MÅ – Sarah Kane

«Høyr her. Eg er her for å hugse. Eg må… hugse. Eg ber på ei sorg og eg veit ikkje kvifor.»

Kva vil det seie å vere menneske i ei verd der ein er utsett for ekstremt tap, lengsel og påkjenningar? I dette rå, ærlege og stemningsfulle tekstuniverset vevast minne, draum og ulike røyndommar inn i kvarandre av ni ulike stemmer på scena.

Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo syner MÅ av Sarah Kane.

Kane er kjend for å tematisere dei tunge sidene av menneskesinnet. Kampen mot det mørke i oss står også sentralt i einaktaren MÅ, som har blitt verdskjent for sin leik med innhald og form.

Regi: Hedda Rui

 

Datoar
8. desember 2017
Kl.19.00
9. desember 2017
Kl.18.00
10. desember 2017
Kl.18.00
11. desember 2017
Kl.19.00
Stad
Nynorskens hus
Rosenkrantz' gt 8
Pris:
75/100/150

Følg oss på sosiale media