Taheli e djimmi

Gruppa Deoran presenterer konserten «Taheli e djimmi», der målgruppa er born mellom tre og sju år. Tittelen på framsyninga tyder ”Forteljing og musikk” på fulani, eit vestafrikansk nomadespråk.

Adama Barry er musikar, forteljar, dansar mv., opphavleg fra Burkina Faso i Vestafrika. Han er eit oppkomme av forteljingar, ein eminent musikar og har ei heilt eiga kontakt med publikum.

Anneke Bjørgum, den andre utøvaren, er forfattar, omsetjar, musikar mv., opphavleg frå Bergen. Saman utgjer dei gruppa Deoran, som tyder ”gjensidig forståing” på fulani, Adama Barry sitt morsmål.

Gjennom framsyninga ynskjer Deoran å fremje forståing på tvers av vande grenser, og auka forståing og kontakt både mellom Adama og Anneke, mellom Deoran og publikum og imellom borna.

Framsyninga inneheld fire ulike språk – ingen forstår alt, men alle forstår noko. Her får borna mellom anna oppleve ulike musikalske uttrykk; fløyter frå fleire land, 1- og 3-strengs gitarar, song, tromming og dans. Dei får delta i dans og song akkompagnert av Adama si tromme, lære nye ord og bli kjende med både afrikanske og norske instrument. Anneke fortel både morosame og alvorlege forteljingar, mellom anna om bia og frosken og deira venskap, og om dyra sin dansekonkurranse. Truleg dukkar det også opp kjende og kjære barnesongar, og kanskje kjem det ei overrasking eller to?