God gammaldags trombonekonsert

Velkomen til konsert med Norsk tromboneensemble! Vi gjer eit nytt forsøk på å bevise at all musikk høyrest best ut på trombone. Frå forte barokknotar til mektig filmmusikk, og sjølvsagt innom nokre nydelege svisker.

NTE består av:
Audun Breen, Oslo-Filharmonien
Sverre Riise, Kringkastingsorkestret (KORK)
Petter Winroth, KORK
Clare Farr, KORK

Billettar: 200 / 100 (ungdom/student, honnør). Barn under 16 år gratis.
Sal skjer i døra med Vipps (føretrekt!) eller nøyaktig beløp (vi har ikkje veksel)

Konserten blir støtta av Kulturetaten, Oslo Kommune.

Facebook-hending

Sa’o – folkemusikk frå heile Noreg

Birkelunden Brøstklang presenterer:

Sa’o – folkemusikk frå heile Noreg!

 

Dirigent: Benedikte Kruse Fele: Mari Skeie Ljones

Repertoaret er inspirert av mellom anna vokaltrioen Eplemøya Songlag, gode gammaldagse folketonar i både ny og gammal innpakning, bryllaup, drikking, sorg og dans.

20 kr. rabatt på forhåndskjøpte billetter.

 

Birkelunden Brøstklang er eit ambisiøst kvinneleg vokalensamble bestående av 18 songare i alderen 26 til 39 år. Vi starta i 2010 og har siden den gong hatt 15 konsertar og mange bestillingsoppdrag for, mellom anna, Fortidsminneforeninga, OsloMet, Oslo kommune, Musikkfest Oslo og private aktørar.

For meir om oss, sjekk ut Facebook og Instagram!

 

Den mangfaldige scenen: Audition 20.–21. januar

Den mangfaldige scenen har opptak av nye barn og ungdom til teaterkurs og produksjonar i 2018. Frist for påmelding er 17. januar 2018. For meir informasjon og påmeldingskjema kan du sjå http://www.mangfaldige.no/.

Innspel til kulturdepartementet om framtidas kulturpolitikk

Lat deg inspirera av denne videoen om Nynorskens hus og Den mangfaldige scenen. Me meiner dette er gode innspel til kulturdepartementet for framtidig kulturpolitikk.

 

 

 

 

 

Liggekonsert med Slagr

Velkomen til liggekonsert med Slagr på Nynorskens hus!

Dette er ein sjeldan moglegheit til å leggja deg ned på ei matte med eit varmande teppe, og la musikk og ro kopla deg fri i ein liten time.

Slagrs musikk – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – beveger seg stille i grenseland mellom fleire sjangrar. Sjølv kallar vi det akustisk ambient, eller meditativ kammerfolkemusikk.

Publikum får utdelt liggeunderlag og teppe.

www.slagr.com