Susanne Lundeng og Engegårdkvartetten

Engegårdkvartetten, eit av landets mest etterspurde kammermusikkensemble, har teke det langsiktige samarbeidet med Susanne Lundeng eit steg vidare og har no gjeve ut eit album saman.

Programmet den 9. oktober inkluderer både musikk frå det klassiske kjernerepertoaret og låtar frå den nye plata ”Et Steg Ut”. Engegårdkvartetten spelar den siste ”Prøyssiske” kvartetten av Mozart, K. 590 i F-dur og Schuberts Quartettsats D. 103 i c-moll. Engegårdkvartetten er Arvid Engegård og Alex Robson på fiolin, Juliet Jopling på bratsj og Jan Clemens Carlsen på cello.

På plata ”ET STEG UT” har Susanne Lundeng sjølv skrive kvar tone i eit gjennomkomponert album der hennar eige instrument er kjerne og utgangspunkt. Susanne held på sin heilt personlege musikalske veg og skaper samtidsmusikk med utgangspunkt i ein nordlandsk folkemusikktradisjon. Denne kombinasjonen av folkemusikkinspirert komposisjon og framifrå klassiske musikarar er heilt unik i norsk musikkliv.

SUSANNE LUNDENG, frå Bodø, er ein av våre mest særprega felespelarar. Spelet hennar er rotfest i den nordlandske folkemusikken, ein tradisjon som var ukjend for dei fleste. Allereie som lita jente i Bodø fekk ho treffe dei gamle spelemennene frå Salten og Lofoten. Hun trefte dei på spellemannsstemne, og vart med på dansespeling og drog elles på besøk og fekk høyre og lære meir. Med si lyriske nordlandske urkraft og sitt klanglige uttrykk gjer Susanne Lundeng musikken sin tilgjengeleg for eit stort publikum. Det ligg ein harmonisk villskap i hennar musikalske formidling av stemningar. Publikum skjerpar sansane når dei opplever hennar ekspressive og energiske sceneframferd. Susanne Lundeng er ein av våre viktigaste tonekunstnarar. Ho har klart å fornye folkemusikken utan å miste røtene.

ENGEGÅRDKVARTETTEN, fødd i 2006 under midnattsola i Lofoten, vart raskt eit av landets mest etterspurde ensemble og deltok i sin første sesong på mange av dei største festivalane i Noreg, inkludert Festspillene i Bergen og Oslo Kammermusikkfestival. Engegårdkvartetten sin debut-cd vart kåret som den beste norske klassiske utgjevinga i 2008 av Kjell Hillveg, og fekk internasjonalt omtale som ”The playing is breathtaking” (The Strad) og ”First rate quartet playing” (International Record Review). Kvartetten si andre plate fekk utmerkinga “Supersonic Award” i magasinet Pizzicato. I det siste har Engegårdkvartetten spelt ”Elegant og uttryksfullt” i Gøteborg, blitt utropt som ”Noch ein Meisterensemble!” i Luxembourg, og i Dublin ”the audience roared their approval!”

Om albumet ”Et steg ut” er mellom anna skrive:
”En høyere enhet”, Arvid Skancke-Knutsen, Klassekampen, 23. juni 2014
”Feiende frekt”, Olav Solvang, Vårt Land, 20. juni 2014

Om Engegårdkvartetten og Susanne Lundeng på konsert:
«Engegårdkvartetten og Susanne Lundengs tilstedeværelse er utrolig både å se og høre. Samspillet er iørefallende. De tar seg musikalske friheter, men det hele er likevel ytterst kontrollert», Yngvil Bjellaanes, Adresseavisa, 15. april 2013

 

Showbox

Eye Seraeye / Anders Høgli

Eye Seraeye, betyr: Eg er den eg er. Men kven er eg eigentleg? Kva vil det seie å vere tru mot seg sjølv? Når alt er sagt og gjort, har eg sagt meir enn eg har gjort?

