Opning av Nynorskens Hus

Velkommen til opninga av Nynorskens hus og
Velkommen til premiere på Jon Fosses  Hav i Teatersalen til BUL

Opninga og premier 26. september kl. 17.15 i Rosenkrantz» gate 8, utanfor Teatersalen.
Hav vert spela kl. 18.00 og kl. 20.00.

NYNORSKENS HUS OG HAUSTFESTIVALEN 2014

Nynorskens hus skal vere eit samlingspunkt for musikk, dans, språk, litteratur, teater, design, debatt og forsking og vil saman med Det Norske Teatret danne eit nynorsk kulturkvartal i hovudstaden. Vi ønskjer å vere ei tydeleg stemme i utviklinga av kulturen i Noreg. Her skal barn, unge, amatørar og profesjonelle møtast, undersøke nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk og bygge kunnskap. Her skal folkekultur utviklast og takast vare på.

Med denne satsinga vil Bondeungdomslaget i Oslo og Jon Fosse, i samarbeid med fleire andre organisasjonar, styrke nynorsken sin posisjon.

Teatersalen og Rosenkrantz’ gate 8 vil vere eit kraftsenter i denne utviklinga. Dei siste åra har BUL investert over 30 millionar i opprusting av Teatersalen og styrking av verksemda, og vi har mottatt støtte frå Oslo kommune, staten og mellom andre Fritt Ord og Bergesen-stiftelsen til ulike prosjekt. No blir denne storslåtte satsinga markert og utvida gjennom ei opning av Nynorskens hus og ein Haustfestival.

I løpet av 12 veker skal vi undersøke og vise fram kva dette huset kan og skal romme i tida som kjem.

Her blir det

  • debatt og samtale om språk
  • om Fosse og 20 år med norsk teater
  • om motkultur
  • ungdomshus og å heve si stemme
  • om miljø
  • om ny norsk design forankra i tradisjonar og
  • framsyningar av Den mangfaldige scenen
  • det blir urpremierar
  • boklanseringar
  • konsertar med mellom andre NING, Engegårdkvartetten og Susanne Lundeng, og Nynorsk songkor
  • det blir dans og leikarkveldar

Festivalen og huset vil bli, etter ønskje frå Fosse sjølv, opna med verdsdramatikaren sitt siste stykke Hav.

Om Hav av Jon Fosse

Vi er kanskje på ein båt på eit hav. Ulike menneske som delvis er ukjente for kvarandre, og delvis står kvarandre svært nær, møtast her. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om igjen og om igjen, situasjonar som førte til tap og til gevinst.

I Hav vender Fosse tilbake til nokre av dei ideane som har danna viktige orienteringspunkt i forfattarskapen hans, og framsyninga tar oss med inn i Jon Fosses symbollada univers. Samtidig møter vi Fosse sine leikande og forsonlege «små menneske» som får eit stort lys over liva sine.

26. september samlast nokre av landets mest kjende skodespelarar i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8 til Oslopremiere på Jon Fosses siste teatertykke.

Regi: Kai Johnsen, Lys- og videodesign og scenografi: Ingrid Tønder og Klaus Kottmann, Dramaturgi: Ola E. Bø, Skodespelarar: Birgitte Larsen, Hildegun Riise, Morten Espeland, Kyrre Hellum, Øystein Røger, Svein Tindberg, Produsent: Liv Hege Skagestad.

FRAMSYNINGAR

Fredag 26.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Laurdag 27.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Måndag 29.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Fredag 3.10 kl. 18.00 og kl. 20.00
Laurdag 4.10 kl. 18.00 og kl. 20.00

Jon Fosses tekstar er omsett til over 40 språk, og stykka er iscenesett meir enn tusen gonger over heile verda. Då Jon Fosse skulle planlegge urpremiere på det siste stykket sitt, Hav, valde han tre nynorskorganisasjonar som samarbeidspartnarar: Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), Hordaland Teater og Det Norske Teatret, dessutan Festspillene i Bergen. BUL vart hovudprodusent og urpremiera fann stad i ungdomshuset Gimle i Bergen under Festspillene 22. mai 2014. Hav vart møtt med fleire gode kritikkar, mellom anna i VG (terningkast 5), Dagbladet, Scenekunst.no, i danske Information og Neue Zuricher Zeitung.

 

Oppslag om Nynorskens hus i media:

På opningsdagen for Nynorskens hus var utviklingsansvarleg Liv Hege Skagestad gjest i Her og nå på NRK P1. Høyr innslaget her.

Innslag på NRK nyheiter om Nynorskens hus på 6.28 ut i denne sendinga.

 

Nynorskens Hus har fått omtale i Dagsavisen og Nationen. Les meir ved å klikke på lenkene nedanfor.

Dagsavisen 28. juli 2014: Nynorskens hus på plass i hovedstadenNationen 28. juli 2014: Nynorskens hus opnar i Oslo i haust