Julekveld av Ragnar Hovland

Det er julekvelden; men korleis kan du finne nokon å vere saman med, når du ikkje vil innrømme at du er einsam? Og kan du få noko, når du ikkje vil gje?

#effekt er ungdomsgruppa til Den mangfaldige scenen.
Framsyninga er ein del av DUS-festivalen.

Lys:
Rolf Christian Egseth

Blir også vist
21.3 og 22.3 på Dramatikkens hus
25.4 Rampelysfestivalen

 

Edda/voluspå

Høyr innslag i NRK P2 om EDDA/voluspå

Med framsyninga EDDA/voluspå tar kompaniet YMIST. for seg meisterverket Voluspå frå diktsamlinga Den eldre Edda.

Ensemblet er sett saman av utøvarar med ulik kunstnarleg og kulturell bakgrunn. I fellesskap tar dei for seg dette norrøne diktet som blir rekna som eit av den nordiske kulturkrinsen sine viktigaste og kanskje mest gåtefulle diktverk. Med utgangspunkt i kvar einskild medverkande sin bakgrunn og refleksjonar rundt diktet, lagar dei ei framsyning som fantaserer kring ein til dels gløymt mytologi.

Med fascinasjon for diktet sin eigenart blir EDDA/voluspå ei framsyning som søkjer å bli like rik og frodig som diktet sjølv. Voluspå, eller volvas spådom, er truleg skriven ned på 1200-talet og tek for seg dei norrøne mytane om verdas opphav og verdas ende.

Volva åtvarar Odin og menneska om at verda – slik dei kjenner henne – er på veg inn i eit komande kaos. Ho fortel at dei øydeleggande kreftene alt er slepte lause og at ragnarok snart vil velta over dei.

Bror skal slå bror
og verta hans bane,
systersøner
slit då slektsband,
hardt er i verda,
horskap mykje,
øksetid, sverdtid,
skjold vert kløyvde,
vindtid, vargtid,
før verda styrtar
skal ingen mann
ein annan skåna.

(Gjendikting Knut Ødegård)

Opplevinga av at ein lever i ei endetid har fasinert og skremt menneska i alle tider. Også i vår tid kan ein få kjensla av at enden er nær om mennesket ikkje tar seg i akt og endrar retning.

YMIST. ynskjer å gå inn i denne eksistensielle forvirringa, og gjer det ved hjelp av eit interdisiplinært og internasjonalt ensemble – og til dikt frå vikingtida.

Framsyninga er laga for å bli vist i tradisjonelle forsamlingshus med røter frå ungdomslagsrørsla, og vil dra nytte av dei historiske og arkitektoniske rammene desse husa gir.

Framsyninga er eit samarbeid med Nynorskens hus i Oslo.

YMIST. består av Erlend Samnøen og Morten Espeland.
Til EDDA/voluspå har dei knytt til seg utøvarane Deborah Black (USA), Yanghee Lee (Sør-Korea), Huy Le Vo (Noreg) og Judith Sleddens (Nederland).

Framsyninga blir også vist i:
Ungdomshuset Nordvang (Ål) 20. april, klokka 19.00.
Gimle (Bergen) 22. og 23. april, klokka 19.00.
Ungdomshallen (Stord) 24. og 25. april, klokka 19.00.

YMIST. vil takka Francesco Scavetta og Vitlycke Centre of Performing Arts for prøvelokaler den første delen av prøveperioden.

www.ymist.org
http://designjunta.com

Lysdesign:
Evelina Dembacke (Sverige)

Kostymedesign:
Olav Myrtvedt

Dramaturg:
Kai Johnsen

Plakatdesign:
Plakatdesign Designjunta.

 

 

Pavlovs tispe

– eit slags standupteater

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som kretsar kring hendingar i hennar eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt.

Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via formande år i Oslo, ut i verda, og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt, og om korleis verda formar identiteten din.

Velkomen til ei seriøs, sjangerleikande og morosam framsyning om utanforskapen sine konsekvensar!

Språkkonsulent: 
Ola E. Bø

Framsyninga hadde urpremiere i Nynorskens hus i Oslo 13. mars 2015

Klimafestivalen § 112

25 tekstar til Klima- og miljøminister Tine Sundtoft

4. februar møtte representantar frå Forfatternes klimaaksjon, ungdomsorganisasjonen Spire og Nynorskens hus/BUL klima- og miljøministeren for å overbringe dei to første av i alt 25 tekstar om miljø og klima.

