Utflytt døl
Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, NorgeStiftinga G-Kultur ønskjer velkomen til kulturarrangementet Utflytt døl laurdag 1. februar kl. 14.00.
Stiftinga G-Kultur ønskjer velkomen til kulturarrangementet Utflytt døl laurdag 1. februar kl. 14.00.
Med utgangspunkt i ei scene frå Sluttspel av Samuel Beckett, granskar vi nye byrjingar i denne framsyninga. Vi oppdagar sola på nytt. Og edderkoppnettet. Og den gråskjella snigelen som kryp tvers over stien og legg stråa flate etter seg. Også oppdagar vi kvarandre; letta over at vi kjem kvarandre i møte. Og frykta for at vi ikkje skulle gjere det.
Grunna Covid-19 blir dette arrangementet utsett. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir.
Kunstnaren, tonediktaren og mennesket Edvard Grieg inspirerer. Grieg Selskapet i Oslo blei etablert 15. juni 1993 på Griegs 150-årsdag. Oslo Grieg Festival er tufta på ein stor tradisjon og fagleg tyngde som vi ønskjer å la nye, unge krefter fargelegge.
Norsk Skogfinsk Museum og Bondeungdomslaget i Oslo inviterer til kulturkveld for å gjere den skogfinske kulturarven meir kjent. Smittevernreglane gjer at det vil vere få plassar, men det er mogleg å melde seg på ei venteliste.
Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo er denne hausten aktuell med boka: "Bibelens kvinner. Historiene som forma verda.» Biskop Kari Veiteberg har tidlegare skrive to bøker frå liknande perspektiv: "Bibelens kvinner» og «Evas døtre».
Denne kvelden møtest dei to til ein samtale der kvinnene trer fram frå skuggane og skin som dei modige, smarte og kreative damene dei er.