Eye Seraeye er ei framsyning om livet før døden. Livet mitt. Det begynner med at eg døyr. Eg døyr og kjem til ein stad. Eg veit ikkje kvar eg er. Det er mørkt. Eg snakkar med meg sjølv (sånn som eg alltid gjer når eg er stresset). Eg høyrer meg sjølv, eg hører mine eigne tankar. Eg veit ikkje lenger om eg tenker eller snakkar. Eg veit ikkje lenger om eg er død, eller om eg lever fortsatt. Kanskje begge deler?

Framsyninga er planlagt og gjennomført av Anders Høgli, i praktisk/teknisk samarbeid med: Lars Løberg, Agnar Ribe og Einar Ottestad

UTØVAR / MANUS / REGI: Anders Høgli
TEKNIKK / LYD: Lars Løberg
LYDDESIGN: Lars Løberg og Einar Ottestad
SCENOGRAFI / LYS: * Silje Sandodden Kise og Anders Høgli
HAMSTERANSVARLEG / PROGRAMMERING: Einar Ottestad
TEKNISK KONSULENT: Agnar Ribe
FOTO: Lars Løberg

LENGD: 40 min
MÅLGRUPPE: 10+

* klatrestativet blei designa av Silje Sandodden Kise og produsert av Akershus Teater til ein DKS-produksjon i 2009.

Framsyninga er støtta av SPENN.no
Takk til: Grenland Friteater, for lån av utstyr i prøveperioden.

Framsyninga er del av Scenekunstbruket sin festival Showbox:

eye08x

Noko frå Noreg – 2014

Samtale

Eit språk for design. Om omgrep, handverk og språk som formidlar kvalitetar, sikrar kulturarv og er springbrett for ny design.

Bakgrunn og mål

BUL er eigar av landets største levande kompetansemiljø innan bunad. Vi forvaltar heile mønsterarven som Hulda Garborg i si tid samla inn, og det var her gjenoppdaginga og kanoniseringa av det mangfaldet av drakter, handverkstradisjonar og materialbruk som etter kvart har kjenneteikna den unike fokedrakttradisjonen vi har i Noreg, i si tid vart gjort. Kunnskapen vert bringe vidare gjennom ein levande handverkstradisjon og design og sal av bunader. Heimen har si eiga systove med 23 skreddarar og nasjonalt og internasjonalt samarbeid i produksjonen sin. Heimen vert drive kommersielt.

I 2011 innleia vi eit samarbeid med Norwegian Fashion Institute og mellom andre Folkemuseet for å setje ord på verdiane i kulturarven og korleis denne kan ha større verdi for ny norsk design og korleis en forheld seg til dei tradisjonskleda som i 2013 finst i Noreg. Det vart gjennomført eit større, innleiande kunstnarleg symposium som gav bakteppet til ei større satsing. Her var mellom andre kulturministeren til stades, og satsinga var støtta av Fritt Ord og Kulturrådet og hadde tittel ”Noko frå Noreg – 2013”.

Konklusjonen var mellom anna at Noreg og ny, norsk kvalitetsdesign hadde mykje å hente ut ved å legge større vekt på dei verdiane som er i kulturhistoria, handverkstradisjonar og materialbruk innan tradisjonsklede i Noreg. Det vart i første omgang sett i gang eit designprogram for klede inn i det 21. århundret. Dette resulterte i arbeid av ti ulike designarar som gjer synleg nokre av desse kvalitetane .  Produkta og språket som vart brukt om dette hadde ei utstilling under Eidsvollsjubileet og på Doga sommaren 2014. Samtidig er mykje av denne handverkstradisjonen og historikken for svakt dokumentert.

Mykje av den handborne kompetansen er truga av at det i akselererande grad er færre som kan handverket.

Vi har i Noreg også  eit stort tilfang av folkedrakter som har opphav i andre land. Dette er ikkje dokumentert eller tatt opp som ein del av vår levande kulturarv.  Det manglar også eit uttalt språk og innsikt i kva handverkstradisjonar og drakt betyr for mennesket. Ein kan seie ein har mangla eit språk for formidling, dialog og utvikling av denne tradisjonsarven.

Det vart konkludert med at dei ulike bunads-, handverks-, husflids-, skule- og designmiljøa i fellesskap må lage ein strategi for korleis denne kunnskapen skal sikrast og bli tatt i bruk i sterkare grad i ny design.

Tiltak

Saman med Norwegian Fashion Institute, Kunsthøgskolen i Oslo og Folkemuseet vil vi oppsummere status for arbeidet sidan oppstarten i oktober 2013 og undersøke vegane inn i eit språk for forståing av kvalitet, bevaring og utvikling av kulturuttrykk som er i tradisjonsdrakter og som er kjelde til ny design.

Tittelen på seminaret er ”Noko frå Noreg – 2014”. Samtalen skal gå over fire timar og svare på følgjande:
o korleis kan dei uttrykka, det mangfaldige språket, den bakomliggande tenkinga, det særeigne uttrykket og den svært høge kvaliteten i handverk, materialar og estetikk som finst i bunaden/kulturarven, og som mellom andre Heimen forvaltar, bli betre dokumentert, formidla og sikrast for framtida?
o korleis kan desse uttrykka bli tatt i bruk i ny norsk design som konkurrerer på ein internasjonal marknad?
o korleis kan ein i kunnskapsoppbygging og design ta opp i seg det mangfaldet av uttrykk som finst i Noreg i dag med over 200 nasjonalitetar representert?

På bakgrunn av dette skal det peikast ut eitt eller fleire pilotprosjekt som går opp modellar for korleis desse verdiane blir tatt vare på og utviklar vidare.

Kersti2014

Rundt 1900 skreiv Hulda Garborg skodespelet Liti Kersti, eit syngespel om ei ung jente som forsvann inn i berget det blå. I 2014 går Kersti til psykologen og møter si fortid og framtid. Stykket er utvikla over fleire år, med utgangspunkt i historikken i Teatersalen.

Eit konsertteater med Bygdelagskoret i Oslo, Bulder og Brak, Anders Nordhammer og Sigyn Sjølie Sandegren.

Koreografi: Anders Aasberg

Dirigent: Anne Line Sandegren

Regi: Liv Hege Skagestad

Dørene opnar kl 17.30

Hus som skaper landet

Seminar

Ungdomshusa, slik som Rosenkrantz´ gate 8, har hatt ein unik betydning for utviklinga av eit demokratisk og sjølvstendig Noreg. I dag finst om lag 300 slike hus over heile landet.

Denne historia, som er ei vesentleg kjelde for forståinga av Noreg og som kan ha stor betyding i utviklinga av det nye Noreg, er ikkje godt nok fortalt. Rundt om i landet står desse ”små kulturhusa”, hus som kan vere ein viktig arena for å danne nye fellesskap, for å uttrykke seg og for kunst- og kulturverksemd. Bygga kan også ha verdi for turistnæringa.

I grunnlovsjubileet vil Noregs Ungdomslag saman med BUL få fram større deler av denne historia, vi vil gjere synleg det store potensialet desse bygga har for kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping.

Vi vil leite fram eit språk som kan gjere synleg den krafta desse bygga kan ha i bygginga av det nye Noreg, kva for innhald husa kan ha, og korleis ein får til økonomisk samarbeid mellom offentlege og private aktørar i bevaring, opprusting og drift.

Last ned fullt seminarprogram her.

Les Fjord1-magasinet sin artikkel om «Huset i bygda» her.

