Platelansering «Kom Regn» med Kvindelige Studenters Sangforening

Kvindelige Studenters Sangforening er aktuelle med nytt album! Utgjevinga heiter «Kom Regn» og er deira 4. plate og 3. utgjeving på Lawo Classics. Dette albumet inneheld musikk av komponistar som Fartein Valen, Arne Nordheim, Egil Hovland, Bjørn Kruse og Knut Nystedt.

Dei ynskjer å feire denne dagen med deg, og held difor lanseringskonsert. Her skal dei framføre eit utdrag frå plata, og det vert sjølvsagt sal av den nye CD-en deira. I tillegg skal dei framføre noko av repertoaret dei tek med seg på konkurranse i Spania veka etter.

Dirigent: Marit Tøndel Bodsberg

Hjarteleg velkomen!

 

For meir informasjon, kan du sjå:

Facebook-hending
Nettside

Mozart på 123 – BALL

På vårt forrykande BALL møtest Mozart og norsk folkekultur. Her kjem Storbygard, Oslo Camerata, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester, Leikarringen i BUL og Songlaget i BUL og Blåne.

Det blir levande musikk, dans, pudder og vakre klede. Du kan oppleve Nattas dronning og Fanitullen og får servert punsj, kaffi, kaker og spekemat.

Ballet blir leia av danse- og spelemeister Vegar Vårdal, scenekunstnar Erlend Samnøen, dirigent og musikar Arvid Engegård, musikar Juliet Jopling, musikar Bjørn Kåre Odde, dirigent Liv Ulvik og Liv Hege Skagestad.

På dette ballet er det inga aldersgrense og det er ope for alle som ynskjer å oppleva eit ekte tradisjonelt ball.

 

Dette arrangementet er ein del av festivalen «Mozart på 123» – arrangert av Engegårdkvartetten og Nynorskens hus med vener. For informasjon om alle arrangementa og festivalpass, kan du sjå www.mozart123.no.

 

For meir informasjon:

Facebook-hending
Heimeside
Mozart-festival – Nynorskens hus
TicketCo

Oslo Early: ROBERT + CLARA = SANT

Dette unike konsertføredraget frå Noregs nye hammarklaverstjerne Christina Kobb tek føre seg den gryande kjærleik og musikalske kommunikasjon mellom Clara og Robert Schumann. Ettersom far til Clara, Friedrick Wieck, var sterkt imot deira ekteskapsplanar, var kommunikasjonen i fleire år avgrensa til utveksling av komposisjonar og brev som blei smugla ut via hushjelpa. Nokre av desse breva mellom Robert og Clara blir lese mellom dei pianistiske kjærleikserklæringane.

 

Program:
Franz Liszt (1811–86)/Robert Schumann (1810–56): Liebeslied,
S566/R53, «Widmung». Liszts arrangement (1848) av den fyrste
lieden i Schumann’s op. 25, Myrthen

Clara Wieck (1819–96): Scherzo no. 1, d-moll, op. 10 (1838)

Clara Wieck: Quatre Pièces caractéristiques, op. 5 (1835–36)
III Romance
IV Scene Fantastique: Le Ballet des Revenants

Robert Schumann: Sonate nr. 1, op. 11, fiss-moll (1833–35)
Clara zugeeignet von Florestan und Eusebius
Introduzione. Un poco Adagio – Allegro vivace
Aria
Scherzo e Intermezzo. Allegrissimo
Finale. Allegro un poco maestoso

 

For meir informasjon, kan du sjå
Facebook
Oslo Early

Oslo Early: Barokkanerne og Ingeborg Christophersen: RECORDARE VENEZIA

EI FLYTANDE VERD

Barokkanerne og blokkfløytevirtuosen Ingeborg Christophersen tek oss med til Venezia, perla i Adriaterhavet, som i over tusen år var ein av verdas rikaste maktbastionar.

Med utgangspunkt i blokkfløyta, dveler konserten ved musikk frå sjørepublikken dei siste 200 åra med komponistar som Bassano, Castello, Galuppi, Legrenzi, Marini, Uccellini og spesielt Vivaldi. Sistnemnte sine halsbrekkande konsertar for flautino er noko av det ypparlegaste som nokosinne er skrive for blokkfløyte og representerer på ein strålande måte venetiansk prestezza, der skapingsprosessen var prega av eit uhorveleg arbeidstempo kombinert med suveren, uanstrengt formbevisstheit.

 

Program

Antonio Vivaldi (1675–1741) «Concert per Flautino» i C-dur (RV444) Allegro non molto, Largo, Allegro molto
Giovanni Legrenzi (1626–1690) Sonata seconda a 4, frå La Cetra, opus 10 (Venezia, 1673)
Giovanni Bassano (1560/61–1617) Pulchra es amica mea (diminusjonar over Palestrinas motett) (Venezia, 1591)
Dario Castello (1621–1658) Sonate 10 frå bok to for to fiolinar og continuo (Venezia, 1629)
Biagio Marini (1594–1663) Passacaglia i g-moll frå opus 22 (Venezia, 1655)
Marco Uccellini (omlag 1603–1680) Aria Quinta sopra la Bergamasca (Venezia 1642)
Baldassare Galuppi (1706–1785) Concerto a quattro nr. 1 Grave e adagio, Spiritoso, Allegro
Antonio Vivaldi (1675–1741) Concerto del Gardellino (RV 90) Allegro, Largo, Allegro

Fiolin: Huw Daniel og Jesenka Balic Zunic
Bratsj: Mari Giske
Cello: Gunnar Hauge
Lutt: Jadran Duncumb
Cembalo: Christian Kjos

 

For meir informasjon:

Facebook-hending

OsloEarly
Barokkanerne

Fortellevill – Opp frå havet

Har du nokon gong gått langs ei bryggje på ein solrik sommardag? Har du sett kor fint det kan vere når havet glitrar, og bølgjene rullar inn mot land? Og mens du går der og kjenner den varme vinden i ansiktet, så dukkar det kanskje opp noko skinnande ute i bølgjene, noko fargerikt! Og høyr, det syng! Og kanskje det snakkar?
Her får du høyre kva som kan skje når vi fiskar opp både det eine og det andre frå havet, noko stort, noko lite, noko som viser seg å vere noko heilt anna enn det du trudde.

Fortellevill består av felespelarane Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden og forteljar Anette Sandvær. Saman leiker dei seg med ord og tonar, og fortel både tøysete, tullete, spennande og akkurat passeleg alvorlege historier.

Anette Sandvær – forteljar
Jon Brodal – hardingfele
Tuva Færden – hardingfele
Dominic Kelly – regissør

Framsyninga er hovudsakleg for inviterte skuleklassar, men er også open for andre. Målgruppa er born frå 5 år og oppover. Det kostar kr. 50 som du kan betala med VIPPS eller kontant i døra.

Den fri kjærlighets by av Edvard Munch

Stykket «Den fri kjærlighets by» (1904) er ein satire over Kristiania-bohemen, skrive av Edvard Munch i ein turbulent periode av livet hans, der idealet om fri kjærleik blir sett på dagsorden. Oppsetjinga har eit ekspresjonistisk og fargerikt visuelt språk, som understrekar den absurde og fragmentariske handlinga i Munch sin tekst.

Hovudpersonen i teksten, Songaren, er ein fattig kunstnar som oppsøkjer Den fri kjærlighets by på leit etter uforpliktande kjærleik og lukke. Her treff han nokre kvinner med pengar, makt og fridom, mellom andre Dollarprinsessa og Sportselskarinna som forbarmar seg over den fattige kunstnaren. Desse kvinnene er kanskje for frie – dei vil eige han. Songaren blir sjuk og klarer ikkje å elske (med) Dollarprinsessa, i tillegg vil han ikkje gifte seg med henne. Dette fører til at han blir forfølgt, ikkje berre av kvinnene, men av heile byen, politi og rettsvesen. Songaren blir fengsla og blir tiltalt for å ha forbrote seg mot kvinna og for diverse «gadeuorden». Ein disputt mellom dommarane og borgarane i byen ender med ein klar dom over den tiltalte.

Det er ei intim framsyning med levande musikk og nær kontakt mellom publikum, utøvarar og figurar.

