Kompetanse for mangfald

Seminar 9. november 2015 i regi av forskingsgruppa UTSNIDT

Khio, HiOA, UiS og TekstLab v/Artxchange

9. november inviterer forskningsgruppa UTSNIDT til seminaret Kompetanse for mangfald i Teatersalen i Nynorskens hus. UTSNIDT er eit samarbeidsprosjekt mellom tilsette i KhiO, HiOA, UiS og Artxchange v/ Tekstlab. Seminaret har som mål å løfte mangfaldsperspektivet fram i drama og teaterutdanninga. Blant bidragsytarane er Eugenio Barba og Julia Varley frå Odin Teatret; Heidi Haraldsen, prosjektleiar for Kunsthøgskolen i Oslos PPU-program, og mange fleire.

0845 Registrering og kaffe.

0900 Velkommen

0910 Presentasjon med workshop av Anna S. Songe-Møller og Karin B. Bjerkestrand

SOLIDARITETSFORUMTEATER – Dei undertryktes teater og interkulturell kommunikasjon.

0950 Påfyll på kaffe.

1000 Foredrag av Eugenio Barba med demonstrasjoner av Julia Varley om det interkulturelle aspektet i deira arbeid med Odin Teatret (på engelsk): TRANSFORMING CONCEPTS INTO ACTIONS.

1200 Lunsj

1250 Kunstnerisk innslag frå TekstLab Unge Stemmer

1300 Shanti Brahmachari presenterer TekstLab som metode for utvikling av nye tekstar og nye sceneuttrykk.

1330 Heidi Haraldsen og Siri Ingul presenterer det utviklingspsykologiske fenomenet NARRATIV IDENTITET i eit interkulturelt perspektiv.

1400 Kaffe

1420 Liv Hege Skagestad presenterer Den mangfaldige scenen og Nynorskens hus.

1430 Diskusjon og oppsummering:

Kva utfordringar og moglegheiter møter scenekunsten relatert til interkulturalitet?

1530 Middagspause (alle ordner seg sjølv)

1700 Arbeidsdemonstrasjon med Julia Varley frå ODIN TEATRET: THE FLYING CARPET (på engelsk). Varegheit: ca. 1 time (NB på Dramatikkens hus og eiga påmelding)

PÅMELDING Skuespillersenteret

Seminaret, inkludert lunsj og kaffe er gratis. Påmelding innan 2. november.

Vidare program 9. november i samarbeid med TekstLab

1900 Offisiell åpning av TekstLab Scratch Festival med Eugenio Barba, kunstnerisk leiar av ODIN TEATRET: Theatre as a cultural catalyst: foredrag, film og diskusjon (på engelsk)

For meir informasjon om TekstLab Scratch Festival 6.-16. november, sjå fullt festivalprogram: www.tekstlab.com/festival/

Velkommen!

Med støtte frå og eller i samarbeid med: Utdanningsdirektoratet, Khio, Hioa, UiS, TekstLab, Skuespillersenteret, Nynorskens hus, Den mangfaldige scenen og Dramatikkens hus