Pavlovs tispe

– eit slags standupteater

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som kretsar kring hendingar i hennar eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt.

Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via formande år i Oslo, ut i verda, og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt, og om korleis verda formar identiteten din.

Velkomen til ei seriøs, sjangerleikande og morosam framsyning om utanforskapen sine konsekvensar!

Språkkonsulent: 
Ola E. Bø

Framsyninga hadde urpremiere i Nynorskens hus i Oslo 13. mars 2015