DRAUMKVEDET – EI REISE I TIDA OG I MENNESKESINNET

ør
høyrde eg stemmer frå vi
eit vi
dette vi-et snakka og song framtidssong
syng den songen for meg mollimokka

 

DRAUMKVEDET – EI REISE I TIDA OG I MENNESKESINNET
Framsyninga Draumkvedet baserer seg på den kjende mellomalderballaden med same namn. Her
møter me Olav som fell i djup svevn på juleftan, og som i draumen vandrar gjennom dødsriket. Først
trettandedag jul vaknar han opp og dreg til kyrkja for å fortelja om draumane sine.
Vår versjon av kvadet er blitt til ein monolog for skodespelaren Morten Espeland, og dei historiske
versa er omkransa av nyskriven tekst av dramatikaren Eirik Fauske.
I Draumkvedet følgjer publikum skodespelaren på ei reise inn i karakteren Olav, og vidare inn i
draumane hans. Draumereisa tek oss gjennom ei rekkje landskap der ein beveger seg frå noko
heimleg og kjent, til noko forvitra, mystisk, øydelagt og marerittaktig. Kanskje dukkar brotstykke av
historier opp? Kven er Olav? Kva har hendt han? Er han sjuk? Har han vore utsett for ei ulukke?
Drøymer han, eller er han i ferd med å døy?

pust
eg pustar ein gong i minuttet
pust inn
tel til tretti
pust ut

dei står i ring omkring meg no
og vil meg oppatt vekke
pust inn
pust ut

Draumkvedet er eit tidleg, norsk eksempel på såkalla visjonslitteratur. Diktet blei overlevert munnleg
frå generasjon til generasjon i fleire hundre år, og er samla inn i over 100 ulike versjonar. Somme av
versjonane er blitt opphøgde til nasjonale skattar, medan andre blir sett på med meir misstenkelege
auger. YMIST. har latt seg fasinera av Anne Skålen sin villare versjon som langt på veg er blitt
devaluert som ”upaalidelig og ikke sanddru”.

6. januar – eller trettande dag jul – dagen då Olav vakna, hadde framsyninga premiere på
Ungdomshuset Nordvang i fjellbygda Vats (Ål).

Etter dette drog framsyninga vidare til Ullensvang, Ulvik, Granvin, Strandebarm, Bergen, Stord og Oslo.
Framsyningane i Hordaland er i samarbeid med Hordaland Teater.

Kompaniet er no ferdige med ein godt besøkt turné. Spelestadene, forsamlingshus med røter i ungdomsrørsla, danna ei visuelt og tematisk spennande ramme rundt denne nytolkinga av ein kulturhistorisk sentral tekst. Dette er «drivande godt» gjort, meiner Norsk Shakespearetidsskrift.

 

Framsyningar i Nynorskens hus:
26., 27. og 28. jan kl. 19.00

Medverkande:
Skodespelar: Morten Espeland; Instruktør: Erlend Samnøen; Dramatikar: Eirik Fauske; Scenograf:
Maja Nilsen; Lysdesign: Evelina Dembacke og Tilo Hahn; Lyddesign: Nils Jakob Langvik; Dramaturg:
Kai Johnsen; Tekstdramaturg: Finn Totland; Produsent: Ida Willassen; Teknikkar: Alf Erik Fylkesnes

Støtta av:
Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Dramatikkens hus,
Bergesenstiftelsen, Hordaland Fylkeskommune og Hordaland Teater.

Datoar
26. januar 2018
Kl.19.00
27. januar 2018
Kl.19.00
28. januar 2018
Kl.19.00
Stad
Nynorskens hus
Rosenkrantz' gt 8

Følg oss på sosiale media