Og aldri skal vi skiljast – eit Fosse-jubileum

20 år med Jon Fosse og norsk teater

– Og aldri skal vi skiljast på Fossedagane 26. april Det er 20 år sidan den første teaterteksten til Fosse blei framført på ei scene. Nynorskens hus og Hordaland teater mekrer dette med ei konseptuell gjenopptaking av framsyninga «Og aldri skal vi skiljast» og samtaler om 20 år med Jon Fosse og norsk teater. Produksjonen vil bli vist 26. april kl 17.00 i bedehuset i Strandebarm. For informasjon og billettar Sjå sending i NRK Vestlandsrevyen, ca 2057 Jon Fosse er vår største nolevande dramatikar, omsett til over 40 språk, spela over 1000 gonger. Han har gjennom sin forfattarskap skapt eit nytt språk og ein eigen sjanger i moderne verdsdramatikk. Dette språket er uomtvisteleg og unikt nynorsk, samstundes kommuniserer det innanfor ei rekke andre kontekstar, samfunn, kulturar og språk – på fem kontinent. Fosses menneske er fanga i eit dynamisk sprang der det vesle einskilde mennesket møter dei store spørsmåla, i ei verd der kvar og ein er unik, kvar augneblink. Dette prosjektet ønskjer å rette eit eige fokus mot Fosses plass i norsk teater. Korleis har norsk teater gjennom 20 år forvalta Fosses ulike språk, mellom tausheit og tale? Jon Fosse hevdar å ha skrive sitt siste teaterstykke med Hav. For 20 år sidan, i februar 1994, debuterte han med Og aldri skal vi skiljast på Den Nationale Scene i Bergen. I rollene var Unni Kristin Skagestad, Bjørn Wilberg Andersen og Helga Mjeldheim. Kai Johnsen hadde regien. Sidan den gong har Fosse hatt eit internasjonalt gjennombrot som saknar sidestykke i norsk etterkrigshistorie. Det er openbert at denne spesielle oppsetjinga vart viktig for Jon Fosse si vidare utvikling som dramatikar, og at det kollektive arbeidet vart ein inspirerande drivar for det som etter kvart skulle bli til 33 stykke frå Fosse si hand. Gjennom fleire år har framsyninga frå 1994 vore tematisert i ulike samanhengar, ikkje minst av Fosse sjølv. Dette verdsspråket og denne historia markerte BUL/Nynorskens hus og Hordaland Teater m.fl. i jubileumsåret.

Eit Fosse-seminar – frå Og aldri skal vi skiljast til Hav

14. desember 2014 i Teatersalen, Rosenkrantz` gate 8, med følgjande program: kl. 16.00 framsyning av «Og aldri skal vi skiljast» kl. 17.00 – 20.00 samtaler om Fosse og 20 år med norsk teater Program: – Frå teaterhatar til verdsdramatikar, eit foredrag av Cecilie Seiness – Fosses plass i norsk teater, Tom Remlov i samtale med Hanne Tømta, Jon Refsdal Moe og Tom Egil Hverven – I prøvesalen og på scenen, Ola Bø i samtale med Andrine Sæther, Øystein Røger, Terje Mærli og Kai Johnsen Gjennom samtaler med forfattarar, skodespelarar, regissørar og belyse mellom anna følgjande spørsmål: – frå avantgarde-prosaist og teaterhatar til verdsleiande dramatikar: kor «kom» Fosse frå? – tradisjonalist eller post-dramatikar: korleis kan ein oppsummere Fosses verk? – korleis har norsk teater forvalta Fosses dramatiske forfattarskap? Kva er og har vore forholdet mellom norsk teater og Fosse? Framsyninga og seminaret bar enkelt preg av norsk «teaterdugnad» i høve Fosse sine 20 år som dramatikar. Høyr innslag om Fossejubileet på NRK P2 Kulturnytt her.
Hordaland teaterimage002Kulturdepartementet

 

 

juBULdag for barn

Kurs og framsyning

De kan velje mellom dei tre dansekursa våre den 29. november og vi avsluttar dagen med stor dansefest for barn med spanande framsyningar på kvelden!

KURS 1: Frå idé til framsyning. Lynkurs i teater og dans som endar i ei framsyning! Alder: 7-12 år.

KURS 2: BULyoung! Nybyrjarkurs i halling. Vi leikar med rytmar, lærer spenstige hallingtriks og sparkar hatten! Alder: 7-12 år.

KURS 3: Variert og morosamt folkedanskurs for dei yngste! Her blir det leik med polka, ril og reinlender og vi lærer morosame songleikar! Alder: Barn under 7 år.

Kurs laurdag 29. november kl. 11-15. Vi serverer pizza i pausen. (Meld ifrå om allergiar.) Ta med drikkeflaske og danseko. Pris: 100 kr for medlemer av Barnelaget/150 kr for andre.

