Freiraum – Goethe-instituttet

Ein av dei mest kjente teaterregissørane i Europa, Jan Bosse frå Tyskland, regisserer stykket som blir ein improvisasjon heilt utanom det vanlege: «Allied Aliens» – der skodespelar Modou Gueye frå Senegal som bur i Milano og kollegaen Camara Joof frå Oslo, som har bakgrunn frå Ghana, kommuniserer på scenen om det å vere framand. Er det annleis å vere framand i Milano enn i Oslo?

Stykket blir arrangert som ein del av Goethe-Instituttet sitt prosjekt «Freiraum». Prosjektet skal undersøkje korleis det står til med fridomen i dei europeiske byane. Kva spørsmål oppstår når borgarar, forskarar og kulturarbeidarar tenkjer over omgrepet «fridom» på ein bestemt stad? Kva problem blir tydelege i ein by?

 

Regi: Emilie K. Beck
Produsent: Synne Seltveit
Foto: Jon-Andrè Hakvåg
Assistent: Mirjam Thorkelsdottir
Klipp: Morten Haslerud
Colorist: Jens Peder Hertzberg

Workshop-deltakarar:
Chro Borhan
Elisabeth Thorsen
Jutta Martha Beiner
Jørgen Lorentzen
Martin Bach
Mina Adampour
Nefise Özkal Lorentzen

Redaktør: Jutta Martha Beiner

Les meir om prosjektet Freiraum: https://www.goethe.de/prj/fre/en/proj.html

Gratis inngang.

 

Beethoven på 123

Tusen takk til alle som kom på Beethoven på 123! Vi legg ut bilete frå festivalen om kort tid!

 

 

Programmet:

FREDAG 16. NOVEMBER 2018

19.00–21.00 Opningsfestkonsert

Adagio – Scherzo Molto frå Stryketrio Opus 8 «Serenade» med Torje Gunvaldsen Råbu, Hjalmar Bjerner og Torjus Bjorå frå Nordberg Strykeorkester

Frå Sonett nr. 7 med Jeaninne Lukusa

Song Opus 46 «Adelaide» med Thorbjørn Gulbrandsøy og Tor Espen Aspaas

Strykekvartett Opus 18 nr. 1 i F-dur med Engegårdkvartetten

PAUSE

Klaversonate Opus 110 i Ass-dur med Georgy Tchaidze

Klavertrio Opus 71 nr. 1 i D-dur «Spøkelsestrioen» med Silke Avenhaus, Marianne Thorsen og Øystein Sonstad

LAURDAG 17. NOVEMBER 2018

12.00–13.15 LAURDAGS-KAFÉKONSERT: Beethoven improvisert

Andante Scherzoso quasi Allegretto frå Opus 18 nr. 4 med Nordberg Strykeorkester leia av Øyvind Bjorå

Utdrag frå Opus Wo045 «12 variasjonar på Händels Judas Maccabeus» med Owen Sørbye Davis og Georgy Tchaidze

‘Quasi una fantasia’… Beethovens improvisasjonskunst!  Klaversonate Opus 77 «Fantasia» med Tor Espen Aspaas

 

15.00–16.30 Heiligenstadt Testamentet

Adagio Sostenuto – Presto frå Opus 47 «Kreutzersonaten» med Silke Avenhaus og Arvid Engegård

Lesing frå Heiligenstadt Testamentet med Juliet Jopling og Tor Espen Aspaas

Klaversonate Opus 109 i E-dur med Georgy Tchaidze

PAUSE

Strykekvartett Opus 95 i f-moll «Serioso» med Engegårdkvartetten

 

19.00–21.30 Til Gleda – Fest med Beethoven

Heiliger Dankgesang frå Strykekvartett Opus 132 i a-moll med Engegårdkvartetten

Songsyklus Opus 52 med Thorbjørn Gulbrandsøy og Tor Espen Aspaas

Folkedans, lyrikk og song i ånda «Til Gleda» frå Opus 125, 9. symfoni med Shwan Wahed, Vegar Vårdal, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester og andre musikarar på festivalen

 

SØNDAG 18. NOVEMBER 2018

12.00–13.15 Søndags-kafékonsert: Skugge

Wo046, 7 variasjonar på «Bei Männern, welche Liebe Fühlen» frå Mozarts Tryllefløyte med Øystein Sonstad og Silke Avenhaus

Opus 24  i F-dur «Vårsonaten» med Marianne Thorsen og Georgy Tchaidze

Månen er åleine med Den mangfaldige scenen

Allegro frå Opus 67 «Skjebnesymfonien» med Nordberg Strykeorkester leia av Juliet Jopling

