Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

AVLYST: Bokpresentasjon: Bibelens kvinner

4. november 2020 kl. 18:00

Vennelaget Samlagsrota sluttar opp om Det Norske Samlaget og arbeider særskilt med å spreie kunnskap om nynorske forfattarskapar.

 


Innan ramma av gode smittevernreglar byd vi som medarrangør inn til bokpresentasjon:

Bibelens kvinner. Alf Kjetil Walgermo i samtale med biskop Kari Veiteberg

 

Stad: Teatersalen i Nynorskens hus. Tid: 4. november 2020 kl. 1800

Medverknad: Songlaget i BUL 

 

Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo er denne hausten aktuell med boka: «Bibelens kvinner. Historiene som forma verda.» Biskop Kari Veiteberg har tidlegare skrive to bøker frå liknande perspektiv: «Bibelens kvinner» og «Evas døtre».

Denne kvelden møtest dei to til ein samtale der kvinnene trer fram frå skuggane og skin som dei modige, smarte og kreative damene dei er. I bøkene deira, og i samtalen denne kvelden, spelar kvinnene hovudrolla. Maria, Rut og Rakel kjenner vi, men kva med Susanna, Judit og Hulda? Ester, Rahab og Jael? I alt finst fleire hundre kvinner omtalt i bøkenes bok.

To tusen år og meir skil oss frå kvinnene i Bibelen. Korleis er forteljingane framleis gyldige, kva har dei å seie oss i dag? Om avstanden er stor i tid, er han mindre i liv og lagnad. Vi strevar med det same, framleis. Lengtar og håper på same måten.

Veiteberg og Walgermo samtalar i felles beundring for kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne, og utforskar korleis det kvinnelege perspektivet kan nyansere og utdjupe forståinga vår av forteljingane i Bibelen.

Programmet er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

Interesserte må melde seg på med e-post til samlagsrota@gmail.com  Dei første 60 som melder seg på, får plass. Det vil òg bli lagt ut informasjon om denne kvelden på Facebook, så dryg ikkje med å melde deg på.

 

Vi nemner alt no også den neste presentasjonen som skjer 16. november på same staden:

Yt etter evne, få etter behov. Olaug Nilssen i samtale med Laura Djupvik.

 

Tilskiparar er Vennelaget Samlagsrota og Rom for ord i samarbeid med Samlaget og Bondeungdomslaget i Oslo

Detaljar:

Dato
4. november 2020
Tid:
18:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
4. november 2020
Tid:
18:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart