Her har vi lista opp alle tidlegare arrangement vi har hatt i Nynorskens hus

KRANTZ // Sesongopning 1. september

Haustens fyrste Krantz-konsert byr på variert musikk for strykarar og blåsarar. På programmet står «Tre madrigalar» av Martinu, Prokofievs kvintett basert på musikk frå balletten Trapèze, og «Wolfgang is dancing» av den nolevande svenske komponisten Albert Schnelzer.
Musikarane ved kveldens konsert speler til dagleg i Oslo Filharmonien, Kringkastingsorkesteret, Ensemble Allegria og Det Norske Kammerorkester.

Medverkande:
Pierre Xhonneux // klarinett
Min Hua Chiu // obo
Guro Asheim // fiolin
Einar Kyvik Bauge // bratsj
Nikolai Matthews // kontrabass

Lyrikk & musikk II – Oslo kammermusikkfestival

Oslo Kammermusikkfestival arrangerer konserten Lyrikk & musikk II i Nynorskens hus 22. august.

Program Lyrikk & Musikk II

Lyrikk av Hulda Garborg (1862–1934) og Tore Ørjasæter (1886–1968)
Lest av Ola B. Johannessen.

Musikk av David Monrad Johansen (1888–1974)
Scenemusikk til «Jo Gjende»
Scenemusikk til «Den Store Freden»
Klaverkvartett i c-moll opus 26

Med:
Sanae Yoshida, klaver
Tor Johan Bøen, fiolin
Bénédicte Royer, bratsj og fiolin
Aurélienne Brauner, cello

Fragaria Vesca blei grunnlagt av Tor Johan Bøen i 2006, og er eit fleksibelt kammermusikkensemble via framføring av musikk frå forskjellige stilartar og epokar på originalinstrument. Repertoaret strekkjer seg frå barokken og fram til det 20. hundreår.

Den grunnleggande motivasjonen for denne tilnærmingsmåten er at historisk informerte framføringar på tidsriktige instrument er med på å sette musikken i sin naturlege samanheng.
Ensemblet sine prosjekt er ofte knyta til nytt musikalsk forskingsarbeid.

Ensemblet blei nominert til Spellemannsprisen 2016 for innspelinga deira av David Monrad Johansens kammermusikk (Simax Classics).

Lunsj kan kjøpast før konserten.

Lyrikk & musikk I – Oslo kammermusikkfestival

Oslo Kammermusikkfestival arrangerer konserten Lyrikk & musikk I i Nynorskens hus 21. august.

Program Lyrikk & Musikk I

Lyrikk av Olav Nygard lest av Jon Eikemo, musikalske kontrastar ved Arve Tellefsen.

Lunsj kan kjøpast før konserten.

Kulturkveld om Vinje

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i 1818, og i år er det difor 200-årshøgtid for denne diktaren, journalisten og målmannen. Vinje var ein av dei fyrste til å ta i bruk landsmålet, og han gav ut bladet Dølen frå 1858 fram til han døydde i 1870. Ferdaminne frå sumaren 1860 og dikt som Vaaren og Ved Rundarne er mellom hovudverka til Vinje. Diktaren frå Vest-Telemark var ven av Ivar Aasen, og Vinje viste at nynorsken godt kunne brukast praktisk i pressa og lyrikk.

 

Den 12. september vert det kulturkveld om Vinje i Nynorskens hus.

Jon Severud kåserer: Vinje – ein tvisynt europear. Frå Ferdaminne til Bretland og britarne.

Ingerid Louise Birkeland og Vegar Sandholt framfører songar av Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg.

 

Teatersalen, Nynorskens hus

Fri inngang.

Sommarkonsert

Songlaget i BUL ynskjer velkomen til sumarkonsert torsdag 14. juni kl. 19.00 i Nynorskens hus.

Billett med kaffi og kaker: 100 kr.

Freiraum – Goethe-instituttet

Ein av dei mest kjente teaterregissørane i Europa, Jan Bosse frå Tyskland, regisserer stykket som blir ein improvisasjon heilt utanom det vanlege: «Allied Aliens» – der skodespelar Modou Gueye frå Senegal som bur i Milano og kollegaen Camara Joof frå Oslo, som har bakgrunn frå Ghana, kommuniserer på scenen om det å vere framand. Er det annleis å vere framand i Milano enn i Oslo?

Stykket blir arrangert som ein del av Goethe-Instituttet sitt prosjekt «Freiraum». Prosjektet skal undersøkje korleis det står til med fridomen i dei europeiske byane. Kva spørsmål oppstår når borgarar, forskarar og kulturarbeidarar tenkjer over omgrepet «fridom» på ein bestemt stad? Kva problem blir tydelege i ein by?

 

Regi: Emilie K. Beck
Produsent: Synne Seltveit
Foto: Jon-Andrè Hakvåg
Assistent: Mirjam Thorkelsdottir
Klipp: Morten Haslerud
Colorist: Jens Peder Hertzberg

Workshop-deltakarar:
Chro Borhan
Elisabeth Thorsen
Jutta Martha Beiner
Jørgen Lorentzen
Martin Bach
Mina Adampour
Nefise Özkal Lorentzen

Redaktør: Jutta Martha Beiner

Les meir om prosjektet Freiraum: https://www.goethe.de/prj/fre/en/proj.html

Gratis inngang.

