Her finn du ei liste frå arrangement vi har hatt i Nynorskens hus (henta frå førre heimeside)

Tango vs. folkedans. MØTE – ein studie

Ein dansekonsert der finsk og argentinsk tango møter norsk folkedans, song og dikt. Ein stad der folk møtest. Ei utforsking av rørslespråk og kryssingspunkt.

Medverkande
Piassavakvartetten: Hans Petter Bakketeig, Håkon Heyerdahl, Bo Engdal og Tom Haavardstun
Fele: Vegar Vårdal
Folkedansarar: Anbjørg Myhra Bergwitz, Simon Løvald, Knut Nedregaard og Marianne Dahl
Tangodansarar: Anniken Seglem Krokstad og Jarle Stabell
Bydelagskoret i Oslo med dirigent Anne-Line Sandegren
Symra og Tangoskolen medverkar.

Koreografi: Marianne Dahl
Konsept og tekst: Liv Hege Skagestad
Tekst: Anders Nordhammer

Framsyninga vert også sett opp på Riksscenen for folkemusikk og folkedans 25. oktober, sjå lenkja nettsida for informasjon og opplegg.

Opning av Nynorskens Hus

Velkommen til opninga av Nynorskens hus og
Velkommen til premiere på Jon Fosses  Hav i Teatersalen til BUL

Opninga og premier 26. september kl. 17.15 i Rosenkrantz» gate 8, utanfor Teatersalen.
Hav vert spela kl. 18.00 og kl. 20.00.

NYNORSKENS HUS OG HAUSTFESTIVALEN 2014

Nynorskens hus skal vere eit samlingspunkt for musikk, dans, språk, litteratur, teater, design, debatt og forsking og vil saman med Det Norske Teatret danne eit nynorsk kulturkvartal i hovudstaden. Vi ønskjer å vere ei tydeleg stemme i utviklinga av kulturen i Noreg. Her skal barn, unge, amatørar og profesjonelle møtast, undersøke nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk og bygge kunnskap. Her skal folkekultur utviklast og takast vare på.

Med denne satsinga vil Bondeungdomslaget i Oslo og Jon Fosse, i samarbeid med fleire andre organisasjonar, styrke nynorsken sin posisjon.

Teatersalen og Rosenkrantz’ gate 8 vil vere eit kraftsenter i denne utviklinga. Dei siste åra har BUL investert over 30 millionar i opprusting av Teatersalen og styrking av verksemda, og vi har mottatt støtte frå Oslo kommune, staten og mellom andre Fritt Ord og Bergesen-stiftelsen til ulike prosjekt. No blir denne storslåtte satsinga markert og utvida gjennom ei opning av Nynorskens hus og ein Haustfestival.

I løpet av 12 veker skal vi undersøke og vise fram kva dette huset kan og skal romme i tida som kjem.

Her blir det

  • debatt og samtale om språk
  • om Fosse og 20 år med norsk teater
  • om motkultur
  • ungdomshus og å heve si stemme
  • om miljø
  • om ny norsk design forankra i tradisjonar og
  • framsyningar av Den mangfaldige scenen
  • det blir urpremierar
  • boklanseringar
  • konsertar med mellom andre NING, Engegårdkvartetten og Susanne Lundeng, og Nynorsk songkor
  • det blir dans og leikarkveldar

Festivalen og huset vil bli, etter ønskje frå Fosse sjølv, opna med verdsdramatikaren sitt siste stykke Hav.

Om Hav av Jon Fosse

Vi er kanskje på ein båt på eit hav. Ulike menneske som delvis er ukjente for kvarandre, og delvis står kvarandre svært nær, møtast her. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om igjen og om igjen, situasjonar som førte til tap og til gevinst.

I Hav vender Fosse tilbake til nokre av dei ideane som har danna viktige orienteringspunkt i forfattarskapen hans, og framsyninga tar oss med inn i Jon Fosses symbollada univers. Samtidig møter vi Fosse sine leikande og forsonlege «små menneske» som får eit stort lys over liva sine.

26. september samlast nokre av landets mest kjende skodespelarar i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8 til Oslopremiere på Jon Fosses siste teatertykke.

Regi: Kai Johnsen, Lys- og videodesign og scenografi: Ingrid Tønder og Klaus Kottmann, Dramaturgi: Ola E. Bø, Skodespelarar: Birgitte Larsen, Hildegun Riise, Morten Espeland, Kyrre Hellum, Øystein Røger, Svein Tindberg, Produsent: Liv Hege Skagestad.

FRAMSYNINGAR

Fredag 26.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Laurdag 27.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Måndag 29.9 kl. 18.00 og kl. 20.00
Fredag 3.10 kl. 18.00 og kl. 20.00
Laurdag 4.10 kl. 18.00 og kl. 20.00

Jon Fosses tekstar er omsett til over 40 språk, og stykka er iscenesett meir enn tusen gonger over heile verda. Då Jon Fosse skulle planlegge urpremiere på det siste stykket sitt, Hav, valde han tre nynorskorganisasjonar som samarbeidspartnarar: Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), Hordaland Teater og Det Norske Teatret, dessutan Festspillene i Bergen. BUL vart hovudprodusent og urpremiera fann stad i ungdomshuset Gimle i Bergen under Festspillene 22. mai 2014. Hav vart møtt med fleire gode kritikkar, mellom anna i VG (terningkast 5), Dagbladet, Scenekunst.no, i danske Information og Neue Zuricher Zeitung.

 

Oppslag om Nynorskens hus i media:

På opningsdagen for Nynorskens hus var utviklingsansvarleg Liv Hege Skagestad gjest i Her og nå på NRK P1. Høyr innslaget her.

Innslag på NRK nyheiter om Nynorskens hus på 6.28 ut i denne sendinga.

 

Nynorskens Hus har fått omtale i Dagsavisen og Nationen. Les meir ved å klikke på lenkene nedanfor.

Dagsavisen 28. juli 2014: Nynorskens hus på plass i hovedstadenNationen 28. juli 2014: Nynorskens hus opnar i Oslo i haust

 

JUBELhelga 2014 – 17.-18. oktober!

Leikarringen i BUL feirer 95 år med JUBELhelg!

Til å feste saman med oss har me Erlend Viken trio, Tron Steffen Westberg, Tore Bolstad, Ami Dregelid, Einar Olav Larsen trio og fler. Det skal bli ordentlig gøy! Me feirar to dagar til ende og håper du vil vera med begge dagar. Det koster 500 kr for alt, 250 kr for kvar enkelt dag og 100 kr for dansekurset på dagtid med Ami Dregelid og Ellika Frisell. Det skal sjåast langt etter neste gong det samlas så mange gode folkemusikarar på same plass – berre for deg!

Det vert konsert, kurs og dansekveld. Vi gler oss til ein forrykande fest med kjente og ukjente!

Følg med på arrangementet på facebook for informasjon om helga på Facebook her

20080410-Ami_og_Ellika_-_Foto_Mari_Andrea_Ness_-_Jubel 20110926-wowfoto01

 

Hav av Jon Fosse

Livets nøkkelscener

Den nye framsyninga HAV tar oss med inn i Jon Fosse sitt symbollada univers. Samstundes møter vi dei leikande og forsonlege «små menneska» hans, som får eit stort lys over liva liv.

Vi er kanskje på ein båt på eit hav. Her møtes ulike menneske, som delvis er ukjende for kvarandre, og delvis står svært nær kvarandre. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om igjen og om igjen, situasjonar som førte til tap og til gevinst.

Jon Fosse sine tekstar er omsett til over 40 språk, og stykka er sett i scene meir enn tusen gonger over heile verda. Fosse debuterte som dramatikar på Den Nationale Scene med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1994.

Produksjonen av Hav er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen og dei tre nynorskorganisasjonar Hordaland Teater, Det Norske Teatret og Bondeungdomslaget i Oslo.

Hav blir vist i ungdomshus. Hus som i over 100 år har hatt ei viktig rolle i å utvikle og formidle folkeleg kunst og kultur. Premiere var på Gimle i Bergen. 22. mai 2014.

 

Manus: Jon Fosse
Regi: Kai Johnsen
Scenografi & videodesign: Ingrid Tønder
Sceneteknikk, lys- og videodesign: Klaus Kottmann
Dramaturg: Ola Bø
Produsent og regiassistent: Liv Hege Skagestad
Forlag: Columbine Teaterförlag

Urpremiere på Festspillene i Bergen i 22. mai 2014.

Produsert av Bondeungdomslaget i Oslo i samarbeid med Festspillene i Bergen, Det Norske Teatret og Hordaland Teater.

Boklansering: Frå Asker til Eden

Alfred Fidjestøl og Samlaget lanserer boka Frå Asker til Eden.

AlfredFidjestoelDen såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag.

Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine.

Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og  polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.

Meir om forfattaren klikk her:

 

 

Ein samtale, ein verkstad om kjønn, likeverd og religion

I eit samarbeid med filmskapar og kunstnar Nefise Özkal Lorentzen ønskjer vi å reise og drøfte grunnleggande spørsmål om kjønn, likeverd og religion, og om korleis vi bevisst og ikkje bevisst går inn i spørsmåla. Vi ønskjer å skape større openheit, ein meir kvalifisert samtale og innsikt kring problemstillingar som er kompliserte og pregar svært mange i Noreg og verda.

Vi ønskjer å samle om lag 60 menneske med ulik fagbakgrunn og erfaring, ingeniørar, samfunnsvitarar, journalistar, legar, politi, skulefolk, kunstnarar, kyrkjesamfunn.

Programmet er delt i tre:
– Filmvisning av Mannislam – ei reise inn i spørsmål om maskulinitet
og religion
– Gruppearbeid med utgangspunkt i eit utval problemstillingar
– Korte presentasjonar og refleksjon i plenum

Nefise Özkal Lorentzen er prisløna for sin filmtrilogi om kjønn og tru: Gender me, En ballong for Allah, Mannislam. Filmane er omsett til over 13 språk og sendt i leiande kanalar og lerret over heile verda. Filmane går med poetisk leik og djupt alvor og innsikt inn i nokre av dei grunnleggjande spørsmål knytt til synet på menneske, verdigrunnlag og samfunnsstrukturar. Opplegget for samtalar rundt filmane har ho gjennomført for journalistar, lærarar og studentar m.a. i Volda og ved internasjonale studier ved Høgskolen i Vestfold. Ho ønskjer med dette at filmane skal brukast som bidrag inn i debatt og utvida forståing av problemstillingar knytt til kjønn, samfunnsutvikling og religion.

Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater som årleg gir 150 born og unge med ulik sosial og kulturell bakgrunn høve til å uttrykke seg, lære og skape teater. DMS jobbar i spenningsfeltet mellom nye uttrykksformer og kulturarv. Nefise har vore kunstnarleg rådgjevar i fleire av våre prosjekt.

Vi har avdekka eit sterkt behov for å få auka kunnskap om desse problemstillingane. Vi trur denne kunnskapen er svært relevant for alle som på ulikt vis er deltakande i det nye Noreg.

Regissørens intensjonar, av Nefise Özkal Lorentzen:

«Etter 9/11/2001 bestemte jeg meg for å lage en trilogi om kjønn og islam. Min intensjon var verken å forsvare eller forklare betydningen av islam generelt, men heller å vise de ulike kulturer innenfor islam og ulike tolkninger av islam. Etter 13 års disiplinert og hardt arbeid har jeg klart å nå målet mitt. Jeg har rett og slett levd i en ”skapelsesboble” hvor jeg ikke hadde tid til å tenke på promotering av filmene. Nå er tiden kommet til å få filmene ut til et mye bredere publikum over hele verden. Og tiden er kanskje mer moden, og verden har større behov, for disse filmene nå enn da jeg startet. Derfor ønsker jeg å jobbe med outreach av trilogien i 1 år.

Trilogien er et unikt kunstverk på verdensbasis. Det finnes ingen andre trilogier om et demokratisk, likestilt og pluralistisk Islam. Nå er det min plikt som kunstner å dele kunnskapen med andre og la trilogien bevege seg ut i verden. »

Tid:
10. juni kl. 18.00-21.00

Ljodahått

Norsk kulturarv ein stad mellom Arcade Fire og Leonard Cohen

Ljodahått er ein hyllest til Noregs litteratur- og poesitradisjon. Her får du høyre diktsongar med element av rock, folk, vise og jazz. Ljodahått, etter norrønt «ljóðaháttr», betyr trollsang eller magisk sang, men også motstridande stemmer/klangar. Ljodahått formidlar norsk kulturarv, tolka gjennom musikk og stemmer for å auke interessa for norsk poesi, litteratur, språk og kultur mellom folk i både inn- og utland. Diktsongane vert framført utelukkande på norsk uansett spelestad, nokre av dei av franske, sveitsiske og tyske vokalistar. Slik vart Ljodahått skildra då gruppa gjesta Edinburgh: «Tenk på noko ein stad mellom Arcade Fire og Leonard Cohen, og du er på rett spor».

Tekstane er henta hjå nokre av våre største diktarar: Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Olav Nygard, Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Olaf Bull, Astrid Hjertenæs Andersen og Tor Ulven for å nemne nokre, og all musikken er originalkomposisjonar frå Ljodahått. Ein poesi-konsert som gir lysstrålar i « kvardagsgruggen », for å bruke eit ord frå Olav Nygard.

Magne Håvard Brekke komponist, fiolin, vokal Ståle Caspersen komponist, torader, gitar, piano, vokal Steven Forward bassgitar, vokal Jürg Kienberger komponist, piano, orgel, hjemmelaget glassharpe, vokal Vidar Osmundsen gitar, piano, vokal Laurent Petitgand komponist, gitar, piano, vokal Eirik Mannsåker Roald cello, vokal Sébastien Souchois komponist, altsaksofon, baritonsaksofon, piano, vokal Sam Walker komponist, perkusjon, vokal.

Ljodahått på Festspillene i Bergen 2015

17. mai i Bondeungdomslaget

Bondeungdomslaget i Oslo inviterer tradisjonen tru til 17. mai-feiring der Leikarringen dansar opp Karl Johan, Feststund i Teatersalen og Brusteinsball.

Kl. 09.15 Markering ved Aasen-bautaen

Studentmållaget legg ned blomar ved grav til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund.

Kl. 09.15 Leikarringen dansar opp Karl Johan

Danseleiarar Marianne Dahl og Vegar Vårdal. Musikarar Ole Nilssen og Bjørn Kåre Odde. Frå Egertorget til Slottet Les meir her

Kl. 15.00-17.00 Feststund i Teatersalen

Program:

  • Velkommen ved Songlaget. Diriget Vegar Sandholt
  • Servering av rømmegraut og spekemat
  • Tale og kunstnarisk innslag ved Lavleen Kaur, kriminolog, dansar, koreograf og skodespelar. I det kunstnariske innslaget medverkar også Vegar Vårdal og Simon Løvald
  • Kaffi og kake
  • Songlaget avrundar feststunda
Lavleen Kaur

Lavleen Kaur

Kjøp gjerne billettar på førehand for å sikre deg plass. Bruk knappen til høgre for å kome til billetttinging.
Du kan også sende e-post til lagskontor@bul.no, eller ringe  23 21 41 60 for å melde deg på.

Pris kr 175.
Barn til og med 16 år kr 70.

Kl. 18.14-19.45 Brusteinsball på Universitetsplassen

Små og store, med og utan bunad, for alle som har dansa og alle som ikkje har prøvd før. Dette er BUL si 17. mai-gåve til Oslo

Program:

  • Songlaget i BUL innleier ballet
    Marianne Dahl og Vegar Vårdal leiar dansen. Vegar Vårdal, Olav Christer Rossebø og Åsmund Reistad står for musikken
    Slutt kl. 19.45

Etter Brusteinsballet byr BLS inn til dans i Nordahl Bruns gate 22.

