KRANTZ – Vilde og Inga

 Vilde Sandve Alnæs og Inga Margrete Aas utgjer duoen Vilde&Inga. Vilde&Inga spelar akustisk fritt

improvisert musikk med besetninga fiolin og kontrabass. Ved å stadig søke nye tilnærmingar til

instrumenta sine har duoen utvikla ein rik og variert klangpalett. Med dette som utgangspunkt oppstår

musikken langsamt og organisk med ei underliggande kompositorisk bevisstheit.

Vilde&Ingas debutalbum, Makrofauna, som vart utgitt i 2014 på det tyske plateselskapet ECM,

hausta gode kritikkar. Terje Mosnes (JazziNorge) skreiv den gongen om Makrofauna “Oppsiktsvekkende

debut”. Eyal Hareuveni i All About Jazz skreiv “The profound interplay of Vilde&Inga is telepathic”.

Hausten 2016 mottok Vilde&Inga De Unges Lindemanpris for sitt arbeid med duoen. Våren 2017 kjem

duoen si andre plate, Silfr, ut på plateselskapet SOFA. SOFA har i snart 20 år gitt ut ny eksperimentell

musikk. På Silfr presenterer Vilde&Inga låtar som er ei blanding av komposisjon og improvisasjon.

Alnæs og Aas har studert klassisk musikk ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg til Vilde&Inga

spelar dei saman i kammerorkesteret Ensemble Allegria og i trioen Azkadenya med Sidsel Endresen.