Fortellevill – Opp frå havet

Har du nokon gong gått langs ei bryggje på ein solrik sommardag? Har du sett kor fint det kan vere når havet glitrar, og bølgjene rullar inn mot land? Og mens du går der og kjenner den varme vinden i ansiktet, så dukkar det kanskje opp noko skinnande ute i bølgjene, noko fargerikt! Og høyr, det syng! Og kanskje det snakkar?
Her får du høyre kva som kan skje når vi fiskar opp både det eine og det andre frå havet, noko stort, noko lite, noko som viser seg å vere noko heilt anna enn det du trudde.

Fortellevill består av felespelarane Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden og forteljar Anette Sandvær. Saman leiker dei seg med ord og tonar, og fortel både tøysete, tullete, spennande og akkurat passeleg alvorlege historier.

Anette Sandvær – forteljar
Jon Brodal – hardingfele
Tuva Færden – hardingfele
Dominic Kelly – regissør

Framsyninga er hovudsakleg for inviterte skuleklassar, men er også open for andre. Målgruppa er born frå 5 år og oppover. Det kostar kr. 50 som du kan betala med VIPPS eller kontant i døra.

Den fri kjærlighets by av Edvard Munch

Stykket «Den fri kjærlighets by» (1904) er ein satire over Kristiania-bohemen, skrive av Edvard Munch i ein turbulent periode av livet hans, der idealet om fri kjærleik blir sett på dagsorden. Oppsetjinga har eit ekspresjonistisk og fargerikt visuelt språk, som understrekar den absurde og fragmentariske handlinga i Munch sin tekst.

Hovudpersonen i teksten, Songaren, er ein fattig kunstnar som oppsøkjer Den fri kjærlighets by på leit etter uforpliktande kjærleik og lukke. Her treff han nokre kvinner med pengar, makt og fridom, mellom andre Dollarprinsessa og Sportselskarinna som forbarmar seg over den fattige kunstnaren. Desse kvinnene er kanskje for frie – dei vil eige han. Songaren blir sjuk og klarer ikkje å elske (med) Dollarprinsessa, i tillegg vil han ikkje gifte seg med henne. Dette fører til at han blir forfølgt, ikkje berre av kvinnene, men av heile byen, politi og rettsvesen. Songaren blir fengsla og blir tiltalt for å ha forbrote seg mot kvinna og for diverse «gadeuorden». Ein disputt mellom dommarane og borgarane i byen ender med ein klar dom over den tiltalte.

Det er ei intim framsyning med levande musikk og nær kontakt mellom publikum, utøvarar og figurar.

Regi/scenografi/dokkedesign/kostyme: Tormod Lindgren
Tekst: Edvard Munch / Aina Villanger
Musikk: Rolf Gupta
Utøvarar: Gisle Hass, Christina Ørbekk Nicolaisen, Cecilie Solberg Knudsrød, Tessa Lepistö og Rolf Gupta
Regiassistent: Svein Hofset. Dokkene/figurane er laga av Tormod Lindgren assistert av Marthe Brandt

Facebook-hending

Kjøp billett via TicketCo eller betal med VIPPS i døra.

KRANTZ – Atem String Quartet

På haustens fyrste KRANTZ-konsert får vi besøk av den nyetablerte Atem String Quartet – den einaste norske kvartetten som er plukka ut til å delta på Trondheim International Chamber Music Competition i september. Atem String Quartet består av fiolinistane Maria Angelika Carlsen og Eva Stalheim, bratsjisten Marthe Husum og cellisten Frida Fredrikke Waaler Wærvågen. Kvartetten har base i Oslo og København, og dei fire musikarane har spelt saman i det prisvinnande orkesteret Ensemble Allegria i mange år. På programmet står noko av den aller beste musikken som er skrive for strykekvartett, så det er berre å gle seg!

 

Program:

Mozart strykekvartett nr.14 i G-dur

Sjostakovitsj strykekvartett nr.8 i c-moll

Brahms strykekvartett nr.2 i a-moll

 

Velkomen til konsert i Nynorskens Hus laurdag 23. september!

 

For meir informasjon om KRANTZ:

Heimeside

Facebook

 

Liggekonsert med Slagr

På liggekonsert med Slagr får du utdelt matte og teppe. Nokon set setter seg på matta og studerer musikarane, andre legg seg ned under teppet. Denne stille kveldstimen får du høyra korleis trioen Slagr langsamt, langsamt målar linjer og mønster med stryketonar frå fele, cello og glas, saman med tonedråpar frå vibrafon. Sakte, sårt, skøyrt, rått.

Å ligga ned og lytta til musikk kan gi avspenning – ein meditasjon der musikken leier oppmerksemda. Det kan også vera som ein heilt vanleg konsert, berre meir behageleg. Eller du kan tillata deg å flyta inn og ut av søvnen medan skiljet mellom draum og verksemd blir viska ut.

For å sikra at du får deg ei matte, blir du tilrådast det at du kjøper billett på førehand.

Konserten varer omlag ein time.

 

Les meir om slagr.

NÅ – Ein konsertserie av Ensemble Allegria

Musikk blir til i eit utvida NÅ  –  der komponist, utøvar og publikum møtest i augeblikket.

 

Konsertserien NÅ i Nynorskens hus gir deg kjente og store klassikarar av Tsjaikovskij, Bartôk, Strauss, Mozart og Nordheim, i tillegg til eit nytt og spennande verk av Lars Petter Hagen.

For meir informasjon:

www.ensembleallegria.com/

Ensemble Allegria på Facebook

Mozart på 123

Vi byr på tre dagar med det beste vi veit: Wolfgang Amadeus Mozart.

 

Helga 10.–12. november 2017 vil Engegårdkvartetten og Nynorskens hus skape eit møte med guten, mannen, musikaren og komponisten Wolfgang Amadeus Mozart.

Internasjonalt anerkjente klassiske musikarar møter folkemusikarar, dansarar, akademikarar og studentar på denne festivalen der Mozart blir undersøkt og formidla gjennom konsertar, tekstar, samtalar, scenekunst og dans. Under festivalen kan du oppleve nokre av Mozarts meisterverk som truleg aldri har vore framført i Noreg (KV 123 og 205) og nokre som truleg aldri har vore spela i si heilheit i Oslo (KV 334). Festivalen Mozart på 123 tar også med nokre av hans mest elska verk for kammerensemble, song, klaver og kammerorkester. Festivalen har tre hovudkonsertar, to kafékonsertar med servering og eit ball, der tradisjonane frå Mozart si tid møter norsk folkekultur.

 

Festivalens heim er Nynorsken hus, medan konserten på søndagen kl. 19 er i aulaen på UiO.

 

Få med deg heile helga med Festivalpass for berre 700 kr., eller kjøp enkeltbillettar via lenkja til høgre.

 

I følgje Aftenposten 30.08.2017 er Mozart på 123 eit av «seks klassiske høydepunkter i høst».

For fullt program, kan du sjå: mozart123.no