Glimt frå prøve – lanseringa av Poesiar etter Henrik Wergeland av Jon Fosse

Med mellom anna Emine Reyes, Camara Joof, Hermine Heyerdahl Skagestad, Morten Espeland og Ingrid Dissen

 

Bergmannen med 6 unge og Bjørn Sundquist

Bethine, Hafeeza, Manan, Emine, Hermine og Vetle frå den mangfaldige scenen framfører Bergmannen av Henrik Ibsen. For første gong omsatt til nynorsk. Regi Bjørn Sundquist

Sjå oppslag som blei sendt på NRK super

» En fryd å jobbe med barn! Teater og lek hører sammen, og leken er en forutsetning for dem. De er naturlige – som også betyr at de nekter å skape seg.  Ærlige i uttrykket. Og de forstår den uutgrunnelige Ibsen umiddelbart: livet er sånn, bare. Han som leter etter svarene på det store mysteriet, det er det vi alle holder på med! Og vi må bare fortsette. Lete etter edelsteinene inne i det mørke fjellet.»  Bjørn Sundquist etter arbeidet med barna i Den mangfaldige scenen

Bergmannen blei første gong framført i eit program saman med Beethoven opus 18 nr 1 (siste sats) saman med  Alegrarkvartetten  Programmet var ein del av Oslo Quartet Series  Ibsen møter Beethoven med Sundquist og Engegårdkvartetten  Terje Vigen og Opus 132

Prosjektet er eit samarbeid med Oslo Quartet Series og Bjørn Sundquist og Engegårdkvartetten

Frå pressekonferansen 15.2 Nils Gaup med ny film om Aksel Waldemar Johannessen

Frå pressekonferansen

Tre dagar etter premieren på filmen “Birkebeinerne” presenterte regissør Nils Gaup det neste filmprosjektet sitt; forteljinga om Aksel Waldemar Johannessen

Øvrige deltakarar  Morten Krogvold, Haakon Mehren, Tor Obrestad, Øyvind Storm Bjerke presentert  dramaet frå norsk kulturhistorie som dannar bakteppet for Nils Gaup sitt neste filmprosjekt.

Høyr NRK P2 Kulturhuset frå pressekonferansen

Sjå God morgon Norge

Les omtale i

Dagbladet

Klassekampen

Dagsavisen

Les Haakon Mehren sitt innlegg

Om Aksel Waldemar Johannessen

Sjå opptak av heile pressekonferansen

Gratulerer Jon Fosse!

Vi gratulerer Jon Fosse med Nordisk råds litteraturpris!

Jon Fosse vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris 2015 for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, utgitt på Samlaget i 2014.

Klikk her og les meir om trilogien på Samlaget sine nettsider

Klikk her og les meir på Nordisk Råd sine sider her

Klikk her og sjå innslag i Dagsrevyen 28. oktober 2015.

Høyr opplesing av Andvake her

Jon Fosse sitt stykke Hav hadde premiere Schauspilerhaus Zûrich 5. november 2015.
BUL/Nynorskens hus var hovudprodusent for urpremieren i 2014, og dette er første oppsetninga utanfor Noreg.

Klikk her og les meir om stykket Schauspielhaus Zürich

 

Hav av Jon Fosse nominert til Ibsenprisen

Jon Fosse er nominert for stykket Hav, Kim Atle Hansen for stykket Sensurert, og Cecilie Løveid for stykket Visning.

Årets nasjonale Ibsenpris blir delt ut i Skien 14. oktober kl 19.00 i Ibsenhuset.

Den nasjonale Ibsenprisen er Skien kommune sin pris og landets einaste dramatikkpris.

Prisen blei for første gong delt ut i 1986 og er på 150 000 kr, samt ein statuett av Nina Sundbye.

Ibsenprisen blir delt ut til ein norsk dramatikar som har fått oppført eit nytt verk for barn eller vaksne ved eit profesjonelt teater siste året, eller for eit samla forfattarskap.

JON FOSSE er nominert for stykket HAV
Hav hadde premiere under Festspillene i Bergen 22. mai 2014.

KIM ATLE HANSEN er nominert for stykket SENSURERT
Sensurert hadde premiere på Det Norske Teater 20. november 2014.

CECILIE LØVEID er nominert for stykket VISNING
Visning hadde premiere på Nathionalteateret 23. januar 2014.

Juryens leiar er Anette Therese Pettersen, Norsk kritikerlag.

Foto: Tom A. Kolstad (samlaget.no)

Kronikk: Kulturarven som raknar i saumen

Den kulturarven som bunaden representerer er i en kritisk situasjon.

Denne kronikken er skrevet av Marit Jacobsen fra Norges Husflidslag, Liv Hege Skagestad fra Nynorskens hus/Heimen og Gisle Mariani Mardal fra Norwegian Fashion Institute

I alle deler av landet gjer folk klare bunadene sine til nasjonaldagen, og bunadstilverkarar i stover og husflidsbutikkar syr på spreng. Rett før 17. mai samlast over 80 designarar, handverkarar, fagfolk og politikarar i Nynorskens hus ved Heimen Husflid, midt i Oslo sentrum, fordi den kulturarven som bunaden representerer er i ein kritisk situasjon.

