Julebrev – opplevingar for store og små

Julebrev

Ein annleis julekonsert

Musikk og tekstar av Bach, Brahms, Debussy, Elgar, Mahler, Mendelssohn, Prokofjev og Reger.

Pianist og forteljar: Sara Aimée Smiseth.

Kl. 13 og 15

Bill.: 150,- (vaksne)/50,- (barn/studentar)

Julebrev frå Mikkel Rev

Ein liten rev har flytta heimefrå og lengtar etter ein venn for bjørnen har gått i hi. Så vil han skrive brev til månen, men korleis kjem brevet fram dit?

Ei lita teaterframsyning og verkstad for barn i alle aldrar.

Med Ranveig Thon Bjørnestad og Anders Nordhammer.

Kl. 13 og 15

Bill.: 50,- (barn)/100,- (vaksne)

 

Om foreldre eller besteforeldre vil gå på konsert, blir barna passa godt på av Mikkel Rev.

 

Ved framvising av konsertbilletter:

10 % avslag på julegraut (Kaffistova)

10 % avslag på alle julevarer (Heimen)

Kulturnatt 2016

Bli med på Kulturnatt i Teatersalen!

Songlaget i BUL, Teaterlaget i BUL og Leikaringen i BUL med spelemannen Vegar Vårdal inviterer til konsert med innslag av dans, teater og song,

Kom kl 18.30 eller 19.30.
Ope hus kl 18.00 – 20.00.

Program i Nordahl Bruns gate:
Bli også med på Kulturnatt i BLS-huset i Nordahl Bruns gate 22. Her blir det dans frå kl. 17-01.

Tone og Lisa dans

Foto: Knut Utler

 

Storsalen – Program frå kl 17.00 til kl 01.00
Kl. 17.00-19.00 – ”Halling for dei minste” – Barnelaget
Kl. 19.00-01.00 – Dansefest. Musikk: Ingunn Bjørgo Trio og Østerdølenes Spellmannslag.
Kl. 20.00-20.30 – Konsert med Bygdelagskoret Blåne.

I Halli og Blåsalen blir det undervist, vist og dansa ulike dansetyper i ei inkluderande atmosfære for alle medlemmer på huset og dei som kjem innom.

Halli – Program frå kl 18.00 til kl 24.00
Kl. 18.00 – 24.00 – Valdreslaget, Hallinglaget, Numedalslaget og Telelaget inviterer til ”Bygdelagsfest” . Det blir minikurs og mange høve til å hive seg rundt i ein springar eller ein rundsnu.

Musikarane Helga Myhr, Laura Ellestad, og Kenneth De Gala, alle tre på hardingfele, bytter på å spele.

Blåsalen – program frå kl 18.00 til 24.00
Kl. 18.00-20.00 – Symra introduserer stildans, turdans og bygdedans.
Kl. 20.00-22.00 – Oslo Songdanslag tar deg med på songdans, stordans, allsong og musikkdans.
Kl. 22.00-24-00 – Hordaringen tar deg med på gammaldans og diverse fellesdansar. Musikarar: Solvor Sundsbø på fele og Edvin Øen på trekkspel.

Kaféen – open kl. 17.00 til 01.00 Heile kvelden kan du få kjøpt kake, kaffi og saft samt pølse i brød/lefse for den som er svolten!

Dette står nokre av laga for. Og – det vil dessutan bli herleg kafé-musikk ved ein flott gjeng på torader.

Oslo kulturnatt er Norges største eindagsfestival med arrangementer på cirka 170 arenaer. Dette er ein måte å bli kjend med kulturlivet i Oslo – heilt gratis.

Du kan lese meir om Kulturnatt på Facebook eller nettsida

Experiencing Edvard Grieg

Norwegian Folk presents: Experiencing Edvard Grieg A thirty minute concert with the music of Norway’s most beloved composer With pianist Sara Aimée Smiseth and friends Nynorskens hus, Rosenkrantz’ gate 8, Oslo

Tuesday July 12th, 4 p.m.

Wednesday July 13th, 4 p.m.

Tickets available online or on-site: 100 NOK

https://pay.ebillett.no/eb_show.php?p_id=1203

Tor Jonsson – Berre kjærleik og død

Forestillingen er et nydelig stykke teaterkunst

VG

Tragisk skjebnefortelling i enkel og medrivende teatralsk innpakning

Aftenposten
Sprell levende, dramatisk og lyrisk forestilling om en kunstners krise, om dødens alvor og livets muligheter
Adresseavisen

I høve 100-årsmarkeringa for diktaren Tor Jonsson spelar vi framsyninga Berre kjærleik og død, av Ingar Sletten Kolloen, som også har skrive biografien om den folkekjære lyrikaren frå Lom i Gudbrandsdalen.

Teaterstykket fortel om ei meir ukjend side ved livet hans. I 1950 innleidde han eit forhold til journalisten Ruth Alvsen, berre eit halvår seinare, 35 år gamal, tok han sitt eige liv.

I stykket forsøker Ruth Alvsen å finne svar på kvifor det gjekk som det gjorde. Ho leitar i papira han etterlet seg og i eigne minne. Kvifor tok han sitt eget liv? Kunne nokon ha hindra det?

Tor Jonsson

Diktaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp under vanskelege og fattigslege kår på ein husmannsplass i Lom og var heilt frå barndommen merkt av bitre barndomsopplevingar frå den sterkt klassedelte heimbygda. Kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet er da også eit viktig tema i diktinga hans. Omgrepet Bygdedyret kjem frå hans kvasse penn, men han har òg skrive nokre av våre vakraste kjærleiksdikt. I heile sitt vaksne liv sleit han med rus og depresjonar, sjølv om han opplevde stor framgang og anerkjenning som forfattar. Viktige utgjevingar kom posthumt, han fekk også Kritikarprisen fem år etter at han døydde.

Framsyninga er opphavleg produsert av Trøndelag Teater. Gjestespelet blir tatt imot i samarbeid med Det Norske Teatret og Tor Jonsson-laget.

MED

Ruth Alvsen: Wenche Strømdahl
Forteljaren: Hallbjørn Rønning

 

Reiss alene

Ein solocabaret med over- og undertonar. 

«Reiss alene» er ei humoristisk, men også tankevekkande framsyning om livet som musikar, kunsten og ein musikars forhold til instrumentet sitt. Georg Reiss framfører eigne tekstar og spelar klarinett. Han tar på sin måte arven opp etter grandtanta si, cabaretkunstnaren Elisabeth Reiss.

Ståle Ytterli er regissør for framsyninga.

Georg Reiss (f. 1956) vert rekna som ein av Noregs breiaste klarinettistar. Han er klassisk utdanna, men er like mykje ein jazzmusikar eller utøvar av all verdas folkemusikk så sant musikken kan spelast på klarinett. Han har levd som frilansmusikar sidan han gjekk ut av Norges musikkhøgskole i 1982, og det er i seg sjølv ein prestasjon.

Du kan oppleve Georg Reiss i såpass ulike samanhengar som Magnolia Jazzband, Gjertruds Sigøynerorkester, Streif, SyrinEnsemblet, Ophelia Orchestra, bryllaupet til dotter di eller di eiga gravferd. Det er dette mangfaldige musikarlivet han reflekterer over i «Reiss alene».

På 50-årsdagen sin heldt han jubileumskonsert for eit utseld Oslo Konserthus. 60-årsdagen vert feira med solocabareten «Reiss alene» i Teatersalen i Nynorskens hus.

Foto: L-P Lorentzen

Debussy og hans verd

Det var i brytningstida mellom to århundre at Claude Debussy (1862-1918) hadde sitt kunstnariske verke. Omverda kalla musikken «impresjonistisk». Sjølv kunne han ikkje fordra det omgrepet. Men Debussy vart fort kategorisert, for suksessen til enkeltverk som «Claire de Lune» og «Arabesque» gjorde at han står sterkt verda over.

