Kulturkveld om Vinje

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i 1818, og i år er det difor 200-årshøgtid for denne diktaren, journalisten og målmannen. Vinje var ein av dei fyrste til å ta i bruk landsmålet, og han gav ut bladet Dølen frå 1858 fram til han døydde i 1870. Ferdaminne frå sumaren 1860 og dikt som Vaaren og Ved Rundarne er mellom hovudverka til Vinje. Diktaren frå Vest-Telemark var ven av Ivar Aasen, og Vinje viste at nynorsken godt kunne brukast praktisk i pressa og lyrikk.

 

Den 12. september vert det kulturkveld om Vinje i Nynorskens hus.

Jon Severud kåserer: Vinje – ein tvisynt europear. Frå Ferdaminne til Bretland og britarne.

Ingerid Louise Birkeland og Vegar Sandholt framfører songar av Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg.

 

Teatersalen, Nynorskens hus

Fri inngang.