Recurring

Kaffetår

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Teaterframsyninga Kaffetår tar deg med på Sadiqs reise frå Pakistan på slutten av 60-talet – til Noreg i dag. Med ei fargerik framsyning markerer Toni Usman Produksjoner at det er femti år sidan dei første pakistanarane kom til Noreg med draumar om arbeid og ei betre framtid.

Liggekonsert med Slagr

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Dette er ein sjeldan moglegheit til å leggje deg ned på ei matte med eit varmande teppe, og la musikk og ro kople deg fri i ein time.

Byrjingsspel

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Med utgangspunkt i ei scene frå Sluttspel av Samuel Beckett, granskar vi nye byrjingar i denne framsyninga. Vi oppdagar sola på nytt. Og edderkoppnettet. Og den gråskjella snigelen som kryp tvers over stien og legg stråa flate etter seg. Også oppdagar vi kvarandre; letta over at vi kjem kvarandre i møte. Og frykta for at vi ikkje skulle gjere det.

UTSETT: Boklansering og samtale

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Grunna Covid-19 blir dette arrangementet utsett. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir.

Gratis

OSLO GRIEG FESTIVAL

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Kunstnaren, tonediktaren og mennesket Edvard Grieg inspirerer. Grieg Selskapet i Oslo blei etablert 15. juni 1993 på Griegs 150-årsdag. Oslo Grieg Festival er tufta på ein stor tradisjon og fagleg tyngde som vi ønskjer å la nye, unge krefter fargelegge.

PELI POIKKI – SKOGFINNA KJEM

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Norsk Skogfinsk Museum og Bondeungdomslaget i Oslo inviterer til kulturkveld for å gjere den skogfinske kulturarven meir kjent. Smittevernreglane gjer at det vil vere få plassar, men det er mogleg å melde seg på ei venteliste.

AVLYST: Bokpresentasjon: Bibelens kvinner

Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo er denne hausten aktuell med boka: "Bibelens kvinner. Historiene som forma verda.» Biskop Kari Veiteberg har tidlegare skrive to bøker frå liknande perspektiv: "Bibelens kvinner» og «Evas døtre».
Denne kvelden møtest dei to til ein samtale der kvinnene trer fram frå skuggane og skin som dei modige, smarte og kreative damene dei er.