Skismørjekurs

Snøen er her! Lær om preparering og smøring av ski

Onsdag 14. januar kl. 17 inviterer Idrottslaget til preparerings- og smørekurs i Teatersalen i Rosenkrantz´ gate 8.

Ole Morten Weng i langrennsgruppa, far til Heidi Weng og ekspert på skipreparering og -smøring, held ”kurs” for BUL-folk og andre interesserte. Han kjem nesten direkte frå sisteetappa i Tour de Ski der Heidi kjempar om seier! Kanskje kan vi feire ein vinnar?

Ole Morten vil lære oss korleis vi på ein enkel måte kan rense, preparere og smøre ski slik at vi kan få meir glede av skituren, anten vi er mosjonist eller konkurranseutøvar, eller om det er kald eller våt snø. Dette skjer gjennom både informasjon og praktisk demonstrasjon.

Ta gjerne med eit skipar – er du heldig får du skia preparert i løpet av kvelden! Ole Morten vil elles gi kvalifiserte råd om du har spørsmål om skiutstyr som lengde på stavar og ski, spenn, såle, struktur mv.

BUL-medlemmer og andre interesserte er velkomne!