Nokon kjem til å kome – kjem til BLS

Under festivalen Fosse i Nynorskens hus i september 2019 kunne ein få med seg Nokon kjem til å kome i Nynorskens hus. Denne versjonen av Fosse-stykket blir framført inne i eit mongolsk telt, ein «jurt», noko som skapar ein unik, magisk og intim stemning der ordet, musikken og dansen står i fokus.

Søndag 10. november 2019 kan du få med deg suksessen Nokon kjem til å kome i Nordahl Brunsgate 22 i Oslo. Over er ein kort illustrasjonsvideo.

 

Både då denne blei sett opp på Riksscenen og i Nynorskens hus fekk dei veldig gode tilbakemeldingar. Audun Grüner-Hegge, leiar i Leikarringen i BUL Oslo, uttalte:

Eg syntest framsyninga gav eit blikk inn i Fosse si minimalistiske verd. Samspelet mellom skodespelarar og musikarar var saumlaust, mykje som Fosse sin eigen stil med ord. Framsyninga balanserte spenninga mellom hovudkarakterane med vel tima humor som letta på stemninga der det trengtest. Ein kan kanskje seie at denne oppsetjinga gjer stykket tilgjengeleg og «folkeleg» gjennom musikk, akrobatikk og god innleving. Dei løfter stykket frå manus til røynd.

Journalist Ida Lou Larsen skriv i si melding:

[…] deres gjengivelse av Jon Fosses tekst gjorde sterkt inntrykk –deres kroppspråk, mimikk og innlevelse tilførte replikkene en nyansert og helt spesiell troverdighet, og sammen med Stinnerboms bruk av musikk og dans gjorde det «Nokon kjem til å komme» til en total teateropplevelse.

Sjå heile meldinga til Ida lou Larsen her.

Andre tilbakemeldingar vi fekk etter framsyninga i Nynorskens hus gjekk ut på at det var fantastisk musikk som skapte ei heilt spesiell stemning i teltet; at framsyninga var både veldig morosam og veldig rørande og at dette, i kombinasjon med folkedansen gjorde dette til ei teateroppleving utanom det vanlege.