Ro og kvile.
Velkomen til liggekonsert med Slagr i Nynorskens hus!
Dette er ein sjeldan moglegheit til å leggje deg ned på ei matte med eit varmande teppe, og la musikk og ro kople deg fri i ein time.
Slagrs musikk – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – beveger seg stille i grenseland mellom fleire sjangrar. Sjølv kallar vi det akustisk ambient, eller meditativ kammerfolkemusikk.
Publikum får utdelt liggeunderlag og teppe.