MÅ – Sarah Kane

Kva vil det seie å vere menneske i ei verd der ein er utsett for ekstremt tap, lengsel og påkjenningar? I dette rå, ærlege og stemningsfulle tekstuniverset vevast minne, draum og ulike røyndommar inn i kvarandre av ni ulike stemmer på scena.

Sarah Kane (1971–1999)  reknast som ein dei viktigaste, britiske dramatikarar på slutten av 1900-talet med sine fem skodespel forfatta mellom 1995 og 1999. Kane er kjent for å tematisere den tunge sidene av menneskesinnet som lyst smerte, død og tortur, ofte i ekstreme sceniske formar med skildringar av drap, mishandling og valdtekt.

skil seg frå Kane sine andre skodespel med fråveret av den sceniske valden som er å finne i dei andre stykka hennar. Kampen mot det mørke i mennesket står likevel også sentralt i stykket, som også er blitt verdskjent for ein leik med innhald og form. Som del av framsyninga har Teaterlaget også med seg videokunstnaren Sigurd Ytre-Arne.

Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo syner MÅ av Sarah Kane.

er omsett til nynorsk av Finn Iunker.

Regi: Hedda Solberg Rui
Video: Sigurd Ytre-Arne
Ljos: Jøran Nordmann

På scena

Emil Beck Stenstad
Vivian Brattsti Sørensen
Frøydis Dahlø
Endre Flatmo
Mari Elise Haugen
Lena Sanne
Aila Sinober
Anita Topnesvåg Wergeland-Jensen
Heidrun Sølna Øverby

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto/redigering: Terje Svindseth/Endre Flatmo