Dagsnytt Ørten

Dagsnytt Ørten er satirisk nyheitsteater, og denne månaden gjestar den Nynorskens hus !  Med sketsjar og songar frå nyheitssaker skal det bli underhalding og overraskingar, og som ekstra bonus byr Dagsnytt Ørten og Nynorskens hus  opp til after-dans med ein særeigen blanding av folkemusikk og afrobeats! Morosamt for aldersgruppa 12 til 100, men absolutt alle er velkomen!

Gratis inngang og servering.

Dagsnytt Ørten er eit samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og Nordic Black Theatre.

Satire, felespill og afrobeats!

Introduserar:DJ Fethawit Hakin og Felespiller Torfinn Hofstad 

Ensemble: Ali Djabbary, Emir Mulaosmanovic, Anna Kompelien, Hanne T. Asheim

Konsept: Ranveig Thon Bjørnestad og Oda Radoor

Debussy og hans verd

Det var i brytningstida mellom to århundre at Claude Debussy (1862-1918) hadde sitt kunstnariske verke. Omverda kalla musikken «impresjonistisk». Sjølv kunne han ikkje fordra det omgrepet. Men Debussy vart fort kategorisert, for suksessen til enkeltverk som «Claire de Lune» og «Arabesque» gjorde at han står sterkt verda over.

Impresjonisten, naturelskaren, musikkpoeten. Ser ein nærare på personen Claude Debussy finn vi ein bohem som levde eit liv prega av kvinnehistorier og personleg dramatikk. Med erfaring både som muntleg musikkformidlar og pianist på høgt nivå vil Sara Aimée Smiseth forsøke å danne eit bilete av Debussy, og sjå nærare på kva som eigentleg låg til grunn for dei ulike komposisjonane vi får høyre.

På programmet står Suite Bergamasque, Pour le Piano og utdrag frå Children’s Corner. Impresjonistisk eller ikkje impresjonistisk – musikk som har fortrylla publikum frå førstegongsframføringa i starten av førre århundre.

Pianist Sara Aimée Smiseth vart ferdig med sin master i soloutøving frå Norges musikkhøgskole i 2013. Sidan då har ho utmerka seg med sin kombinasjon av muntleg formidling og briljant klaverspel. Til dagleg jobbar ho som frilanspianist og som formidlar og pianist i Den Norske Opera & Ballett. Der har ho mellom anna introduksjonar til framsyningar, omvisingar, og spelar ved pedagogiske opplegg for barn.

Førre konsertkåseri Smiseth presenterte var med Halfdan Kjerulfs 200-årsdag som tema (hausten 2015). I tillegg til fleire konsertar, mellom anna i Operaen, var ho hovudgjest i P2-programmet Spillerom si markering av jubileet.

Konserten vert også spela:

Blaafarveværket, søndag 15. mai kl. 14

Røyken kirke, onsdag 25. mai kl. 20

Gjøvik kirke, laurdag 9. juli kl. 12

sjå facebook

Foto og grafisk design: Blunderbuss v/ Anna-Julia Granberg

 

Pavlovs tispe

Formanden for Projekstøtteudvalget for scenekunst i Danmark Ditte Maria Bjerg udtaler: 

«Projektstøtteudvalget for scenekunst i Danmark har som eet af sine fokusområder at fremme mangfoldighed. Udvalget har derfor besluttet at give en gave til dansk børneteater. Gaven er inspiration fra Norge, nemlig dels ungdoms forestillingen Pavlovs Tæve, der handler om hvordan vi ser hinanden, om sprog og magt, og om hvordan hverdagen former vores identitet. Og dels en efterfølgende talk med Camara Joof og Liv Hege Skagestad fra Den mangfaldiga scenen i Oslo på Aprilfestivalen på Frederiksberg. Udvalget er overbevist om at Den mangfaldiga scenens erfaringer og arbejdsmetoder i forhold til børn og unge med minoritetsbaggrund kan befrugte og inspirere dansk børneteater.

