Her finn du ei liste frå arrangement vi har hatt i Nynorskens hus (henta frå førre heimeside)

Folkeleg motedrakt og bunader på Austlandet

 

Den 11. april vert det kulturkveld i Nynorskens hus der tema er bunader. Bjørn Sverre Hol Haugen kåserer.

 

Bjørn Sverre kjem frå Odalen og er bunadekspert. Han er fyrstekonservator ved Anno museum på Kongsvinger. I tillegg er han fyrsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo. Han underviser i museologi og kulturhistorie.

 

Musikar Aslak Brimi spelar slåttar.

Sound/Words/Bodies

Ideen bak framsyninga er basert på tanken til musikaren Tony Oxley om at «musikk startar frå stilla» og vi vil vise at kommunikasjon også krev stille. Nokre gonger kan denne stilla gjere at vi minnest dei tinga vi elska å gjere. Vi er opptatt av korleis vi kommuniserer gjennom det fysiske og kvar det fører oss.

Prosjektet er eit samarbeid mellom dansarar og musikarar frå Noreg og Litauen og er støtta av Den mangfaldige scenen.
Arrangementet har inga aldersgrense.

Koreografi/idé: Edwin Cabascango
Utøvarar: Migle Praniauskaite, Paulius Prievelis, Edwin Cabascango
Musikk: Safaa Al- Saadi

Billettar: 100 kr
Send ein e-post til textureandmovement@gmail.com for å resevere billettar. Billettane kan også kjøpast i døra.

Foto: Darja Olsevskaja

Lilla

Den mangfaldige scenen presenterer «Lilla» av Jon Fosse

 

I eit lite øvingslokale, kaldt, mørkt og utan vindauge, har fire gutar stabla på beina ein draum om at noko stort skal hende. No har dei spela så lenge at spelejobbar og fans endeleg ser ut til å vere innanfor rekkevidde, men så ein dag kjem det uventa besøk … Det som såg ut til å vere det beste i livet, blir med eitt det verste …

I rollene:

Guten: Michael Rajaji
Jenta: Ane Ranes
Trommeslagaren: Jacob Nasseri
Bassisten: Henrik Smedal Olsen
Vokalisten: William Roberts

Regi: Anders Nordhammer
Regiassistent: Marianne Ek Hagen

 

Premiere 2. mars kl. 19.00
Framsyningar laurdag 3. mars kl. 19.00 og søndag 4. mars kl. 19.00.

Facebook-hending

God gammaldags trombonekonsert

Velkomen til konsert med Norsk tromboneensemble! Vi gjer eit nytt forsøk på å bevise at all musikk høyrest best ut på trombone. Frå forte barokknotar til mektig filmmusikk, og sjølvsagt innom nokre nydelege svisker.

NTE består av:
Audun Breen, Oslo-Filharmonien
Sverre Riise, Kringkastingsorkestret (KORK)
Petter Winroth, KORK
Clare Farr, KORK

Billettar: 200 / 100 (ungdom/student, honnør). Barn under 16 år gratis.
Sal skjer i døra med Vipps (føretrekt!) eller nøyaktig beløp (vi har ikkje veksel)

Konserten blir støtta av Kulturetaten, Oslo Kommune.

Facebook-hending

Sa’o – folkemusikk frå heile Noreg

Birkelunden Brøstklang presenterer:

Sa’o – folkemusikk frå heile Noreg!

 

Dirigent: Benedikte Kruse Fele: Mari Skeie Ljones

Repertoaret er inspirert av mellom anna vokaltrioen Eplemøya Songlag, gode gammaldagse folketonar i både ny og gammal innpakning, bryllaup, drikking, sorg og dans.

20 kr. rabatt på forhåndskjøpte billetter.

 

Birkelunden Brøstklang er eit ambisiøst kvinneleg vokalensamble bestående av 18 songare i alderen 26 til 39 år. Vi starta i 2010 og har siden den gong hatt 15 konsertar og mange bestillingsoppdrag for, mellom anna, Fortidsminneforeninga, OsloMet, Oslo kommune, Musikkfest Oslo og private aktørar.

For meir om oss, sjekk ut Facebook og Instagram!

 

Den mangfaldige scenen: Audition 20.–21. januar

Den mangfaldige scenen har opptak av nye barn og ungdom til teaterkurs og produksjonar i 2018. Frist for påmelding er 17. januar 2018. For meir informasjon og påmeldingskjema kan du sjå http://www.mangfaldige.no/.

Liggekonsert med Slagr

Velkomen til liggekonsert med Slagr på Nynorskens hus!

Dette er ein sjeldan moglegheit til å leggja deg ned på ei matte med eit varmande teppe, og la musikk og ro kopla deg fri i ein liten time.

Slagrs musikk – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – beveger seg stille i grenseland mellom fleire sjangrar. Sjølv kallar vi det akustisk ambient, eller meditativ kammerfolkemusikk.

