Liggekonsert med Slagr

Ro og kvile i haustmørket. Dette er ein sjeldan moglegheit til å leggje seg ned med eit varmande teppe over seg, og la musikken og roen søkke inn. Slagrs musikk – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – rører seg stille i grenseland mellom fleire sjangrar. Ei særeigen og annleis konsertoppleving – perfekt for den som ønskjer å kople av og stresse ned.

Slagr kallar sjølv musikken sin for meditativ kammerfolkemusikk. Å ligge ned og lytte til musikk kan gi avspenning, ein meditasjon der musikken leiar merksemda. Det kan også vere som ein heilt vanleg konsert, berre meir behageleg. Eller du kan tillate deg å flyte inn og ut av søvnen mens skiljet mellom draum og verksemd blir viska ut.