat påmelding til nora.taksdal@gmail.com.

Forfattartreff med Ruth Lillegraven

Vennelaget samlagsrota inviterer til forfattartreff med Ruth Lillegraven.

 

Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn.

I denne boka får vi vere med eit barn inn i skogen den grøne.

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?

Forfattaren vil saman med barn og ungdom frå Den mangfaldige scenen framføre dikta frå samlinga, til illustrasjonane av Mari Kanstad Johnsen. Musikar Sidiki Camara set tonar til lesinga.

Dette er eit familiearrangement. Det blir servering av saft, kaffi og kake, sal av bøker og signering. Og dei aller minste skal få fargeleggje dei fine illustrasjonane.

Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien.

Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater eigd av Det Norske Teatret, Noregs Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Oslo. Sidiki Camara, busett i Oslo, er ein av Malis fremste perkusjonistar og speler også melodiske instrument som balafon og ngoni.

Mein ziemlich seltsamer Freund Walter – Goethe-Institut

I stykket «Mein ziemlich seltsamer Freund Walter» fortel Sibylle Berg ei historie om vennskap, einsemd og mot.

Lisa har ingen venner og foreldra gir ho heller ikkje mykje tid og oppmerksemd. Heimen hennar er grå og einsam og på skulen blir ho konfrontert med ungdommar som mobbar og ignorante lærarar.

Historia tar ei positiv vending då eit utanomjordisk vesen dukkar opp i hagen til Lisa. For enkelheits skyld gir ho han namnet Walter, og han klarer det ingen andre i Lisa sitt liv kan: Han hjelper ho med å utvikle sjølvfølelse og tillit.

Stykket passar for tyskelevar mellom 15 og 17 år som har hatt tyskundervisning i om lag 3 år.

Dato: Måndag, 17. september 2018,  kl.12:30–14:00
Stad: Nynorskens hus, Rosenkrantz» gate 8, 0159 Oslo
Varigheit: 80 min pluss 15 min til spørsmål og svar etter framsyninga
Gratis inngang
Påmelding vert kravd

 

For meir informasjon kan du klikke her.

NÅ V – Ein konsertserie av Ensemble Allegria

NÅ V

Kurator: Sverre K. Bauge

Program:

Johnny Greenwood: Suite frå filmen “There will be blood”

Arvo Pärt: Fratres

John Adams: Shaker Loops

 

For meir informasjon:

www.ensembleallegria.com/

Ensemble Allegria på Facebook

Har du høyrt? – Oslo kammermusikkfestival

Program:
Arnold Schönberg (1874–1951): Kammersymfoni

Sofia Gubaidulina (1931): Hommage a T.S. Elliot med Sopran

Med:
Solist: Marianne Beate Kielland
Oslo Sinfonietta, leiar Christian Eggen