Teaterlaget i BUL framsyning 3. – 8. juni

Kuler i solnedgang

Ein stad på det nordamerikanske kontinentet, ein gong på 1800-talet: I Golden Saloon går livet sin vande gang. Gledespiker blir kjøpt, whisky blir drukke og poker blir spela. Så, ut av ingenting dukkar eit spøkelse frå fortida opp. Er den 19-årige Jim Reed den helten som rei ut frå byen for 18 år sidan, eller er han berre ein gutunge som er sendt ut for å bli ein mann?

Teaterlaget syner 3.- 8. juni westernmusikalen Kuler i Solnedgang av Klaus Hagerup.
Musikk av Egil Kapstad
Regi: Truls Toftnes
Musikar: Kjell Inge Kamsvåg

Bilettprisar:
Vaksne: 150 kroner
Barn/student/honnør: 75 kroner
BUL- medlem: 100 kroner

 

Reiss alene

Ein solocabaret med over- og undertonar. 

«Reiss alene» er ei humoristisk, men også tankevekkande framsyning om livet som musikar, kunsten og ein musikars forhold til instrumentet sitt. Georg Reiss framfører eigne tekstar og spelar klarinett. Han tar på sin måte arven opp etter grandtanta si, cabaretkunstnaren Elisabeth Reiss.

Ståle Ytterli er regissør for framsyninga.

Georg Reiss (f. 1956) vert rekna som ein av Noregs breiaste klarinettistar. Han er klassisk utdanna, men er like mykje ein jazzmusikar eller utøvar av all verdas folkemusikk så sant musikken kan spelast på klarinett. Han har levd som frilansmusikar sidan han gjekk ut av Norges musikkhøgskole i 1982, og det er i seg sjølv ein prestasjon.

Du kan oppleve Georg Reiss i såpass ulike samanhengar som Magnolia Jazzband, Gjertruds Sigøynerorkester, Streif, SyrinEnsemblet, Ophelia Orchestra, bryllaupet til dotter di eller di eiga gravferd. Det er dette mangfaldige musikarlivet han reflekterer over i «Reiss alene».

På 50-årsdagen sin heldt han jubileumskonsert for eit utseld Oslo Konserthus. 60-årsdagen vert feira med solocabareten «Reiss alene» i Teatersalen i Nynorskens hus.

Foto: L-P Lorentzen