Slagr- liggekonsert

Slagr held fram med liggekonsertar på Nynorskens hus. Å ligge uforstyrra under eit mjukt teppe ein stad mellom svevn og vaken tilstand medan langsom, skjør musikk faldar seg ut, kan du oppleve to onsdagar i vår: 25. januar og 1. mars. Hald av datoane for unike opplevingar!

Musikken til Slagr – for cello, hardingfele, vibrafon og glas – rører seg stille avstad i grenseland mellom fleire sjangrar. Vi kallar det akustisk ambient, eller meditativ kammerfolkemusikk. Å ligge ned og lytte til musikk kan gi djup avspenning, ein slags meditasjon der musikken leiar merksemda. Det kan også vere som ein helt vanleg konsert, berre meir behageleg. Eller du kan tillate deg å flyte inn og ut av søvnen medan skillet mellom draum og verkelegheit vert viska ut.

Slagr har lang erfaring med å spele liggekonsertar. På heimesidene våre kan du blant anna sjå oss spele i sengeavdelinga på Ikea! Alle som kjem på liggekonsertane får utdelt pledd og liggeunderlag.

 

Onsdag 14. oktober – kl. 20.00

Onsdag 25. november – kl. 20.00

 

Konsertane varer omtrent ein time. Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8

Inngang kr. 150,-

 

Du kan førehandsbestille billettar her: www.slagr.com/liggekonsert

Datoar
25. januar 2017
Kl.20.00
1. mars 2017
Kl.20.00
Nynorskens hus
Pris
150

Følg oss på sosiale media