 

Fortellevill – Opp frå havet

I samband med eit prosjekt me kallar «Ein dag I Nynorskens hus», vil me invitera barneskuleelevar til å koma og sjå framsyninga «Opp frå Havet». Dersom du er interessert i å koma med klassen din, kan du ta kontakt med Liv Hege Skagestad (liv.hege@mangfaldige.no).

_________

Har du nokon gong gått langs ei bryggje på ein solrik sommardag? Har du sett kor fint det kan vere når havet glitrar, og bølgjene rullar inn mot land? Og mens du går der og kjenner den varme vinden i ansiktet, så dukkar det kanskje opp noko skinnande ute i bølgjene, noko fargerikt! Og høyr, det syng! Og kanskje det snakkar?
Her får du høyre kva som kan skje når vi fiskar opp både det eine og det andre frå havet, noko stort, noko lite, noko som viser seg å vere noko heilt anna enn det du trudde.

Fortellevill består av felespelarane Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden og forteljar Anette Sandvær. Saman leiker dei seg med ord og tonar, og fortel både tøysete, tullete, spennande og akkurat passeleg alvorlege historier.

Anette Sandvær – forteljar
Jon Brodal – hardingfele
Tuva Færden – hardingfele
Dominic Kelly – regissør

Framsyninga er hovudsakleg for inviterte skuleklassar, men er også open for andre. Målgruppa er born frå 5 år og oppover. Det kostar kr. 50 som du kan betala med VIPPS eller kontant i døra.

Lilla av Jon Fosse

Den mangfaldige scenen presenterer «Lilla» av Jon Fosse

I samband med eit prosjekt me kallar «Ein dag I Nynorskens hus», vil me invitera ungdomskuleklassar til å koma og sjå framsyninga «Lilla» av Jon Fosse. Dersom du er interessert i å koma med klassen din, kan du ta kontakt med Liv Hege Skagestad (liv.hege@mangfaldige.no)

______________

 

I eit lite øvingslokale, kaldt, mørkt og utan vindauge, har fire gutar stabla på beina ein draum om at noko stort skal hende. No har dei spela så lenge at spelejobbar og fans endeleg ser ut til å vere innanfor rekkevidde, men så ein dag kjem det uventa besøk … Det som såg ut til å vere det beste i livet, blir med eitt det verste …

I rollene:

Guten: Michael Rajaji
Jenta: Ane Ranes
Trommeslagaren: Jacob Nasseri
Bassisten: Henrik Smedal Olsen
Vokalisten: William Roberts

Regi: Anders Nordhammer
Regiassistent: Marianne Ek Hagen

 

Skatten på Sjørøvarøya

Kast loss, set sjøbein og bli med på jakta på kapteins Flints skatt!

Vel møtt når Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo viser Skatten på Sjørøvarøya- ein familiemusikal bygd på på Robert Louis Stevenson sin klassikar.

Jenny Hawkins arbeider på eit vertshus og drøymer om å sjå verda utanfor Bristol når ho blir vaksen. Ein kveld dukkar sjørøvarar opp på jakt etter eit gamalt kart som skal vise vegen til ein sagnomsust skatt. Jenny endar opp med kartet og med hjelp frå doktor Livesey og godseigar Trelawney samlar dei eit mannskap for å finne den gjøymde formua. Men kan dei eigentleg stole på mannskapet? Og kven er eigentleg kokka Silver?

Teaterlaget  lovar song, mystikk, humor og ikkje så reint lite action når vi starter jakta på skatten laurdag 19. mai!

Skatten på Sjørøvarøya er ei familieframsyning som passar for barn frå omlag 7 år.

Regi: Fredrik Elfstrand
Musikar: Kjell Inge Kamsvåg

Billettprisar:
Vaksne: 160 kroner
Barn/student/honnør: 80 kroner
BUL- medlem: 100 kroner

TIMBER – vakker samtidsmusikk med eit visuelt uttrykk, iscenesett av Karoline Rising Næss

I Timber er det musikken og musikkutøvinga som set premissane for dramaturgien. Det er fokus på rørslene til musikarane, der dei naturlege gestane vert strekt og utvikla, i eit scenisk formspråk som foreinar musikk og verkemidlar frå teater og koreografi. Også strukturar i den musikalske komposisjonen vert visualisert i spelet mellom det visuelle og det auditive.

 

Kunstnarisk leiar / komponist / konsept: Karoline Rising Næss
Cellistar: Morten Hannisdal og Kaja Aadne Thoresen
Laptop-musikar: Kristoffer Lislegaard
Dansar: Geir Hytten
Kostyme: Vera Mokhova
Lysdesign: Martin Myrvold
Visingsprodusent: Dushinka Andresen
Foto: Antero Hein

 

 

Reserver billettar ved å senda ein e-post til dushinka.andresen@gmail.com eller ring 457 83 735.