Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

UTSETT: Boklansering og samtale

25. mars 2020 kl. 17:3019:00

- Gratis

Grunna Covid-19 blir dette arrangementet utsett. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir.

 

Kom og høyr tre forfattarar i samtale med Ole Mathismoen om tre viktige bøker:
Siri Helle: Med berre nevane
Line Nagell Ylvisåker: Verda mi smeltar
Sigri Sandberg: Mørke

Påmelding/plassreservering: samlagsrota@gmail.com
Eller trykk på Deltek-knappen på Facebook-hendinga
Gratis
Ta gjerne med deg slekt og vener! Del gjerne Facebook-hendinga med venene dine!

Nærare omtale

Med berre nevane

Med berre nevane er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne.

Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho arbeider tidvis som skribent og journalist, snikkarassistent og geitebudeie.

Verda mi smeltar

I 2006 byrja vestlendingen Line Nagell Ylvisåker som journalist i Svalbardposten. Same året skreiv ein kollega i avisa at Svalbard kunne bli opptil åtte grader varmare i 2100, men Nagell Ylvisåker lét seg ikkje affisera. Ho susa rundt på skuter, blei kjent med fjella og midnattssola og fekk fridom gjennom eiga bjørnerifle.

Våren 2019 hadde Longyearbyen vore varmare enn normalen meir enn åtte år i strekk. Dei første åra merka ikkje Nagell Ylvisåker endringane, men frå 2015 skjedde det noko. Snøen dundra ned frå fjellet Sukkertoppen, og ei to år gamal jente og ein familiefar døydde. Det gjekk jordskred, og hus vart evakuerte då jorda sprakk opp etter kraftige regnvêr. Kva i alle dagar skjer i hennar kjære Longyearby?

Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal. Ho er utdanna journalist og arbeidde frå 2006 til 2018 i Svalbardposten.

Mørke
Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse. Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel.

Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo.

Samtalepartnar og utspørjar Ole Mathismoen (f. 1961) er journalist i Aftenposten der han skriv om natur, miljø og klima. Han er også forfattar av natur- og klimabøker for barn og vaksne.

Detaljar:

Dato
25. mars 2020
Tid:
17:30 – 19:00
Billettpris:
Gratis
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
25. mars 2020
Tid:
17:30 – 19:00
Billettpris:
Gratis
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart