SIGD – ein poetisk konsert

Med Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing)

den eine / etter den andre / vil bryne seg på / framandbjørnen / sjur i oppetun / lars i utetun /hans i midttun / dei gjev seg i kast / bryt og bender

Konserten er basert på diktsamlinga av Ruth Lillegraven.

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren – og fedrane før han. Som ung mann treff han Abelone, giftar seg med henne og overtek garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og lyt selje garden. Kven er han no? Og kva skal han leve for? Det er då bøkene kjem til han frå andre sida av havet, og tek han med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth er ein folkemusikar som i mange år har bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

Ruth Lillegravens diktbok Sigd fra 2016 ble trukket fram i årets beste bøker-kåringer i VG, Dagbladet og Dagsavisen. 

Kristian Wikborg Wiese i Dagsavisen skrev følgende om boka: «Vakkert og lyrisk, enkelt og likevel komplekst om et liv slik det kan ha artet seg. Lillegraven skriver fram bygda og naturen på en så levende måte at man nærmest lukter gress og løv, kjenner varmen fra sola og hører snøen som legger seg på tunet.»

Guri Hjeltnes i VG: «En vakker diktsamling med korte, bratte verselinjer nedover og oppover idene bringer leseren fremover i det vestlandske landskapet, i en familiesaga som strekker seg bakover og fremover. Elegant».  

Maya Troberg Djuve i Dagbladet: «Et bevegende, klart og klanglig livsløpsdikt om odelsgutten Endres liv på 1800-tallet, formidlet med overveldende følsomhet og gehør for menneske og natur.»

 

Sindre Ekrheim i Dag og Tid: «Gjennom å byte synsvinklar, by på ei variert typografisk utforming, ved å veksle mellom rytmiske diktsekvensar og prosastykke der indre monologar vert presenterte, lagar Lillegraven ein mangslungen mosaikk der natur, historie og livssoge vert vovne saman. … Også denne diktsamlinga, som toppar statistikken over selde lyrikkbøker, viser kvaliteten i forfattarskapet hennar» 

Silje Stavrum i BT: “Fortjener en fullsatt bybane av lesere […] Så klanglig, så godt orkestrert, og så vakkert at den oppleves som helstøpt.” 

Wærp i Aftenposten: «[…]Dette gjør boken til lett og varierende lesning, lett da i ordets beste betydning. Det er rytmen og klangen som er Lillegravens styrke, i tillegg til det episke drivet. Av og til kan det minne om Aslaug Vaas dikt fra Telemark, som når bygdefolket hos Lillegraven går i møte med en russisk brunbjørn som kommer med omvandrende tivolikarer: