Kronikk: Kulturarven som raknar i saumen

Den kulturarven som bunaden representerer er i en kritisk situasjon.

Denne kronikken er skrevet av Marit Jacobsen fra Norges Husflidslag, Liv Hege Skagestad fra Nynorskens hus/Heimen og Gisle Mariani Mardal fra Norwegian Fashion Institute

I alle deler av landet gjer folk klare bunadene sine til nasjonaldagen, og bunadstilverkarar i stover og husflidsbutikkar syr på spreng. Rett før 17. mai samlast over 80 designarar, handverkarar, fagfolk og politikarar i Nynorskens hus ved Heimen Husflid, midt i Oslo sentrum, fordi den kulturarven som bunaden representerer er i ein kritisk situasjon.

Det er ikkje tilfeldig at denne debatten skjer i Nynorskens hus og Heimen. For 100 år sidan var det her den første kartlegginga og kanoniseringa av bunadene skjedde, med Hulda Garborg i spissen. Dette var tida for nasjonal reising, og Hardangerbunaden vart sett på som den einaste nasjonaldrakta. Hulda Garborg drog rundt i heile landet og arrangerte leikarringar og songdansar, men det som imponerte ho mest var dei ulike festdraktene folk brukte. Draktene i Norge representerte eit mangfald av ulike uttrykk og var ein mosaikk av lokale materialar, som ull, og innverknad frå det store utland, som silke.

Hulda Garborg starta innsamlinga av mønster og handverk. I 1912 vart Heimen Teiknekontor etablert i samarbeid mellom Hulda og kunstnaren og kostymeteiknaren ved Det Norske Teater, Aksel Waldemar Johannessen, og kona hans Anna. Dei teikna og konstruerte fleire bunader, og idealet var at bunadene skulle vere festplagg som alle skulle ha råd til å skaffe seg ved å brodere dei sjølve. Draktene skulle vere behagelege å ha på seg, og dei skulle vere laga av norske produkt, som ulltråd og ullstoff.

Sidan den gongen har ei rekke kvinner (og nokre menn) gjort store arbeid for å samle inn og dokumentere tradisjonsarven og ikkje minst halde levande eit handverk. Og samtidig har bunadskanonen blitt gradvis utvida med rekonstruksjonar og nye drakter inspirert av kulturarven, eksempel her er Oslodrakten, Kåfjord- og Altabunadene. Og denne utviklinga held fram. Ein kan til dømes tenke seg nye bunader som speglar møte mellom indisk og norsk handverkstradisjon og estetisk uttrykk. Slik er bunader levende speglar på eit mangfaldig samfunn, der ein har respekt for arv og for at menneska hele tida skapar nye uttrykk.

Bunaden er det næraste vi kjem høg-saum (Haute Couture) i Noreg. Det er dei seinare åra eit aukande medvit om at bunaden er ei gullgruve i utvikling av mote og kunst. Det unike handverket og uttrykka representerer eit konkurransefortrinn og ikkje minst kunnskap om klede som får økt verdi med alder og bruk. Fleire av dagens toneangjevande designarar tar i bruk dei kvalitetane og uttrykka som bunaden og tradisjonelt handverk representerer. Og fleire har fått augo opp for at kunnskapen om teknikkar, design og materialval bygger på ei handverksoverføring som er svært sårbar. Paradokset er at til trass for denne massive verdien, så er vi meir enn nokon gong trua av at færre og færre kan dette spesielle og svært samansette handverket som bunadstilverking er.

Generelt er det færre som syr for hand. Medan interessa for strikking stadig har ein bølgjetopp, så er teknikkar innan til dømes broderi meir krevjande arbeid. På grunn av norske lønnsvilkår har fleire bunadsprodusentar vore nøydde til å setje produksjon ut av landet for å klare seg kommersielt. Erfaring har vist at om ikkje denne utviklinga skjer på ein gjennomtenkt måte, vil kvaliteten forringast og løysingane forenklast – der ein før sydde blir det limt, der ein før nennsamt tilpassa bunaden til konfirmanten blir det berre standardiserte løysingar. Slik mister vi mangfaldet, den særlege kvaliteten og kanskje kjerneverdiane i denne draktarven. For det å skape kvalitet krev kunnskap, flid og tid. Det er svært kritisk at vi får augo opp for realitetane, og vi må kunne vente ein langt større politisk vilje til handling.

Det er kunnskapspolitikk som må til for å sikre at denne levande kulturarven også vil vere til glede for komande generasjonar, og at vi kan ta i bruk desse verdiane i mote- og tekstilsektoren. Det er opplagt eit sterkt generelt behov for kunnskapsløft og auka satsing i Noreg når det gjeld kulturarv, slik at vi som andre land tek vare på, utviklar og ikkje berre riv ned. Og det er også ei kjensgjerning at medan det fysiske kulturminnet (og i mange tilfelle dei mannsdominerte handverksyrka) i periodar har blitt politisk og økonomisk prioritert, har dei kvinnedominerte handverka blitt neglisjert. Handarbeid blir sett på som hobby og kvinnesyssel, og blir ikkje anerkjent som kunnskap. Det viser seg i mangelen på ein gjennomtenkt politikk eller plan for å gi barn moglegheit til lære handverk, i mangelen på god nok høgare utdanning innan feltet, og i kor små midlar som blir lagt inn i lærlingordningane.

Bunader har stor verdi for svært mange menneske i Noreg. Dei er også symbol på mangfald og demokrati – kulturarv av nasjonal betyding.

Vi ventar av politikarane når dei no står i bunader på 17. mai at dei også kjenner den gode tyngda av at dei er ansvarlege for å bere denne arven vidare på ein verdig og kvalifisert måte, at dei bygger opp i staden for å bygge ned. Dette er starten på ein aksjon for kunnskap, for at vi framleis kan ha klede som varer og lever generasjon etter generasjon. Noreg er gjennom UNESCO-konvensjonen for immateriell og materiell kulturarv forplikta til å sikre særeigne og sårbare tradisjonsuttrykk. Men like viktig er det at vi er forplikta overfor oss sjølve til å ta vare på og bruke denne unike kunnskapen. Og på kunnskap skal landet byggast. God 17. mai.

Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. [15. mai 2015]