Det er ikkje tilfeldig at denne debatten skjer i Nynorskens hus og Heimen. For 100 år sidan var det her den første kartlegginga og kanoniseringa av bunadene skjedde, med Hulda Garborg i spissen. Dette var tida for nasjonal reising, og Hardangerbunaden vart sett på som den einaste nasjonaldrakta. Hulda Garborg drog rundt i heile landet og arrangerte leikarringar og songdansar, men det som imponerte ho mest var dei ulike festdraktene folk brukte. Draktene i Norge representerte eit mangfald av ulike uttrykk og var ein mosaikk av lokale materialar, som ull, og innverknad frå det store utland, som silke.

Hulda Garborg starta innsamlinga av mønster og handverk. I 1912 vart Heimen Teiknekontor etablert i samarbeid mellom Hulda og kunstnaren og kostymeteiknaren ved Det Norske Teater, Aksel Waldemar Johannessen, og kona hans Anna. Dei teikna og konstruerte fleire bunader, og idealet var at bunadene skulle vere festplagg som alle skulle ha råd til å skaffe seg ved å brodere dei sjølve. Draktene skulle vere behagelege å ha på seg, og dei skulle vere laga av norske produkt, som ulltråd og ullstoff.

Sidan den gongen har ei rekke kvinner (og nokre menn) gjort store arbeid for å samle inn og dokumentere tradisjonsarven og ikkje minst halde levande eit handverk. Og samtidig har bunadskanonen blitt gradvis utvida med rekonstruksjonar og nye drakter inspirert av kulturarven, eksempel her er Oslodrakten, Kåfjord- og Altabunadene. Og denne utviklinga held fram. Ein kan til dømes tenke seg nye bunader som speglar møte mellom indisk og norsk handverkstradisjon og estetisk uttrykk. Slik er bunader levende speglar på eit mangfaldig samfunn, der ein har respekt for arv og for at menneska hele tida skapar nye uttrykk.

Bunaden er det næraste vi kjem høg-saum (Haute Couture) i Noreg. Det er dei seinare åra eit aukande medvit om at bunaden er ei gullgruve i utvikling av mote og kunst. Det unike handverket og uttrykka representerer eit konkurransefortrinn og ikkje minst kunnskap om klede som får økt verdi med alder og bruk. Fleire av dagens toneangjevande designarar tar i bruk dei kvalitetane og uttrykka som bunaden og tradisjonelt handverk representerer. Og fleire har fått augo opp for at kunnskapen om teknikkar, design og materialval bygger på ei handverksoverføring som er svært sårbar. Paradokset er at til trass for denne massive verdien, så er vi meir enn nokon gong trua av at færre og færre kan dette spesielle og svært samansette handverket som bunadstilverking er.

Generelt er det færre som syr for hand. Medan interessa for strikking stadig har ein bølgjetopp, så er teknikkar innan til dømes broderi meir krevjande arbeid. På grunn av norske lønnsvilkår har fleire bunadsprodusentar vore nøydde til å setje produksjon ut av landet for å klare seg kommersielt. Erfaring har vist at om ikkje denne utviklinga skjer på ein gjennomtenkt måte, vil kvaliteten forringast og løysingane forenklast – der ein før sydde blir det limt, der ein før nennsamt tilpassa bunaden til konfirmanten blir det berre standardiserte løysingar. Slik mister vi mangfaldet, den særlege kvaliteten og kanskje kjerneverdiane i denne draktarven. For det å skape kvalitet krev kunnskap, flid og tid. Det er svært kritisk at vi får augo opp for realitetane, og vi må kunne vente ein langt større politisk vilje til handling.

Det er kunnskapspolitikk som må til for å sikre at denne levande kulturarven også vil vere til glede for komande generasjonar, og at vi kan ta i bruk desse verdiane i mote- og tekstilsektoren. Det er opplagt eit sterkt generelt behov for kunnskapsløft og auka satsing i Noreg når det gjeld kulturarv, slik at vi som andre land tek vare på, utviklar og ikkje berre riv ned. Og det er også ei kjensgjerning at medan det fysiske kulturminnet (og i mange tilfelle dei mannsdominerte handverksyrka) i periodar har blitt politisk og økonomisk prioritert, har dei kvinnedominerte handverka blitt neglisjert. Handarbeid blir sett på som hobby og kvinnesyssel, og blir ikkje anerkjent som kunnskap. Det viser seg i mangelen på ein gjennomtenkt politikk eller plan for å gi barn moglegheit til lære handverk, i mangelen på god nok høgare utdanning innan feltet, og i kor små midlar som blir lagt inn i lærlingordningane.

Bunader har stor verdi for svært mange menneske i Noreg. Dei er også symbol på mangfald og demokrati – kulturarv av nasjonal betyding.

Vi ventar av politikarane når dei no står i bunader på 17. mai at dei også kjenner den gode tyngda av at dei er ansvarlege for å bere denne arven vidare på ein verdig og kvalifisert måte, at dei bygger opp i staden for å bygge ned. Dette er starten på ein aksjon for kunnskap, for at vi framleis kan ha klede som varer og lever generasjon etter generasjon. Noreg er gjennom UNESCO-konvensjonen for immateriell og materiell kulturarv forplikta til å sikre særeigne og sårbare tradisjonsuttrykk. Men like viktig er det at vi er forplikta overfor oss sjølve til å ta vare på og bruke denne unike kunnskapen. Og på kunnskap skal landet byggast. God 17. mai.

Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. [15. mai 2015]