Melding om coronaviruset / COVID-19

Frå veke 14 kjem Nynorskens hus til å ha avgrensa kapasitet inntil vidare og vil ikkje kunne nåast alle vekedagar. For å kome i kontakt med oss er det best å sende ein e-post til lagskontor@bul.no.

Alle særlag i BUL har no pausa all lagsaktivitet på ubestemt tid. Vi kjem med meir informasjon fortløpande.


Utsette hendingar:

Årsmøte BUL 18. mars: Utsett til 17.06.

PELI POIKKI – SKOGFINNANE KJEM 21. mars: Utsett til 24.10.

Boklansering og samtale 25. mars: Utsett. Vi kjem tilbake med ny dato.

Sentrumsløpet: Utsett til 10. oktober. Sjå melding på Sentrumsløpet si heimside.

 

Vi følgjer med på utviklinga av coronaviruset (COVID-19) og råda gitt av norske myndigheiter og Folkehelseinstituttet.

12.03.2020 blei det innført forbod mot alle kultur- og idrettsarrangement. Nynorskens hus kjem til å overhalde desse reglane og håpar slik å kunne bidra til å minske spreiinga av Koronaviruset.

Vi rådar alle leigetakarar og faste grupper til å rette seg etter anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og følgje med på fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.

 

Arrangement og samlingar

Råd og informasjon til risikogrupper

Sist oppdatert 26.03.20 kl. 15.00.