DANSEFEST same dag kl 16-19. Vi startar festen med framsyninga til kurset Frå idé til framsyning og vi kan glede oss til framsyninga «Stålverk» av hallinggruppa BULder og brak. Vi serverer middag og dessert. (Meld ifrå om allergiar.) Antrekk: Bunad/pent tøy. Pris: 200 kr.

Spre gjerne ordet og ta med venner og kjente!

 

BULder og brak: Stålverk

For første gong set hallinggruppa BULder og brak opp ei eiga forestilling! I framsyninga «Stålverk» har gruppa med koreograf og instruktør Anders Aasberg latt seg inspirere av den industrielle revolusjonen, og bøndene si søken etter lykke i byane som industriarbeidarar.

BULder og brak er Barnelaget i BUL Oslo si eiga hallingdansgruppe. Dei har trent saman kvar veke sidan hausten 2009, med Anders Aasberg som hovudinstruktør, og har utvikla seg til ei potent Hallingdansgruppe med 12 dansarar i alderen 10-18 år. BULder og brak har hatt svært god framgang sidan starten, og mange av medlemmene får gode resultat på kappleikar.

BULder og brak har tidlegare vore med som innslag i teaterframsyningar, men no er dansarane modne for å bære si eiga framsyning. Ei framsyning er både motiverande og triggande, men også forpliktande. I tillegg ser vi at arbeidet med ei framsyning vil skape variasjon i undervisningstilbodet, og gi rom for individuell spissing av ferdigheiter hos dei ulike dansarane.

Instruktør/koreograf: Anders Aasberg

Musikarar: Jens Linell, perkusjon og Jon Brodal, feler

Bulder og brak

Ultima: NING

«Ein rikskonsert» – ei undersøking av musikalsk fellesskap i Noreg i globaliseringa, sjølvrealiseringa og kommersialismens tid.

Av: Amund Sjøli Sveen, Erik Dæhlin, Ignas Krunglevicius, Alwynne Pritchard, Kristin Norderval og Trond Reinholdtsen.

Utfordringar knytt til nasjonalstat, globalisering og multikulturalisme er i dag sentrale problemstillingar både i Noreg og i resten av verda. Musikk markerer identitet, tilhøyrsle – og avstand. Nettopp difor er ei undersøkelse av musikalsk fellesskap i dagens Noreg interessant, potensielt kontroversiell og antakeleg dømt til å mislukkast: Ein alternativ kanon vil måtte stå i spagat mens dilemmaa haglar, og på den måten vere ei utforsking og manifestering av dagens utfordringar når det gjeld forholdet mellom individ og samfunn, mellom multikulturalisme og nasjonalt fellesskap, og mellom fri marknad og kulturell danning.

Rikskonserten er ei blanding av talkshow, konsertkåseri og føredrag – med element av arkivmateriale og dagsaktuell politikk – men først og fremst sjølvsagt ein konsert.

Med: Amund Sjøli Sveen, Erik Dæhlin, Tora Ferner Lange, Ignas Krunglevicius, Alwynne Pritchard, Kristin Norderval, Trond Reinholdtsen, Gildas Le Pape, Vestre Aker musikkorps, med flere. Ensemble NING.

Les meir om Ultima: http://ultima.no/

Tango vs. folkedans. MØTE – ein studie

Ein dansekonsert der finsk og argentinsk tango møter norsk folkedans, song og dikt. Ein stad der folk møtest. Ei utforsking av rørslespråk og kryssingspunkt.

Medverkande
Piassavakvartetten: Hans Petter Bakketeig, Håkon Heyerdahl, Bo Engdal og Tom Haavardstun
Fele: Vegar Vårdal
Folkedansarar: Anbjørg Myhra Bergwitz, Simon Løvald, Knut Nedregaard og Marianne Dahl
Tangodansarar: Anniken Seglem Krokstad og Jarle Stabell
Bydelagskoret i Oslo med dirigent Anne-Line Sandegren
Symra og Tangoskolen medverkar.

Koreografi: Marianne Dahl
Konsept og tekst: Liv Hege Skagestad
Tekst: Anders Nordhammer

Framsyninga vert også sett opp på Riksscenen for folkemusikk og folkedans 25. oktober, sjå lenkja nettsida for informasjon og opplegg.