 

Tekstane er skrivne av 11 ungdommar og 9 etablerte forfattarar under ein skrivedugnad søndag 4. januar.

Ministeren møtte:
Birgitte Brøtmet, ein av ungdommane som var med på skrivedugnaden
Torgeir Rebolledo Pedersen, forfattar av ein av tekstane
Elna Bastiansen, Harald Dean og Are Schille Schau frå Spire
Brit Bildøen og Line Baugstø frå Forfatternes klimaksjon § 112
Liv Hege Skagestad frå Nynorskens hus/BUL

 

Dette var vår opptrapping mot debatten om klimamåla som no er varsla.

I 24 dagar framover vil vi sende desse tekstane til Tine Sundtoft. Ein slags klimakalender frå 4. til 28. februar. Kvar dag sin tekst.

Andre som sit i ansvarlege posisjonar, regjeringsmedlemmer, partileiarar, andre toppleiarar vil få nokon av tekstane i kopi.

Dei første to tekstane «gjekk» vi over til klima- og miljødepartementet, og dei to forfattarane Birgitte Brøtmet og Torgeir Rebolledo Pederen las høgt frå sine bidrag for ministeren.

Tekstane vil bli publisert på Spire sin blogg etter kvart som dei har blitt sendt ministeren:http://spirebloggen.no

Dersom de ønskjer å trykke nokon av desse tekstane eller snakke med deltakarane frå skrivedugnaden, ta kontakt med Brit Bildøen (41684225) eller Liv Hege Skagestad (48099709)

Skismørjekurs

Snøen er her! Lær om preparering og smøring av ski

Onsdag 14. januar kl. 17 inviterer Idrottslaget til preparerings- og smørekurs i Teatersalen i Rosenkrantz´ gate 8.

Ole Morten Weng i langrennsgruppa, far til Heidi Weng og ekspert på skipreparering og -smøring, held ”kurs” for BUL-folk og andre interesserte. Han kjem nesten direkte frå sisteetappa i Tour de Ski der Heidi kjempar om seier! Kanskje kan vi feire ein vinnar?

Ole Morten vil lære oss korleis vi på ein enkel måte kan rense, preparere og smøre ski slik at vi kan få meir glede av skituren, anten vi er mosjonist eller konkurranseutøvar, eller om det er kald eller våt snø. Dette skjer gjennom både informasjon og praktisk demonstrasjon.

Ta gjerne med eit skipar – er du heldig får du skia preparert i løpet av kvelden! Ole Morten vil elles gi kvalifiserte råd om du har spørsmål om skiutstyr som lengde på stavar og ski, spenn, såle, struktur mv.

BUL-medlemmer og andre interesserte er velkomne!

Klimafestivalen § 112 – Aktivitetar på Kaffistova

Lærerikt og interessant program for tekstil- og strikkeinteresserte på Kaffistova

Tysdag 6. januar kl. 19.00 – (21.00), kjem Ingun Grimstad Klepp frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFA ) og E. Tone Skårdal Tobiasson, prosjektleiar for Tekstilpanelet, for åsnakke om klimatemaet:

DÅRLIGE KLÆR GIR DÅRLIG VÆR!
“Alle i Norge vet at det ikke finnes dårlig vær, bare dårlige klær, men klimautfordringene gjør at været virkelig er i ferd med å bli ikke bare dårlig, men virkelig farlig. Og hva da med klærne, hvilken rolle spiller de – og andre varer i de utfordringene vi nå står ovenfor?

I fordraget kommer vi til å argumentere mot den naive troen på ”kretsløpstankegang” som løsningen. I stedet vil vi argumentere for at gode klær er løsningen også for å unngå virkelig dårlig vær. Løsningene ligger blant annet i lokal produksjon og klær vi rekker å bli virkelig glade i før de slites ut.”

Torsdag 08. januar kl. 19.00 – (21.00), kjem Cecilie Kaurin og Linn Bryhn Jacobsen, forfattarane av den populære strikkeboka «Hønsestrikking til folket», for å halde strikkeworkshop i:

HØNSESTRIKKING!

