Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Da New Age kom til bygda

18. januar kl. 19:0020:00

|Gjentakande Hending (Sjå alle)

One event on 18. januar 2020 at 19:00

Da New Age kom til bygda er ei framsyning som fokuserer på spørsmåla omkring friheit/grenser, fordommar, kollektivisme og individualisering, med utgangspunkt i framveksta av den alternative rørsla. Simone Thiis» eiga historie, som barn av Harald Thiis, grunnleggaren av New Age i Noreg, er omdreiingspunktet. Det har dukka opp forteljingar frå barn av hippiane, av dei som vaks opp i frie kollektiv, frå Christiania, men endå ikkje noko frå barndommen til den alternative rørsla i Norge. På Bauker kursgard i Gausdal der Simone vaks opp, sto fellesskapet i sentrum. Tanken bak heile prosjektet var å skape ei betre verd. Bauker står i dag som det viktigaste bidraget til ei alternativ tenking i Noreg.

Simone lærte seg å gå på glødande kol og lage urtete av brennesle og bjørk da ho var 10 år. Ho måtte samstundes stille seg til bygdeskulen der “alle var like” med permanent i håret og pastellfarga klede. Fordommane florerte alle vegar.

Dette er ei humoristisk og ærleg framsyning om ei tid og ei rørsle sett i samanheng med tida vi lev i no og Simone si eiga oppvekst. For bak dei mange laga av vellykka ironi og avkleding av eit foreldreprosjekt som heilt har tapt mot tida (les: den naive trua på kapitalismens undergang), er det også ei vemodig beundring over farens prosjekt.

Medverkande:
Manus: Simone Thiis
Regissør og manusvegleiing: Anne-Sophie Erichsen (Grenland Friteater)
Skodespelar og kunstnarisk ansvarleg: Simone Thiis
Scenograf: François-Xavier Pons – POWWOW arkitekter
Komponist/musikar: Bergmund Waal Skaslien
Lysdesignar: Yasin Gyltepe
Teknisk assistanse: Truls Hannemyr og Svend Erichsen
Produsent: Natalia Ophaug

Framsyninga er støtta av Fritt Ord, Vestfold Fylkeskommune, Tønsberg kommune og Grenland Friteater

Framsyninga blir spelt klokka 16.00 og 19.00

Billettar til kl.16.00: https://simonethiis.ticketco.events/no/nb/e/simonethiis_danewagekomtilbygda

Billettar til kl. 19.00:
https://simonethiis.ticketco.events/no/nb/e/simonethiis-danewagekomtilbygda

Avgrensa plassar. Bestill billettar i god tid.
Aldersgrense: 15 år

Detaljar:

Dato
18. januar
Tid:
19:00 – 20:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
18. januar
Tid:
19:00 – 20:00
Kategori:

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159 Norge
+ Google-kart