KRANTZ // SHAKING AND TREMBLING

KRANTZ ynskjer velkommen til konsert

På programmet denne kvelden står orkestral kammermusikk for sju strykarar skreve av to 1900-tals komponistar med svært ulikt musikalsk uttrykk.

Amerikanske John Adams (1947) sitt ekstatiske verk Shaker Loops fra 1978, skreve ca 30 år seinare enn Strauss sin septett, begynte eigentleg som ein strykekvartett, men etterkvart vaks det fram ei trong til til eit større og feitare format, og stykket vart rekomponert for to cello, ein bass, ein bratsj og tre fiolinar for meir masse og akustisk kraft. Adams er svært fascinert av bølger og bølgeform, og i musikken hans er bygd opp av små repeterte motiv som blir til skimrande mønster, som overflata på ei opprørt vassflate.

Sjølve navnet på stykket refererer til shakersekta, som oppnådde åndelig transe ved ekstatisk dans.

Eit av dei siste verka til østerikaren Richard Strauss (1864-1949) var Metamorfosane , komponert dei to siste åra av 2. Verdskrigen. Verket fins i to versjonar for 23 solostrykarar og septettversjon, for to fiolinar, to bratsjar, to celloar og ein kontrabass som de får høyre i kveld. Dette djuptloddande verket består av nokre få musikalske idear som strøymer i ein langsam transformasjon rundt seg sjølv, og er omtalt som Strauss´ eige lament over krigens ugjerningar.

Kveldens musikarar er alle Oslobaserte kammermusikarar

Maria Angelica Carlsen // fiolin

Guro Asheim // fiolin

Magnus Boye Hansen // fiolin og bratsj

Hanne Skjelbred // bratsj

Gregor Riddell // cello

Torun Sæter Stavseng // cello

Nikolai Matthews // kontrabass