“Hønsestrikk er en morsom måte å strikke på, og kan gjøre strikkingen bærekraftig ved at du bruker restegarn i stedet for å kjøpe nytt. Hønsestrikk kjennetegnes ved at plaggene du strikker har et budskap eller forteller en historie, som fortelles med symboler eller tekst. På
workshopen kan du få inspirasjon til å lage diagram til din helt personlige miljøgenser eller miljøskjerf.

Cecilie Kaurin og Linn Bryhn Jacobsen har laget boka «Hønsestrikk til folket». På denne workshopen vil de først fortelle litt om hønsestrikk, og hvordan de går fram for å lage diagrammer. Deretter kan deltagerne selv få prøve seg, og få tips og råd. *Ta med ruteark og fargeblyanter, og gjerne strikketøy.*”
Lørdag 10. januar kl 16.30 – (19.00), kommer kunstnerne Elisabeth Medbøe (CAN, Concerned Artists Norway) og Marthe Sveen Edvardsen (Geriljastrikking i Ekebergskogen), for å holde workshop i geriljastrikking – strikk og bli klok! – hvor vi strikker klimadragen «paragriffen»!.

GERILJASTRIKKING FOR GRUNNLOVENS §112

«Geriljastrikking for Grunnlovens § 112 “Strikk og bli klok” er en arena for å diskutere aktuelle tema relatert til klima, samfunn og vår felles framtid. “Strikketerskelen” er lav, alle kan delta på ulike vis og det blir gitt opplæring i ulike strikke og hekle teknikker til de som ønsker det. Vi skal sammen lage “Klimadragen” en drage som dukker opp for første gang under Klimafestivalen § 112 fra 30.desember 2014 til 11.januar 2015.

Hvem er Klimadragen?. Den er ikke ond som vestens drage, men vokter den på noe for oss?. Den er natur og har noe menneskelig over seg. Er den kinesiske dragen en nær slektning?. Vil vi lære å leve med dragen, ikke bekjempe den?. Vi trenger nye fortellinger om drager, eller spesifikt om Klimadragen, fortellinger som undrer, forundrer og engasjerer i vår tid.»

 

Eplemøya møter Bygdelagskoret

I januar skal Bygdelagskoret ha eit korseminar med Eplemøya songlag, og seminaret vert avslutta med ein konsert i Bygdelagssamskipnaden 11. januar. Kl. 14.00.

På konserten vert det både innslag av Eplemøya åleine, fellesnummer med koret, og berre koret. Dørene opnar 13.30, og det vert sal av kaffi og kaker i kafeen både før og etter konserten.

Eplemøya seier om seg sjølve: ”Eplemøya Songlag så dagens lys i 2006 og har siden da bemerket seg kraftig med sin unike a cappella-musikk i grenselandet mellom jazzsang og kveding. Med kombinasjonen en folkesanger og to jazzsangere og en særegne miks av norsk folkemusikk, dramatikk, vågal stemmebruk, humor og bisarre fortellinger, song Elemøya seg inn i mangt et hjerte med sitt debutalbum «Eplemøya Songlag» i 2010.”

Eplemøya songlag møter Bygdelagskoret

www.bygdelagskoret.org

http://www.eplemoya.no/

Jan-Magnus Bruheim-kveld

Målnemnda i Bondeungdomslaget og Fylkesmållaget Vikværingen

skipar til storfin kulturkveld vigd Jan-Magnus Bruheim – lyrikaren og mennesket.

Magnhild Bruheim, niese, bokskrivar og tidlegare NRK-medarbeidar kåserer.

Magnhild Bruheim

Bjørn Kåre Odde spelar slåttar frå Ottadalen, heimlandet til Bruheim.

Bjørn Kåre Odde

 

Fri inngang. Enkel servering.

Vel møtt!

Les meir om Jan-Magnus Bruheim her

Foto av Jan-Magnus Bruheim: Kristian Hosar

Pavlovs tispe

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som kretsar kring hendingar i hennar eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt.

Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via formande år i Oslo, ut i verda, og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt, og om korleis verda formar identiteten din.

Velkomen til ei seriøs, sjangerleikande og morosam framsyning om utanforskapen sine konsekvensar!