Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

PELI POIKKI – SKOGFINNA KJEM

24. oktober 2020 kl. 16:0022:00

Norsk Skogfinsk Museum og Bondeungdomslaget i Oslo inviterer til kulturkveld for å gjere den skogfinske kulturarven meir kjent. Dette blir eit arrangement både for dei med skogfinske anar og dei som vil bli kjent med ein lite påakta del av norsk innvandrarhistorie.

Skogfinnane er etterkomarar etter finnar som innvandra til Noreg tidleg på 1600-talet. Dei busette seg etterkvart i skogsområde på store delar av Austlandet, i det som no er i alt 40 kommunar og 8 fylke.

Kulturkvelden vil gi innsikt i historie og notid for denne nasjonale minoriteten og det vil også bli vist ny og gamal skogfinsk kultur – husflid, song, dans og mat.

Facebook-hending

Smittevernreglane gjer at det vil vere få plassar til andre enn særskilt inviterte. Det er mogleg å melde seg på ei venteliste med namn og telefonnummer til e-postadressa: pelipoikki@icloud.com så snart som råd!

Ein kan kome seg inn ved å melde seg som friviljug på Facebook-gruppa Dugnadsgruppe: Peli poikki – skogfinna kjem!

Vi gjer filmopptak av heile tilskipinga, og skal syte for at denne i ettertid blir tilgjengeleg for alle som ønskjer å sjå.

 

 

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
16:00 – 22:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
16:00 – 22:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart