Tor Jonsson – Berre kjærleik og død

Forestillingen er et nydelig stykke teaterkunst

VG

Tragisk skjebnefortelling i enkel og medrivende teatralsk innpakning

Aftenposten
Sprell levende, dramatisk og lyrisk forestilling om en kunstners krise, om dødens alvor og livets muligheter
Adresseavisen

I høve 100-årsmarkeringa for diktaren Tor Jonsson spelar vi framsyninga Berre kjærleik og død, av Ingar Sletten Kolloen, som også har skrive biografien om den folkekjære lyrikaren frå Lom i Gudbrandsdalen.

Teaterstykket fortel om ei meir ukjend side ved livet hans. I 1950 innleidde han eit forhold til journalisten Ruth Alvsen, berre eit halvår seinare, 35 år gamal, tok han sitt eige liv.

I stykket forsøker Ruth Alvsen å finne svar på kvifor det gjekk som det gjorde. Ho leitar i papira han etterlet seg og i eigne minne. Kvifor tok han sitt eget liv? Kunne nokon ha hindra det?

Tor Jonsson

Diktaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp under vanskelege og fattigslege kår på ein husmannsplass i Lom og var heilt frå barndommen merkt av bitre barndomsopplevingar frå den sterkt klassedelte heimbygda. Kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet er da også eit viktig tema i diktinga hans. Omgrepet Bygdedyret kjem frå hans kvasse penn, men han har òg skrive nokre av våre vakraste kjærleiksdikt. I heile sitt vaksne liv sleit han med rus og depresjonar, sjølv om han opplevde stor framgang og anerkjenning som forfattar. Viktige utgjevingar kom posthumt, han fekk også Kritikarprisen fem år etter at han døydde.

Framsyninga er opphavleg produsert av Trøndelag Teater. Gjestespelet blir tatt imot i samarbeid med Det Norske Teatret og Tor Jonsson-laget.

MED

Ruth Alvsen: Wenche Strømdahl
Forteljaren: Hallbjørn Rønning