Songlaget i BUL møter Bygdelagskoret i Oslo

Nynorsk songbok

Songlaget i Oslo og Bygdelagskoret i Oslo har gjennom eit hundre år vore formidlar av nynorsk song. No møtast dei ein dag i mai for å formidle noko av det store repertoaret desse kora syng og utforskar. Denne dagen får publikum oppleve kontrastar og bredde innan formidling av nynorsk song og folkemusikk for og med kor. Her er fleire 100 års tradisjon, nye arrangement og ikkje minst eit møte mellom ulike stilar innan formidling av musikk. Det blir kaffe og kaker på tradisjonelt vis og tradisjonell musikk på nye måter. Og det blir allsong.

Songlaget blei etablert i 1914 og var eit samlingspunkt for utvikling og formidling av folkekultur. Gjennom alle år har koret hatt det som sitt viktigaste mål å ta vare på norske song- og musikktradisjonar.Dei har eit bredt repertoar og dei siste 15 åra hatt ein særleg satsing på folkemusikk. Under leiing av Vegar Sandholt utforskar dei songskattar og større verk med vekt på ein klassisk klang.

Songlaget BUL_003

Bygdelagskoret i Oslo er eit av dei få kora i landet som utforskar og formidlar folkemusikk på ein mest mogleg autentisk måte, både når det gjeld tonesetting og klang. Samstundes får dei fram nye arrangement mellom anna inspirert av urtoneklang, internasjonal folkemusikk og utøvarar som Valkyrien Allstars. Dei syng tekstar frå folkekulturen og lyrikk frå diktarar som Garborg, Prøysen, Vesaas. Bygdelagkort blei stifta i 1929 og var gjennom fleire ti-år eit av Noregs viktigaste representasjonskor, eit kor som spegla heile landet. Anne-Line Sandegren har dirigert koret i over 15 år og arbeidet ho gjer med å utforske formidling av folketonar for eit blandakor på folketoneklangens premissar, kan reknast som eit pionerarbeid. Koret har også vore med i fleire teateroppsettingar

Kulturarv som raknar i saumen?

Norges Husflidslag, Heimen Husflid og Nynorskens hus vil varme opp til nasjonaldagen ved å spørje om ein vesentleg del av kunnskapen og kultarven i Noreg er i ferd med å gå tapt og konsekvensar dette kan ha.

Sjå kronikk i Dagsavisen 15. mai 2015.

Vi vil vise kva verdi handverk har for samfunnet. Vi vil setje dagsorden for korleis vi kan sikre denne kunnskapen for framtida. Vi inviterer derfor til ein møtestad for forskarar, utøvarar, interesseorganisasjonar og politikarar, kor vi saman drøftar verdiar, kompetanse og ikkje minst vegen vidare.

Seminaret er gratis, opent for alle og finn stad på Nynorskens hus, Oslo, 12. mai klokka 12.30-16.00.

Førebels program

«Er det dere som er bunadspolitiet? og ni andre spørsmål fra folk flest» Ved Marit Jacobsen frå Norges Husflidslag

«Kva vet vi om bunadsproduksjon og kor mykje er kunnskapen verdt?» Samtale mellom Mette Vårdal frå Studieforbundet kultur og tradisjon og Gisle Mariani Mardal frå Norwegian Fashion Institute.

«Ei innføring i kvardagen med nål og trå» Tre kortinnlegg frå kvardagen som bunadtilvirker.

«Politiske svar på bunadsfagets utfordringar» Kulturpolitisk talsperson i Arbeiderpartiet, Hege Haukeland Liadal

Det vert òg kunstnariske innslag. Lunsj og kaffi serverast ved starten av seminaret.

Heimen husflid er landets største enkelståande bunadsprodusent og forvaltar ein unik del av norsk drakthistorie. Norges Husflidslag har over 24 000 medlemmar og er ein ledande kultur- og interesseorganisasjon innan kulturvern, handlingsbåren kunnskap og næringshusflid.

Nynorskens hus er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo og er ein arena der folk med ulik kompetanse og kunnskap møtast og skape kunst og kultur.

Les meir om Norges Husflidslag