Slagr

«Short stories»
Lanseringskonsert

Tradisjon og modernitet møtest i musikken til Slagr. Trioen vart grunnlagt i 2003, og Anne Hytta på hardingfele, Katrine Schiøtt på cello og Amund Sjølie Sveen på vibrafon og glas står for ein sjeldan instrumentkombinasjon i den store bandfloraen.

 

Musikken kling også umiskjennelig som Slagr, ein stad mellom meditativ kammerfolk og akustisk ambient.

Slagr har gitt ut tre album i eige namn, og er med på Andreas Ulvos album Softspeaker.
23. april 2015 kjem det neste albumet deira, short stories.

Slagr har ein signatur i den spesielle klangen mellom vibrafon, glas og stryk som er heilt unik.

Slagr er eit gamalt norsk ord, og betyr ’slått’, ’melodi’. Det har same opphav som verbet slá – slå på strengene.

Utdrag frå kritikkar:

Trioen Slagr, med hardingfelespilleren Anne Hytta i spissen, leverer norsk musikk for et internasjonalt publikum. Sammen med slagverker Amund Sjølie Sveen og cellist Sigrun Eng leverer hun åtte komposisjoner som har mer til felles med Brian Eno enn Myllarguten.

Nydelig instrumentert, med vibrafonlyden som smyger seg inn mellom cello- og feleklangen, beveger musikken seg i et landskap der det melodiske definerer harmonikken gjennom gjentatte fraser og utstrukket tid. Dette er moderne folkemusikk med eldgamle røtter.
Maja Ratkje, Morgenbladet

Les meir om Slagr