Publikum får utdelt liggeunderlag og teppe.

www.slagr.com

DRAUMKVEDET – EI REISE I TIDA OG I MENNESKESINNET

ør
høyrde eg stemmer frå vi
eit vi
dette vi-et snakka og song framtidssong
syng den songen for meg mollimokka

 

DRAUMKVEDET – EI REISE I TIDA OG I MENNESKESINNET
Framsyninga Draumkvedet baserer seg på den kjende mellomalderballaden med same namn. Her
møter me Olav som fell i djup svevn på juleftan, og som i draumen vandrar gjennom dødsriket. Først
trettandedag jul vaknar han opp og dreg til kyrkja for å fortelja om draumane sine.
Vår versjon av kvadet er blitt til ein monolog for skodespelaren Morten Espeland, og dei historiske
versa er omkransa av nyskriven tekst av dramatikaren Eirik Fauske.
I Draumkvedet følgjer publikum skodespelaren på ei reise inn i karakteren Olav, og vidare inn i
draumane hans. Draumereisa tek oss gjennom ei rekkje landskap der ein beveger seg frå noko
heimleg og kjent, til noko forvitra, mystisk, øydelagt og marerittaktig. Kanskje dukkar brotstykke av
historier opp? Kven er Olav? Kva har hendt han? Er han sjuk? Har han vore utsett for ei ulukke?
Drøymer han, eller er han i ferd med å døy?

pust
eg pustar ein gong i minuttet
pust inn
tel til tretti
pust ut

dei står i ring omkring meg no
og vil meg oppatt vekke
pust inn
pust ut

Draumkvedet er eit tidleg, norsk eksempel på såkalla visjonslitteratur. Diktet blei overlevert munnleg
frå generasjon til generasjon i fleire hundre år, og er samla inn i over 100 ulike versjonar. Somme av
versjonane er blitt opphøgde til nasjonale skattar, medan andre blir sett på med meir misstenkelege
auger. YMIST. har latt seg fasinera av Anne Skålen sin villare versjon som langt på veg er blitt
devaluert som ”upaalidelig og ikke sanddru”.

6. januar – eller trettande dag jul – dagen då Olav vakna, hadde framsyninga premiere på
Ungdomshuset Nordvang i fjellbygda Vats (Ål).

Etter dette drog framsyninga vidare til Ullensvang, Ulvik, Granvin, Strandebarm, Bergen, Stord og Oslo.
Framsyningane i Hordaland er i samarbeid med Hordaland Teater.

Kompaniet er no ferdige med ein godt besøkt turné. Spelestadene, forsamlingshus med røter i ungdomsrørsla, danna ei visuelt og tematisk spennande ramme rundt denne nytolkinga av ein kulturhistorisk sentral tekst. Dette er «drivande godt» gjort, meiner Norsk Shakespearetidsskrift.

 

Framsyningar i Nynorskens hus:
26., 27. og 28. jan kl. 19.00

Medverkande:
Skodespelar: Morten Espeland; Instruktør: Erlend Samnøen; Dramatikar: Eirik Fauske; Scenograf:
Maja Nilsen; Lysdesign: Evelina Dembacke og Tilo Hahn; Lyddesign: Nils Jakob Langvik; Dramaturg:
Kai Johnsen; Tekstdramaturg: Finn Totland; Produsent: Ida Willassen; Teknikkar: Alf Erik Fylkesnes

Støtta av:
Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Dramatikkens hus,
Bergesenstiftelsen, Hordaland Fylkeskommune og Hordaland Teater.

VAKUUM

Stykket handlar om eit treffpunkt, ein kafeteria i Midtausten – Irak, Syria eller Libanon.

Denne staden har vore ein sosialiseringsarena for alle og spesielt for ungdom som oppsøkte trivsel, spenning og ikkje minst vaksne førebilete. Plutseleg er staden tom. Dette skyldast krig, naturkatastrofar eller børsfall / økonomi krise.

Stykket tek føre seg alle karakterane sine opplevingar i den nye situasjonen. Dei eksistensselle spørsmåla blir tilarbeida gjennom den dominante økonomiske makta over menneske. Nesten alt forsvinn mellom nummererte kodar. Derfor spør alle om tilhøyrsla si og finn ikkje riktig svar. Kanskje skapar dette nokre dilemma i publikum?

 

Manus og regi: Shwan Wahed

KRANTZ: Light – You blew it

Årets siste KRANTZ er ein sprelsk og litt annleis konsert. Rik på kontrastar og naturbilete er konserten ein gjennomarbeida musikalsk heilskap der stykka går saumlaust over i kvarandre. Musikken er skrive av Håkon Thelin, Christian Wolff, John Adams, Salvatore Sciarrino og Jacob Druckmann.

Velkomen til ein stemningsfull konsert på Nynorskens hus laurdag 2.desember kl. 19.00!

 

Medverkande:

Mathias Halvorsen, piano

Guro Asheim, fiolin

Nikolai Matthews, kontrabass

 

KRANTZ er ein liten konsertserie på Nynorskens hus midt i Oslo sentrum der musikken kjem så nær som mogleg. Etter konserten er publikum hjarteleg velkomne til å ta eit glas med musikarane medan meiningar, synsing og anna opplevingsbasert prat flyt fritt.

Meir informasjon kan du finna her:

Krantz si heimeside

Facebook