Biografiar Hav

Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland, mellom anna den internasjonale Ibsen-prisen i 2010. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart  i 1983 og har seinare markert seg både som poet, essayist og barnebokforfattar. Men internasjonalt er det først og fremst som dramatikar han er kjent. Over tretti titlar er det blitt sidan scenedebuten på Den Nationale Scene i 1993 med Og aldri skal vi skiljast i regi av Kai Johnsen. Oppsetjingar av stykke som Nokon kjem til å komme, Namnet, Draum om hausten og Ein sommars dag har gjeve Fosse eit internasjonalt gjennombrot som saknar sidestykke i samtidslitteraturen.Dei seinaste åra har dei tre forteljingane Andvake (2007), Olavs draumar (2013) og Kveldsvævd (2014) gjeve forfattarskapen hans endå ein ny dimensjon og skapt stor interesse.

Morten Espeland debuterte på Den Nationale Scene i Bergen. Han har arbeidd fleire år ved Det Norske Teatret der han mellom anna var med i Kai Johnsens oppsetjingar Vakkert og Rambuku av Jon Fosse. Espeland har blitt tildelt Heddaprisen. Dei siste åra har han hatt oppdrag ved Rogaland Teater og Nationaltheatret, seinast i rolla som Kirilov i Geir Gulliksens nyskrivne stykke Demoner 2014.

Kyrre Hellum har hatt fleire leiande roller i film, TV og teater. Hellum har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2012 der han mellom anna spelte Judas i Stein Winges storfelte oppsetjing «Bibelen» og Karl Von Moor i Jonas Corell Petersens versjon av Schillers «Røvarane». Birgitte Larsen er tilsett ved Nationaltheatret og hatt fleire større roller i teater, film og TV. Ho har mellom anna spelt Den unge kvinna i Sofia Jupithers oppsetjing Svevn av Jon Fosse.

Birgitte Larsen har blitt tildelt Heddaprisen. Hennar siste rolle var Darja i Geir Gulliksens Demoner 2014 på Nationaltheatret. Hildegun Riise er tilsett på Det Norske Teatret. Ho er kjent frå ei rekkje teater- , film- og fjernsynsproduksjonar. Ho har i ei årrekkje arbeidd med stykke og tekstar av Jon Fosse for teater, radio og TV, mellom anna ei av hovudrollene i TV-filmen Suzannah, Vakkert og Namnet på Det Norske Teatret, Nokon kjem til å komme i Radioteatret og kortfilmen Husa i ein by, bygd over Fossetekstar. Hildegun Riise har blitt tildelt filmens Amandapris og teaterets Heddapris for rolletolkingane sine.

Øystein Røger har brei erfaring frå ulike teater, film og fjernsyn og har sidan 1993 vore tilsett ved Nationaltheatret der han har spelt leiande roller i teatrets mange Fosse-framsyningar, som t.d. Barnet i regi av Kai Johnsen, Vinter i regi av Oskaras Korsunovas og i Radioteatrets Nokon kjem til å komme. Han har òg gjort eigne opplesingsprogram med Jon Fosses dikt og forteljingar. Røger har blitt tildelt Heddaprisen og Kritikarprisen.  Ein av dei siste rollene hans er Peer Gynt i Korsunovas’ oppsetjing på Torshovteatret.

Svein Tindberg har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1973, men har òg vore lengre periodar ved Nationaltheatret og Trøndelag Teater. I samarbeid med folkemusikaren Benedicte Maurseth og regissør Kjetil Bang- Hansen gjorde han på DNT ei dramatisering av Jon Fosses roman Andvake i 2009. Svein Tindberg er òg kjend for soloframsyningane Evangeliet etter Markus, som han fekk Kritikarprisen for, Apostlenes Gjerninger og no sist Abrahams Barn, som i 2012 fekk Heddaprisen for Årets framsyning.

Kai Johnsen er regissør, dramaturg og prosjektutviklar. Han debuterte ved Den Nationale Scene i 1989 og har seinare regissert ved dei fleste leiande norske teatra og ved fleire framståande utanlandske scenar. Han er velkjend for samarbeidet med Jon Fosse heilt sidan Fosse debuterte som dramatikar på DNS i 1994 med Og aldri skal vi skiljast. Han har òg hatt viktige kunstnarlege stillingar m.a. i Norsk kulturråd og ved Dramatikkens hus.

Ingrid Tønder er scenograf, lys- og kostymedesignar og har hatt oppdrag for fleire av dei leiande teatra her i landet, mellom anna Lulu,  Jeanne d’Arc, Frøken Julie, Maria Stuart og Byggmester Solness på Nationaltheatret, Frank, Skråninga, og Bikubesong på Det Norske Teatret. Dei siste åra har ho òg arbeidd ein del med opera. For scenografi, kostyme og lys til Den Arabiske Natta  (Det Norske Teatret), fekk ho  Heddaprisen (2007).

Klaus Kottmann har vore knytt til Nationaltheatret i fleire år som lys- og projeksjonsdesignar. Han har spesialisert seg på større og komplekse projeksjonsoppsetjingar til teater, installasjonar og andre sceniske produksjonar, som t.d. fasadeprojeksjon på Kongsberg Kirke (Glogerfestspillene), 3D-projeksjonar til ”A tribute to the Heroes” (Den Norske Opera) og Lulu (Nationaltheatret).

Ola E. Bø har sidan 1990 vor tilsett som dramaturg, omsetjar og språkkonsulent ved Det Norske Teatret og har i den samanhengen teke del i fleire oppsetjingar av Jon Fosses stykke og omsetjingar. Han har bakgrunn som kulturjournalist i NRK og sat i to periodar som leiar for Kulturrådets scenekunstutval.

Liv Hege Skagestad er utviklingsansvarleg for Nynorskens hus i Bondeungdomslaget i Oslo og leiar av Den mangfaldige scenen AS, eit fleirkulturelt scenekunstprosjekt for barn og unge som dyrkar møte mellom ulike kulturuttrykk. Ho har hatt fleire leiande stillingar i statsforvaltninga innan kultur- og miljøfeltet.