Impresjonisten, naturelskaren, musikkpoeten. Ser ein nærare på personen Claude Debussy finn vi ein bohem som levde eit liv prega av kvinnehistorier og personleg dramatikk. Med erfaring både som muntleg musikkformidlar og pianist på høgt nivå vil Sara Aimée Smiseth forsøke å danne eit bilete av Debussy, og sjå nærare på kva som eigentleg låg til grunn for dei ulike komposisjonane vi får høyre.

På programmet står Suite Bergamasque, Pour le Piano og utdrag frå Children’s Corner. Impresjonistisk eller ikkje impresjonistisk – musikk som har fortrylla publikum frå førstegongsframføringa i starten av førre århundre.

Pianist Sara Aimée Smiseth vart ferdig med sin master i soloutøving frå Norges musikkhøgskole i 2013. Sidan då har ho utmerka seg med sin kombinasjon av muntleg formidling og briljant klaverspel. Til dagleg jobbar ho som frilanspianist og som formidlar og pianist i Den Norske Opera & Ballett. Der har ho mellom anna introduksjonar til framsyningar, omvisingar, og spelar ved pedagogiske opplegg for barn.

Førre konsertkåseri Smiseth presenterte var med Halfdan Kjerulfs 200-årsdag som tema (hausten 2015). I tillegg til fleire konsertar, mellom anna i Operaen, var ho hovudgjest i P2-programmet Spillerom si markering av jubileet.

Konserten vert også spela:

Blaafarveværket, søndag 15. mai kl. 14

Røyken kirke, onsdag 25. mai kl. 20

Gjøvik kirke, laurdag 9. juli kl. 12

sjå facebook

Foto og grafisk design: Blunderbuss v/ Anna-Julia Granberg

 

Det norske jentekor

Med Studiokoret og Rekruttgruppa

Dirigent: Anne Karin Sundal-Asl

Piano: Jan Fredrik Heyerdahl

Kulturkveld

BUL og Nynorskens hus vil skape møter mellom folk og kunst- og kulturuttrykk. På tverrs av generasjonar og bakgrunn. Denne staden skal vere ein Heim for inflyttarar. Vi ønskjer velkommen inn.

 

Frå pressekonferansen 15.2 Nils Gaup med ny film om Aksel Waldemar Johannessen

Frå pressekonferansen

Tre dagar etter premieren på filmen “Birkebeinerne” presenterte regissør Nils Gaup det neste filmprosjektet sitt; forteljinga om Aksel Waldemar Johannessen

Øvrige deltakarar  Morten Krogvold, Haakon Mehren, Tor Obrestad, Øyvind Storm Bjerke presentert  dramaet frå norsk kulturhistorie som dannar bakteppet for Nils Gaup sitt neste filmprosjekt.

Høyr NRK P2 Kulturhuset frå pressekonferansen

Sjå God morgon Norge

Les omtale i

Dagbladet

Klassekampen

Dagsavisen

Les Haakon Mehren sitt innlegg

Om Aksel Waldemar Johannessen

Sjå opptak av heile pressekonferansen

KRANTZ- konsertserie// KVARTETT TIL TIDAS ENDE //

Kjære musikkvenner!

Hjarteleg velkommen til sesongavslutning hjå KRANTZ.

I kveld får du oppleve Berios Sequenza IV for solo klaver og Messiaens mektige Kvartett til tidas ende.

 

For 75 år sidan, ein kald januarkveld i 1941 i ein krigsfangeleir i Görlitz, var fleire hundre fangar og tyske offiserar samla til konsert i brakke 27. Dei tilhøyrte alle samfunnsklassar; frå bønder og arbeidarar til legar og prestar. Skadde var blitt frakta frå sjukestova og låg på bårer lengst framme. Nokon høyrte kammermusikk for første gong og ingen hadde nokon gong høyrt noko liknande det som vart spela den kvelden. Det var nemleg urframføringa av ”Kvartett til tidas ende” av Olivier Messiaen.

