Gullfebla – Den mangfaldige scenen

I «Gullfebla» møter vi to gamle karar som samlar på eventyr. Dei reiser land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Boka er etter kvart blitt stappfull av eventyr og forteljingar, og dei to karane er slitne av å vandre land og strand rundt, (dei er tross alt over åtti år, minst) og tenkjer at dei no snart har samla samen nok, at dei no er klare for å gi ut boka. Det skal bli ei fantastisk eventyrbok, stappfull av eventyr, ein nasjonalskatt rett og slett! 

Ettersom dei to gamle karane har vandra og reist så mykje i sitt vaksne liv, har dei ofra mykje av familielivet. Koner og barn har dei ikkje sett så mykje til. Eit praktverk av ei eventyrbok som bevarer folkeeventyra for all framtid er kanskje ei god unnskyldning for at dei har vore så mykje borte. Så dei samlar ikkje berre samen eventyr for nasjonen sin del, (eller sin egen del), nei, dei samlar også saman eventyr for dei der heime, sånn at koner og barn får noko dei kan vere stolte av!

Når framsyninga byrjar er dei to karane, som forresten heiter Asbjørnsen og Moe, på veg til ei gamal kjerring som bur langt oppi Krokskogen. Kjerringa heiter Berthe Tuppenhaug. Asbjørnsen og Moe håpar at Berthe skal fortelje dei eit ordentlig godt eventyr, eit eventyr som er så spanande og flott at det kan fungere som den perfekte avslutninga på eventyrsamlinga deira, krona på verket rett og slett!

Framsyninga «Gullfebla» er ei skrøne, om eventyrsamlarar og gamle kjerringer, om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt. Samstundes handlar det om at ting ikkje alltid blir slik ein hadde håpa på. Framsyninga er ein komedie. Men i botnen tar ho tak i spørsmål som er relevante for oss å reflektere over: har det vi tenkjer på som typisk norsk, eigentleg noko med «det norske» å gjere? Eller lagar vi stadig nye versjonar av kva som er typisk norsk, basert på korleis vi ønskjer at «det norske» eigentleg skal vere?

Skodespelarar

Aksel Ørnes
Melina Karantonis
Jonathan Antonio Thrane Storsve
Keira LaHart
Jasmin Mellembakken
Alba Regine Arnesen
Sebastian Sørlie
Johannes Sandvik
Christiane Torp
Bergljot Heyerdahl Skagestad
Hedda Marie Bøe Svensholt
Helena Martens

Produksjon
Regi/koreografi: Erlend Samnøen
Instruktør: Morten Espeland
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Jørann Normann
Kostyme: Line Jeanette Antonsen
Mask: Live Becker Knudsen