3. februar – startskot for Fosse-satsing

Onsdag 3. februar 2016 går startskotet for eit omfattande og ikkje minst langsiktig prosjekt basert på Jon Fosse sine tekstar, det som er gitt ut og det no Fosse har varsla skal komme.

I 2016 og åra som kjem vil profesjonelle, saman med amatørar, barn, ungdom og studentar lese høgt Fosse sine tekstar. Årleg vil Nynorskens hus ha oppsetjing med barn og ungdom eller gjestespel. Før jul blir det ei lesing av Andvake. Framføringane vil skje på ulik format og også på fleire av dei 40 språka Fosse er omsett til og dermed på morsmål til folk som bur eller besøker Noreg.

Fosse skriv no «langsam prosa» og har planlagt ein serie på sju band, fyrste utgjeving i 2019, siste i 2029. Bøkene kjem til å bli lanserte i Nynorskens hus kvart år i januar/februar.

 «Eg er takksam for satsinga til Nynorskens hus på det eg har skrive, både i år og i åra frametter!» Jon Fosse

Startskotet for satsinga er ein presentasjon av Poesiar etter Henrik Wergeland 3. februar 2016.

Fosse-satsinga blir ein ei hovudsatsingane i Nynorskens hus, som opna 26. september 2014.