Regi/scenografi/dokkedesign/kostyme: Tormod Lindgren
Tekst: Edvard Munch / Aina Villanger
Musikk: Rolf Gupta
Utøvarar: Gisle Hass, Christina Ørbekk Nicolaisen, Cecilie Solberg Knudsrød, Tessa Lepistö og Rolf Gupta
Regiassistent: Svein Hofset. Dokkene/figurane er laga av Tormod Lindgren assistert av Marthe Brandt

Facebook-hending

Kjøp billett via TicketCo eller betal med VIPPS i døra.

KRANTZ – Atem String Quartet

På haustens fyrste KRANTZ-konsert får vi besøk av den nyetablerte Atem String Quartet – den einaste norske kvartetten som er plukka ut til å delta på Trondheim International Chamber Music Competition i september. Atem String Quartet består av fiolinistane Maria Angelika Carlsen og Eva Stalheim, bratsjisten Marthe Husum og cellisten Frida Fredrikke Waaler Wærvågen. Kvartetten har base i Oslo og København, og dei fire musikarane har spelt saman i det prisvinnande orkesteret Ensemble Allegria i mange år. På programmet står noko av den aller beste musikken som er skrive for strykekvartett, så det er berre å gle seg!

 

Program:

Mozart strykekvartett nr.14 i G-dur

Sjostakovitsj strykekvartett nr.8 i c-moll

Brahms strykekvartett nr.2 i a-moll

 

Velkomen til konsert i Nynorskens Hus laurdag 23. september!

 

For meir informasjon om KRANTZ:

Heimeside

Facebook

 

Liggekonsert med Slagr

På liggekonsert med Slagr får du utdelt matte og teppe. Nokon set setter seg på matta og studerer musikarane, andre legg seg ned under teppet. Denne stille kveldstimen får du høyra korleis trioen Slagr langsamt, langsamt målar linjer og mønster med stryketonar frå fele, cello og glas, saman med tonedråpar frå vibrafon. Sakte, sårt, skøyrt, rått.

Å ligga ned og lytta til musikk kan gi avspenning – ein meditasjon der musikken leier oppmerksemda. Det kan også vera som ein heilt vanleg konsert, berre meir behageleg. Eller du kan tillata deg å flyta inn og ut av søvnen medan skiljet mellom draum og verksemd blir viska ut.

For å sikra at du får deg ei matte, blir du tilrådast det at du kjøper billett på førehand.

Konserten varer omlag ein time.

 

Les meir om slagr.

NÅ – Ein konsertserie av Ensemble Allegria

Musikk blir til i eit utvida NÅ  –  der komponist, utøvar og publikum møtest i augeblikket.

 

Konsertserien NÅ i Nynorskens hus gir deg kjente og store klassikarar av Tsjaikovskij, Bartôk, Strauss, Mozart og Nordheim, i tillegg til eit nytt og spennande verk av Lars Petter Hagen.

For meir informasjon:

www.ensembleallegria.com/

Ensemble Allegria på Facebook

Mozart på 123

Vi byr på tre dagar med det beste vi veit: Wolfgang Amadeus Mozart.

 

Helga 10.–12. november 2017 vil Engegårdkvartetten og Nynorskens hus skape eit møte med guten, mannen, musikaren og komponisten Wolfgang Amadeus Mozart.

Internasjonalt anerkjente klassiske musikarar møter folkemusikarar, dansarar, akademikarar og studentar på denne festivalen der Mozart blir undersøkt og formidla gjennom konsertar, tekstar, samtalar, scenekunst og dans. Under festivalen kan du oppleve nokre av Mozarts meisterverk som truleg aldri har vore framført i Noreg (KV 123 og 205) og nokre som truleg aldri har vore spela i si heilheit i Oslo (KV 334). Festivalen Mozart på 123 tar også med nokre av hans mest elska verk for kammerensemble, song, klaver og kammerorkester. Festivalen har tre hovudkonsertar, to kafékonsertar med servering og eit ball, der tradisjonane frå Mozart si tid møter norsk folkekultur.

 

Festivalens heim er Nynorsken hus, medan konserten på søndagen kl. 19 er i aulaen på UiO.

 

Få med deg heile helga med Festivalpass for berre 700 kr., eller kjøp enkeltbillettar via lenkja til høgre.

 

I følgje Aftenposten 30.08.2017 er Mozart på 123 eit av «seks klassiske høydepunkter i høst».

For fullt program, kan du sjå: mozart123.no