Klimafestivalen § 112

25 tekstar til Klima- og miljøminister Tine Sundtoft

4. februar møtte representantar frå Forfatternes klimaaksjon, ungdomsorganisasjonen Spire og Nynorskens hus/BUL klima- og miljøministeren for å overbringe dei to første av i alt 25 tekstar om miljø og klima.

 

Tekstane er skrivne av 11 ungdommar og 9 etablerte forfattarar under ein skrivedugnad søndag 4. januar.

Ministeren møtte:
Birgitte Brøtmet, ein av ungdommane som var med på skrivedugnaden
Torgeir Rebolledo Pedersen, forfattar av ein av tekstane
Elna Bastiansen, Harald Dean og Are Schille Schau frå Spire
Brit Bildøen og Line Baugstø frå Forfatternes klimaksjon § 112
Liv Hege Skagestad frå Nynorskens hus/BUL

 

Dette var vår opptrapping mot debatten om klimamåla som no er varsla.

I 24 dagar framover vil vi sende desse tekstane til Tine Sundtoft. Ein slags klimakalender frå 4. til 28. februar. Kvar dag sin tekst.

Andre som sit i ansvarlege posisjonar, regjeringsmedlemmer, partileiarar, andre toppleiarar vil få nokon av tekstane i kopi.

Dei første to tekstane «gjekk» vi over til klima- og miljødepartementet, og dei to forfattarane Birgitte Brøtmet og Torgeir Rebolledo Pederen las høgt frå sine bidrag for ministeren.

Tekstane vil bli publisert på Spire sin blogg etter kvart som dei har blitt sendt ministeren:http://spirebloggen.no

Dersom de ønskjer å trykke nokon av desse tekstane eller snakke med deltakarane frå skrivedugnaden, ta kontakt med Brit Bildøen (41684225) eller Liv Hege Skagestad (48099709)