 

Messiaen vart tatt til fange etter Tysklands okkupasjon av Frankrike i 1940 og komponerte det meste av kvartetten i fangenskap til seg sjølv og tre medfangar. Ved hjelp av ein tysk offiser fekk Messiaen notepapir, blyant og viskelær, og det vart sørga for at han fekk vere i fred og komponere.

 

Den djupt religiøse Messiaen var inspirert av følgande tekst frå Johannes Openberring:

”Og eg såg ein annan mektig engel stige ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky, og hadde regnbogen om hovudet. Ansiktet var som sola og føtene som ildsøyler …. Engelen sette sin høgre fot på havet og den venstre på jorda .… Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, løfta si høgre hand mot himmelen og sverga ved han som lever i all æve …. : ’Tida er ute. Men når den sjuande engelen lar sin basun lyde, i dei dagar skal Guds mysterium vere fullført.’ ”

 

Han skreiv dette enorme, kjensleladde verket i åtte satsar; dei første for skapingas sju dagar, og den åttande for æva som kjem etterpå. Tonespråket er eterisk og andeleg, og dei spesielle rytmane som er lausrivne frå vanleg konvensjonell takt, understrekar opphøyret av fortid og framtid, og tar oss med ut i det uendelege.

Sjølv om Messiaen avviste at det apokalyptiske stykkets tittel var knytt fangenskapen hans, kan ein vanskeleg unngå å høyre verket utan å ha hendingane under 2. verdskrig i bakhovudet. For dei som var til stades under urframføringa, var konserten eit avbrekk frå krigens brutalitet – tida stod stille i ein liten time.

Eit slikt musikalsk avbrekk kan vere sårt tiltrengt også i vår kvardag, og verket er like overveldande og aktuelt no som den kvelden for 75 år sidan.

 

Ein annan av 1900-talets viktigaste komponistar er den italienske komponisten Luciano Berio. Hans serie med solostykke for ulike instrument, kalla Sequenza, er alle virtuose verk som utforskar instrumentas moglegheiter på uvanlege måtar. Vi startar kvelden med Sequenza IV for solo klaver spela av Anna Christensson.

 

Anders Nilsson

Som ein av Noregs fremste unge fiolinistar, har Anders allereie etablert ein solid karriere som solist, konsertmeister og ensembleleiar. Han har vore solist med alle profesjonelle orkester i Noreg. I fjor gav han saman med Sveinung Bjelland og 2L ut ei kritikarrost plate med musikk av Debussy og Ravel.

Anna Christensson er ein av Sveriges fremste pianistar i sin generasjon. Hylla i svensk og internasjonal presse for sine mange soloutgjevingar, har ho etablert seg som ein av dei mest spennande og markante pianistane med eit enormt sjangerspenn og integritet i si utøvande verksemd.

Torun Sæter Stavseng er ein cellist med brei musikalsk tilnærming og er ein av initiativtakarane bak KRANTZ. Ho er grunnleggar og medlem av fleire kammerensemble; TrioTaus, Cikada, Tre Voci og Duo TÖ. Sidan 2016 er Torun  solocellist i eit av Englands mest dynamiske kammerorkester; Aurora Orchestra London.

Pierre Xhonneux har sidan studier i Belgia og Frankrike etablert seg som ein av Europas leiande unge klarinettistar og har mottatt ei rekke internasjonale prisar og utmerkingar for sitt spel. Pierre har ei brei musikalsk tilnærming og spelar i fleire kammerensemble; ClariNord, I Solisti del Vento og Oslo Kammerakademi. Sidan 2015 er Pierre tilsett som klarinettist i Oslo Filharmoniske Orkester.

 

Som vanleg er KRANTZ ei nær og unik konsertoppleving i Oslos beste kammermusikksal; Teatersalen i Nynorskens Hus.

Du er hjarteleg velkommen!

 

  Les om KRANTZ

Torun Stavseng og Mathias Halvorsen er kunstnariske leiarar for serien.

sjå omtale av KRANTZ i magasinet Klassisk side40 side41