Noko frå Noreg – 2014

Samtale

Eit språk for design. Om omgrep, handverk og språk som formidlar kvalitetar, sikrar kulturarv og er springbrett for ny design.

Bakgrunn og mål

BUL er eigar av landets største levande kompetansemiljø innan bunad. Vi forvaltar heile mønsterarven som Hulda Garborg i si tid samla inn, og det var her gjenoppdaginga og kanoniseringa av det mangfaldet av drakter, handverkstradisjonar og materialbruk som etter kvart har kjenneteikna den unike fokedrakttradisjonen vi har i Noreg, i si tid vart gjort. Kunnskapen vert bringe vidare gjennom ein levande handverkstradisjon og design og sal av bunader. Heimen har si eiga systove med 23 skreddarar og nasjonalt og internasjonalt samarbeid i produksjonen sin. Heimen vert drive kommersielt.

I 2011 innleia vi eit samarbeid med Norwegian Fashion Institute og mellom andre Folkemuseet for å setje ord på verdiane i kulturarven og korleis denne kan ha større verdi for ny norsk design og korleis en forheld seg til dei tradisjonskleda som i 2013 finst i Noreg. Det vart gjennomført eit større, innleiande kunstnarleg symposium som gav bakteppet til ei større satsing. Her var mellom andre kulturministeren til stades, og satsinga var støtta av Fritt Ord og Kulturrådet og hadde tittel ”Noko frå Noreg – 2013”.

Konklusjonen var mellom anna at Noreg og ny, norsk kvalitetsdesign hadde mykje å hente ut ved å legge større vekt på dei verdiane som er i kulturhistoria, handverkstradisjonar og materialbruk innan tradisjonsklede i Noreg. Det vart i første omgang sett i gang eit designprogram for klede inn i det 21. århundret. Dette resulterte i arbeid av ti ulike designarar som gjer synleg nokre av desse kvalitetane .  Produkta og språket som vart brukt om dette hadde ei utstilling under Eidsvollsjubileet og på Doga sommaren 2014. Samtidig er mykje av denne handverkstradisjonen og historikken for svakt dokumentert.

Mykje av den handborne kompetansen er truga av at det i akselererande grad er færre som kan handverket.

Vi har i Noreg også  eit stort tilfang av folkedrakter som har opphav i andre land. Dette er ikkje dokumentert eller tatt opp som ein del av vår levande kulturarv.  Det manglar også eit uttalt språk og innsikt i kva handverkstradisjonar og drakt betyr for mennesket. Ein kan seie ein har mangla eit språk for formidling, dialog og utvikling av denne tradisjonsarven.

Det vart konkludert med at dei ulike bunads-, handverks-, husflids-, skule- og designmiljøa i fellesskap må lage ein strategi for korleis denne kunnskapen skal sikrast og bli tatt i bruk i sterkare grad i ny design.

Tiltak

Saman med Norwegian Fashion Institute, Kunsthøgskolen i Oslo og Folkemuseet vil vi oppsummere status for arbeidet sidan oppstarten i oktober 2013 og undersøke vegane inn i eit språk for forståing av kvalitet, bevaring og utvikling av kulturuttrykk som er i tradisjonsdrakter og som er kjelde til ny design.

Tittelen på seminaret er ”Noko frå Noreg – 2014”. Samtalen skal gå over fire timar og svare på følgjande:
o korleis kan dei uttrykka, det mangfaldige språket, den bakomliggande tenkinga, det særeigne uttrykket og den svært høge kvaliteten i handverk, materialar og estetikk som finst i bunaden/kulturarven, og som mellom andre Heimen forvaltar, bli betre dokumentert, formidla og sikrast for framtida?
o korleis kan desse uttrykka bli tatt i bruk i ny norsk design som konkurrerer på ein internasjonal marknad?
o korleis kan ein i kunnskapsoppbygging og design ta opp i seg det mangfaldet av uttrykk som finst i Noreg i dag med over 200 nasjonalitetar representert?

På bakgrunn av dette skal det peikast ut eitt eller fleire pilotprosjekt som går opp modellar for korleis desse verdiane blir tatt vare på og utviklar vidare.