 

15.00–16.40 Beethoven og Erkehertugen

Romanse Opus 50 i F-dur med Øyvind Bjorå og Tor Espen Aspaas

Klavertrio Opus 97 i B-dur «Erkehertugtrioen» med Georgy Tchaidze, Marianne Thorsen og Øystein Sonstad

19.00–21.00 An die ferne geliebte

Sonette nr. 7 «Immortal beloved» med Jeaninne Lukusa

Sonate Opus 57 i f-moll «Appassionata» med Tor Espen Aspaas

Songsyklus Opus 98 «An die ferne geliebte» med Thorbjørn Gulbrandsøy og Silke Avenhaus

PAUSE

Strykekvartett Opus 130 i B-dur med Engegårdkvartetten

Fortellevill – Opp frå havet

I samband med eit prosjekt me kallar «Ein dag I Nynorskens hus», vil me invitera barneskuleelevar til å koma og sjå framsyninga «Opp frå Havet». Dersom du er interessert i å koma med klassen din, kan du ta kontakt med Liv Hege Skagestad (liv.hege@mangfaldige.no).

_________

Har du nokon gong gått langs ei bryggje på ein solrik sommardag? Har du sett kor fint det kan vere når havet glitrar, og bølgjene rullar inn mot land? Og mens du går der og kjenner den varme vinden i ansiktet, så dukkar det kanskje opp noko skinnande ute i bølgjene, noko fargerikt! Og høyr, det syng! Og kanskje det snakkar?
Her får du høyre kva som kan skje når vi fiskar opp både det eine og det andre frå havet, noko stort, noko lite, noko som viser seg å vere noko heilt anna enn det du trudde.

Fortellevill består av felespelarane Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden og forteljar Anette Sandvær. Saman leiker dei seg med ord og tonar, og fortel både tøysete, tullete, spennande og akkurat passeleg alvorlege historier.

Anette Sandvær – forteljar
Jon Brodal – hardingfele
Tuva Færden – hardingfele
Dominic Kelly – regissør

Framsyninga er hovudsakleg for inviterte skuleklassar, men er også open for andre. Målgruppa er born frå 5 år og oppover. Det kostar kr. 50 som du kan betala med VIPPS eller kontant i døra.

Lilla av Jon Fosse

Den mangfaldige scenen presenterer «Lilla» av Jon Fosse

I samband med eit prosjekt me kallar «Ein dag I Nynorskens hus», vil me invitera ungdomskuleklassar til å koma og sjå framsyninga «Lilla» av Jon Fosse. Dersom du er interessert i å koma med klassen din, kan du ta kontakt med Liv Hege Skagestad (liv.hege@mangfaldige.no)

______________

 

I eit lite øvingslokale, kaldt, mørkt og utan vindauge, har fire gutar stabla på beina ein draum om at noko stort skal hende. No har dei spela så lenge at spelejobbar og fans endeleg ser ut til å vere innanfor rekkevidde, men så ein dag kjem det uventa besøk … Det som såg ut til å vere det beste i livet, blir med eitt det verste …

I rollene:

Guten: Michael Rajaji
Jenta: Ane Ranes
Trommeslagaren: Jacob Nasseri
Bassisten: Henrik Smedal Olsen
Vokalisten: William Roberts

Regi: Anders Nordhammer
Regiassistent: Marianne Ek Hagen

 

Skatten på Sjørøvarøya

Kast loss, set sjøbein og bli med på jakta på kapteins Flints skatt!

Vel møtt når Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo viser Skatten på Sjørøvarøya- ein familiemusikal bygd på på Robert Louis Stevenson sin klassikar.

Jenny Hawkins arbeider på eit vertshus og drøymer om å sjå verda utanfor Bristol når ho blir vaksen. Ein kveld dukkar sjørøvarar opp på jakt etter eit gamalt kart som skal vise vegen til ein sagnomsust skatt. Jenny endar opp med kartet og med hjelp frå doktor Livesey og godseigar Trelawney samlar dei eit mannskap for å finne den gjøymde formua. Men kan dei eigentleg stole på mannskapet? Og kven er eigentleg kokka Silver?

Teaterlaget  lovar song, mystikk, humor og ikkje så reint lite action når vi starter jakta på skatten laurdag 19. mai!

Skatten på Sjørøvarøya er ei familieframsyning som passar for barn frå omlag 7 år.

Regi: Fredrik Elfstrand
Musikar: Kjell Inge Kamsvåg

Billettprisar:
Vaksne: 160 kroner
Barn/student/honnør: 80 kroner
BUL- medlem: 100 kroner