Schumann på 1 2 3 ny festival i Nynorskens hus

Med Schumann på 1 2 3 lanserer Engegårdkvartetten eit nytt kulturtilbod i Oslo; skreddarsydd for eit publikum som ønskjer å utvide horisonten sin og bli ekstra godt kjende med éin komponist. Her presenterer vi blant anna Schumanns tre strykekvartettar, hans klaverkvartett og klaverkvintett, songsyklusen «Frauen Lieben und Leben» og «Kinderscenen.» I tillegg freistar uformelle kafékonsertane våre med lettare repertoar nye publikummarar. På Schumann på 1 2 3 får vi også oppleve eit musikarpanel der utøvarane fortell om Schumann, diktaren som inspirerte han og om tilhøvet mellom kunst og vitskap.

Engegårdkvartetten delar sin kjærleik for Schumann med Isa Katharina Gericke, Håvard Gimse, Nils Anders Mortensen og dykk.

Engegårdkvartetten har valt å presentere Schumann på 1 2 3 på Nynorskens hus på grunn av ypparlege akustikk, gode stemning og ideelle storleik for kammermusikk. Med perfekt plassering midt i byen, med både kafear og barar  opne under heile festivalen, ligg alt til rette for mange musikalske gledestunder.

 

Følg oss på sosiale media