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som handlar om hendingar i Camaras eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt. Ei morsom å seriøs framsyning om utanforskapets konsekvensar. Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via Oslo ut i verda og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva for blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt og om korleis verda formar identiteten vår. Korleis navigerer ei ung, farga, biseksuell norsk kvinne seg i dagens samfunn?

Joof skal i 2016 på turnè  i 13 fylker, inkludert Oslo og spele på Stadsteatern i Stocholm våren 2017

les omtale frå Showbox

les omtale Scenekunst.no

les intervju med Camara i Norsk Publikumsutvikling

Snødronninga

Team Teater er ei barnegruppe i Den mangfaldige scenen som i 2016 jobbar med Snødronninga. Premiere blir i desember, men 3. mai skal gruppa ha ei visning av arbeidet dei har gjort til no.

Barna i TeamTeater er mellom 9-13 år.

Snødronninga er eit eventyr av H.C. Andersen, omsatt til nynorsk.

The Banisher of Thought: Filmvisning og trippelkonsert

Dokumentarfilm, samtidsmusikk og fortidsmusikk i ein einaste klingande kveld. Fire sterke og høgst ulike kunstnarar gjev deg døme på arbeid som byggjer på overtonane.
Med Andreas Daugstad Leonardsen, Torgeir Vassvik, Sheriffs of Nothingness og Kenneth Lien.

Høyr; kva er det som lét så underleg kjend og underleg framand, så søtt og så skrekkeleg?

Store Norske Leksikon, definisjon:
«Overtoner, aliquottoner, de individuelle sinustoner som klinger med ved naturlig frembringelse av en enkelt tone ved hjelp av stemme eller instrument. I stedet for grunntone og overtoner kan man tale om partialtoner eller deltoner med grunntonen regnet som første partialtone (deltone).»

Men meir enn dette: I alt vi kan høyre. I all slags sus og dåm. I fossebrus. I tusen knastrande bildekk sine møte med asfalten. I plystrande strømstrenger, i fallande snø, og i stemma som er di og mi.
Overtonar: Kom til fossen. Sett deg, lytt! Så mange songar, alle på ein gong. Finst vel ikkje betre læremeister enn fossegrimen?

«The Banisher of Thought» er Andreas Daugstad Leonardsen sin eksperimentelle dokumentarkortfilm om ei gløymd arv. Gjennom ei meditativ reise frå isolerte norske dalar til Indias Tar-ørken, utforskar han ein tidlaus og løynd vev av munnharpemusikk som gjev menneske frå heile verda eit slektskap. Ein film om å sjå på det vi overser, til det vert omskapa og opnar seg. Ei løynd verkelegheit síg ut. Filmen inngår mellom anna i programmet til Kortfilmfestivalen i Grimstad, og Hong Kong Arthouse Film Festival.

Torgeir Vassvik om seg sjølv: « I am a Coastal Sámi artist and my soundscapes mirror this landscape, I have an innovative music project where the unique Sámi Joik is the foundation of the unfolding experience. Undoubtedly, Joik comes from ritual practice. Animism is the core in Sámi culture. My music is a fortunate combination of elements from East and West.»

Med ei seig og groovy tolkning av gamle slåttar vann Kenneth Lien klassa for munnharpe under Landskappleiken i 2015. Han er multi-instrumentalist og biletkunstnar, og er sermerkt ved ei insistering på å utforske det tidlause, det stadlause og det suggererande i spelet sitt. I kveld speler han langeleik og munnharpe.

Sheriffs of Nothingness er ein strykarduo som består av Kari Rønnekleiv og Ole Henrik Moe, som saman og kvar for seg lenge har gjort seg bemerka innafor nymusikken. Saman vann dei Spelemannsprisen for beste samtidsmusikkalbum i 2007. På fiolin og bratsj byggjer dei ein tett og intrikat vev av klanglege teksturar, og med eit bein i leiken og det andre i djupet der all musikk kjem frå, står dei støtt planta som nokre av landets fremste utøvarar av samtidsmusikk.

Vel møtt!
Programmet byrjar presis.

Inngang: 100 kr
Student/honnør: 50 kr