Inn i sumarnatta

Songlaget i Bul prisar den nordiske sumaren, ljoset, kjærleiken og den mangslungne historia vår i denne sumarkonserten. I år gror det og blomar i vårt plogjernspor, når SOL-borna vitjar oss med song og glede!

SOL har også med seg eit nyskipa barnekor frå Den mangfaldige scenen som kjem og syng saman med oss under konserten.

Barnekoret Solborna vart skipa våren 2017 og er eit samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen og Aktivitetsskolen på Møllergata skole. Saman med dirigent Linnéa Sundfær Haug syng borna og har det moro kvar tysdag og vert kjende med songar frå heile verda – det går i alt frå norske folkesongar til Fader Jakob på somali. Og når me har sunge lenge nok, går me over til å spela litt piano saman i staden. Programinnslaget med Songlaget i BUL vert den fyrste framsyninga til Solborna, og dei gler seg til å syngja både åleine og saman med vaksenkoret.

Inngangspengar: 50 kr, ved døra